lørdag 15. april 2017

Himmellys ved daggry


1.påskedag. 16.april 2017
Luk.24,1-9
Eidsvåg
Påsketida er fasinerande på så mange måtar. Ikkje minst fordi vi som bur nett her vi bur, opplever at sjølve naturen så sterkt strekar under dei bibelske hendingane.

Då tenkjer eg på våren som er i ferd med å bryte gjennom. Nett no ser vi dei små spirene på trea som sprengjer på. Det nye livet som stig ut or den stivna og døde vinterdvalen. Is og snø må vike, og vi er akkurat der i året der livssyklusen er på det aller mest synlege.

Av ein eller anna grunn har vi til og med streka under dette ved at vi nyleg flytta litt på klokkevisarane slik at vi går rundt og innbiller oss at dagane er lengre enn dei eigentleg er.
Slikt dreiv dei ikkje med på Jesu tid. Der levde dei i takt med lys og mørke slik naturen sjølv la opp til det. Og på dei breiddegradene er nok natt og dag mykje meir av same lengde enn det vi opplever her mot nord.

Men i påskeforteljinga høyrer vi om korleis Jesu død vart understreka til og med av sjølvaste naturen. I samband med at han anda ut kring den sjette timen, les vi her i Lukasevangeliet: «Då fall det mørker over heile landet, og mørkret låg til den niande timen, for sola lyste ikkje lenger» (Luk 23,44-45)

Men i dag skal vi stige ut or mørket. I dag skal vi sleppe lyset inn i våre liv. Sola går opp.
Difor reiser vi oss og lyttar til evangeliet om det som hende påskemorgon. Men først syng vi vårt høgtidsvers ved påske.

Høgtidsvers. Nr.193 – Han er oppstanden store bud.
Tekstlesing: Luk 24,1-9


Daggry. I denne korte timen der sola viser seg, og skaparverket litt etter litt stig ut or skuggane, skal kvinner gje seg i veg mot ein gravstad. Tankane deira er sveipte i skuggar. Kjenslene deira er frynsete av sorg. Augo er såre av gråt, og av netter nesten utan søvn.
Kvinnene er trøytte, sørgjande, fortvila.

Dei rakk å vere med å leggje Herren Jesu kropp i grav før sabbaten gjorde ende på den lange fredagen. Det vart inga kvile for dei gjennom helga. Berre sorg. Og så eit besøk i dei innerste skapkrokane der den velluktande olja var gøymd. Den som berre skulle brukast når døden gjesta huset.
Døden, i si mest brutale form, hadde røva Jesus frå dei. Kunne det verte lys over livet deira igjen?

Slik har millionar av kvinner og menn opplevd at mørket la seg som eit teppe over deira liv då døden kom. For døden kom alltid.

Ved påske snakkar kyrkja sine folk mykje om at døden er overvunnen.
Likevel kjem døden tilbake til oss. Innimellom som resultat av det som berre er vondskap og djevelskap. Vi har ikkje gløymt terror i vårt naboland like før denne påske. Endå mindre bomber i to kyrkjerom i Egypt som tok fleire titals menneske med seg i døden.

Om att og om att skjer det. Den eine etter den andre vert henta bort frå våre fellesskap. Strekast kjenner vi det når det rammar i ein familie. Når døden kjem i alle verste utide. Med seg ut av våre dører ber han av og til dei aller minste mellom oss. Borna. I Stockholm tok villmannen livet av ei jente på elleve år.
Det skjer av og til at ungdomane våre ikkje kjem heim att med smil over ansiktet. I staden vart dei henta ut or knuste bilvrak. Tilbake sit gråtande foreldre eller skjelvande gamle besteforeldre som kvar for seg, for sin eigen del, var reiseklare. Men det var andre som fòr.

Døden kom alltid. Døden kjem alltid. Han har heilt sikkert vore på ferde ein eller fleire stader her i vår by også denne natta.Kan det verte lys igjen?


Heldigvis vinn alltid lyset over mørket. Var det ikkje slik, ville sorga totalt øydeleggje alt som heiter livskvalitet. Noko av det som skjer har med normale menneskelege reaksjonar å gjere. Eg har verken tid eller kunnskap nok til å forklare dette med at tida faktisk ser ut til å lækje slike sår av sorg, eller at tida i det minste mildnar smerten. Det er godt at det er slik.

Likevel – større enn det, er det at i møte med dødens mørke så har vi som trur på påskeunderet, på Jesus, og på at det er sant alt det som hende den gongen i Jerusalem; vi har lov å leve vidare med eit sterkt og lysande håp.

Vi er alle vel vitande om døden som stadig gjestar oss. Men i lyset frå daggryet ved Jesu grav trur vi at dette er ein død som ein gong skal gje slepp på alle dei han har teke ut or dette livet. Ein gong skal påskeunderet skje ved våre graver. Livet skal sigre og den evige morgonsola skal stige opp når Jesus vekkjer heile skapningen opp til det livet han vann for oss alle påskemorgon.

Daggry over Jerusalem. Kvinnene steig inn i grava med sine oljer og med sine tårer.
Men aldri har dagen hatt meir lys i fanget enn ved dette morgongry. Ikkje sidan skapingsdagen. Slik Gud skapte lyset i opphavet, slik skapte han livet på ny ved dette daggryet.

Og frå livets lyse kjelde, som lys som skin gjennom diamant, steig bodberarane fram i daggryet med ein bodskap som aldri før hadde gjeve meining: Han lever! – Den kroppen som var lagt i grava , tømt for blod, med naglehol, spydhol og torturmerke i panna, denne døde menneskekroppen var no den levande. Jesus var ikkje lenger blant dei døde.Dagen grydde for kvinnene. Dei kunne neppe ta inn over seg dei fulle konsekvensane av denne soloppgangen over alt liv. Men over deira sinn lysna det nok til at vegen heim att frå ei tom grav vart leikande lett å springe. Dei måtte tale med dei elleve.

Og slik må vi i dag, i 2017, tale med kvarandre. Vi kan springe ut i vår kvardag der vi er omgjevne av så mykje død og sorg, av så mykje mørke og fortviling, og fortelje at også vi har høyrt det: Jesus lever!

Han var død. Verkeleg død. Men ikkje no lenger. Han har teke livet ut i lyset. Han har vist oss ei makt som vinn der alle andre taper. Og den makta har han lova å bruke for å gje oss håp om at det skal skje med oss slik vi kvart år ser det skjer i naturen. Or det iskalde og visna og døde skal nytt liv spire. Like vakkert som i fjor. Med form og farge og lukt. Med nye frukter frå tilsynelatande visna greiner.

Det er som sjølve skapingsdagen i opphavet glimtar mot oss når morgonen renn ved daggry i påska.Daggry over vestlandsk landskap enno ei påske. Frå fjella i aust ser vi solstrålane frå det høge leike seg ned mot fjordar og holmar. Over byen og bygdene våre.
Her bur kvinner. Her bur menn. Her bur det born og unge.
Vi må skunde oss og løfte ansikta mot lyset.

Vi jublar for skaparen av påskesola, guddommen bak lyset, han som var før tida, og som sende Jesus og let han døy. For å bryte mørket i dødsriket. For å nedkjempe dødskrefter og for å bryte gravlenkjer. Men det handlar om meir enn det mørket vi ser når vi står ved ei opna grav.

Daggryet kastar også nytt lys over det som bur inne i oss. Mørket i oss, syndemørket, skal få himmellyset over seg. For ved å vekkje Jesus til nytt liv, så er det også vår tru at Gud ved å gjere eit slikt under set eit stempel av godkjenning på den soningsdøden Jesus har vore gjennom. Hans soning for dei syndene eg eller du aldri kunne kome fram for Guds dom med. Det skal difor lysne også i våre liv. Eit lys av tilgjeving i påskemorgonens daggry. Eit skin som blenkjer med håp om liv bak graver, og håp om frelse når døden har henta oss.
Også bak døden ventar eit daggry. Det evige morgonlyset som ikkje skal slokne. Der skal den levande sjølv lyse for alle som trur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv