fredag 25. august 2017

Nåde


12.s. i treeiningstida. 27.08.2017
Biskopshavn. Reformasjonsmarkering. Tema: «Nåde»
Preiketekst: Ef. 2,1-10

Nåde.
Kanskje er det dette vesle ordet som meir enn dei fleste andre små ord på fire bokstavar har forma oss? Forma kyrkja vår. Nasjonen vår. Trua vår. Livet vårt.
Grunnen til at det er råd å påstå noko slikt, er at dette ordet var så fullstendig avgjerande for at Martin Luther for 500 år sidan kom inn på sporet av det som førte til reformasjonen av den katolske kyrkja, og etter kvart til at den lutherske kyrkja stod fram.
Same kva vi måtte meine om kristen tru og den kristne kyrkja, eller heilt spesifikt om vår norske kyrkje anno 2017, så skal det godt gjerast å fornekte at Martin Luther har hatt meir å bety for utviklinga av landet vårt enn nokon annan enkelt person vi kjenner frå historia.
Her og no er det ikkje tid for å argumentere for den påstanden, men eg har vanskeleg for å tenkje meg at nokon på truverdig vis vil kunne motbevise det.
Her og no kan vi heller ikkje repetere biografien om Martin Luther. Til det treng vi dagar og veker, og ikkje nokre få minuttar.
Her vi må minne om at han for 500 år sidan var inne i ein voldsom indre kamp. Ei fortvila lengting etter å finne ut av sitt forhold til Gud. «Kan det finnast ein nådig Gud?»
Det var dette som storma inne i den fromme munken. Han som brukte døgnet rundt til å be og å lese og å gjere gjerningar som han hadde fått vite måtte utførast for at Gud skulle sjå med blide auge på livet hans. Han låg på kne i timevis og skurte steingolva i klosteret så fingrar og knær draup av blod. Han reiste til Roma og kjøpte avlatsbrev før han sleit seg på kne opp den lange og bratte og steinete spansketrappa mens han bad og ropa til Gud.
Men han fann ikkje fred. Han fann ikkje den nådige Gud i alt dette strevet. I alle desse gjerningane.
Det var ved å studere Bibelen at lyset gjekk opp for han. Og det var ved å dele dei bibelske oppdagingane sine at kyrkja vart snudd på hovudet. Tyskland vart endevendt. Europa stod i ein ideologisk brann som omforma Tyskland, Danmark, Sverige og Norge for alltid.
Og i dag minnest vi dette over heile landet vårt. 500 år etter. Her i Biskopshavn løftar vi ordet frå reformasjonen fram på nytt. Nåde
Kva betyr dette ordet for oss som lever 500 år etter Martin Luther?
Eg vil seie litt om kva det betyr for meg.
For eg kan ikkje gjere anna enn å klamre meg til nåden. Som menneske og som prest er eg fullstendig avhengig av at Gud ser på meg med nådige auge. For om han såg på meg og skulle bedømme meg ut frå mine tankar ord og gjerningar, då var eg ingen ting verd.
Eg veit om meg sjølv at eg som menneske er verdifull. Slik alle menneske er verdifulle. Men eg veit også at eg har gjort meg sjølv uverdig. Uverdig til å fortene nåde.
Vi har lese likninga om den bortkomne sonen i dag. Og om den heimeverande sonen. Begge hadde gjort seg uverdige til å fortene farens nådige kjærleik.
Eg kjenner meg igjen i dei begge. Eg veit at eg treng ein far i himmelen som står og speidar etter meg. Som inviter meg inn til glede og fest. Slik er nåden. Ufortent. Den klamrar eg meg til, for eg trur eg har fått nåde. Eg trur at eg får nåde. Ufortent.
Eg står her og ser på dykk som har bore eit barn til dåpen i dag. Eg ser dette vesle hjelpelause barnet. Eg har sett det same mange gonger før, og vi veit alle korleis eit slikt lite barn, ufortent og av rein kjærleik vert løfta opp, skifta på, vaska og mata av mor eller far. Og det gjer dei på ein aldeles sjølvsagt måte med eitt einaste utgangspunkt: Ein kjærleik til barnet som er bortanfor ord.
I denne foreldrekjærleiken kjenner eg att Far i himmelen sin nådige kjærleik til meg.I foreldrekjærleik kjenner eg att alt dette eg sjølv er avhengig av i mitt forhold til Gud: Reinsing og oppreising. Eit barn må få bleie. Det må matast, om att og om att. Eit litt større barn fell på grusen og treng trøyst, tåretørking og plaster. Blod må tørkast frå eit lite sår. Gråt skal stilnast når ord vert kviskra i øyra.Slik er nåden. Guds nåde. Ufortent for den hjelpelause. Nåden er som den blankaste foreldrekjærleik.
Dette klamrar eg meg til for min eigen del.
Martin Luther var på fortvila leit etter ein nådig Gud.Han var rett og slett livredd for å gå fortapt. Hamna i helvetet. Han såg for seg djevelen som ein høgst reell, levande og livsfarleg motstandar her i dette livet, og endå verre som ein despot som ville kunne plage han i det ufattelege evige livet.Difor hadde Martin Luther så inderleg bruk for Gud. Gud som kunne sjå i nåde til Martins liv og berge han unna djevel og evig dom.
Kva skal vi tenkje om ein slik inngang til spørsmålet etter ein nådig Gud anno 2017?Vel – slik eg opplever livet rundt meg er det ikkje mange nordmenn som i dag går rundt og er redde for djevelen og fortapinga.Kanskje er det også difor at mange nordmenn ikkje ein gong kjem på tanken om å rope på ein nådig Gud i dag. Heilt irrelevant, vil mange seie.Om Gud i det heile finst, så er det i alle fall kun ein snill og godmodig Gud som er interessant å tru på for nordmenn flest.
Kor snill og godmodig Gud er, kunne vere eit spanande tema å dukke djupare ned i. Men uansett kva vi skal tru og meine om ei slik forstilling av Gud og korleis han er, så er det kanskje eit anna ord som på ein viktigare måte karakteriserer kven Gud er, og kvifor vi menneske ikkje utan vidare kan nærme oss Gud slik vi kan nærme oss kvarandre.
Bibelen lærer oss at Gud er heilag.
Gud er heilag – det betyr at han er rein. Han er utskilt og opphøgd og prinsipielt utilnærmeleg for syndige og ureine. Det bør vi kanskje lage ein bibeltime om her i denne kyrkja. Finne ut kva det betyr at Gud er heilag. Lese korleis menneske vi møter i Bibelen, og som på ein eller annan måte kom nær Gud, reagerte og uttalte seg.
Når vi får ei aning av at vi står framfor den Heilage, då forstår vi også meir at vi som menneske treng Guds nåde. Vi treng Guds nåde for å få frelsa, nå inn til det evige samværet med Gud.
Då er det ikkje redsla for djevelen og det vonde som skremmer oss til Gud. Då er det heller lengten etter å få den nådige reinsinga som gjer at vi kan nærme oss den evige og opphøgde som gjer at vi innser at vi treng Guds nåde over alt anna her i livet.
På denne søndagen der heile vår kyrkje set fokus på dette nøkkelordet, nåde, som Martin Luther har løfta fram for oss, vert vi minna om kjerna i det vi har lese som preiketekst i dag:
«For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.» (Ef.2,8)
Dette ordet var med på å opna augene til Luther. Han forstod at nåden var noko han berre kunne klamre seg til og halde fast ved. Ei gåve som vart hans rett og slett ved å tru at han hadde fått det.Han kunne aldri gjere seg fortent til nåden. Då vart nåden ei salsvare. Men nåden er ikkje noko anna enn ei gåve. Gjeven av han som elskar meir enn våre ord kan skildre.
Vi har fått ei gåve frå Gud som opnar vegen inn til det evige om vi vil halde fast på gåva. Tru på nåden. Klamre oss til den.
Samstundes utfordrar nåden oss. Guds gåve utfordrar oss til sjølve å vere nådige mot våre medmenneske.
For tekstordet vårt konkluderer slik om kva det betyr at vi får ta mot Guds nåde ufortent og gratis: «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.» (Ef.2,10)
Korleis kan vi som kristne, slike som har fått nåde, vise så lite nåde mot medmenneske som ropar i naud? Eg sa noko om korleis kjærlege foreldre står fram for barnet sitt som er såra og treng omsorg. Eg brukte ord som «reinsing» og «oppreising».
«Eit … barn fell på grusen og treng trøyst, tåretørking og plaster. Blod må tørkast frå eit lite sår. Gråt skal stilnast når ord vert kviskra i øyra.»
Har vi trøyst til tårer? Har vi plaster på sår? Kva ord får dei høyra, våre medmenneske som treng kjærleik?Om vi les kommentarfelt på Facebook og i avisspalter når framande menneske er omtala er det ikkje mykje nåde å finne.
Bibelordet seier noko til deg og meg som har fått nåde. Det står at vi er: «skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige»
Eg vil klamre meg til nåden eg har fått. Eg vil takke Gud for nåden eg har fått. Den som kan gjere meg klar til å stå framfor den Heilage Gud. Eg ber om at Gud må vise meg dei gode gjerningane eg skal gå inn i slik at eg kan verte ein reiskap for Guds nåde mot mine medmenneske.                           
AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv