fredag 6. januar 2017

Leiestjerna


Kristi openberringsdag I. 08.01.2017
Dåpsgudstenester. Åsane og Haus
Matt.2,1-12

No er det tid for å forlate jula for denne gongen. Vi hadde advent for nokre veker sidan. Vi tende lys og gledde oss til jul. Til fest, mat og gåver. Og til Jesus og forteljingane om hans fødsel. Vi skal ha denne siste søndagen med julefokus i dag. Så er det over for no. Vi skal vidare inn i det nye året.
Men vi går ikkje frå barnet. 


Vi skal ha Jesus med oss også etter jul. Jesus skal følgje oss i eit nytt år. Han skal vere i lag med oss i ei kyrkje som heretter skal styrast av våre eigne, ikkje av dei som styrer landet gjennom Storting og regjering.

Alle menneske fekk ei kjempegåve
i jula. Jesus kom til oss som vår Frelsar og bror den aller første jula. Når vi går ut or jula og julefeiringa, vil vi likevel framleis vere i lag med han. Hylle han. Tilbe han. Det er det vil har kyrkja til. Her er det vi finn Jesus, vår leiestjerne.
Jula var over den gongen vismennene frå Øst såg den store stjerna som skein på himmelen. Denne underlege forteljinga vi har lese i dag om stjernehimmel og menn på ei lang vandring på nattestid der stjerna var vegvisar kunne vi brukt mykje tid til å fantasere rundt. Kan dette verkeleg ha hendt?
Mange er skeptiske. Det må dei gjerne vere.
Andre trur fullt og fast at nett slik vi har lese om det, slik hende det også.
Det er godt å kunne tru slik.
Gjennom alle år har dei som kan mykje om astronomi, altså læra om stjerner og verdsrommet, grunna på dette og undersøkt om dette faktisk har vore mogeleg. Nokre vitskapsmenn seier ja. Andre nei. Atter andre er veldig tvilande.
Men kyrkja si tru støttar seg ikkje på vitskapen i slike saker.  For nett slik det må ha vore for dei som kom frå Øst, at dei rett etter jul, etter Jesu fødsel, såg noko frå himmelen som fekk dei i gang på ei lang reise for å finne eit nyfødd barn, slik skal vi som feira jul i 2016, sjå etter dette barnet når vi har gått inn i 2017. Det er tvilsamt om det er så viktig å sjå etter stjerner på himmelen over Vestlandet. Men vi skal sjå etter Jesus på stader der vi kan vente å finne han. Og ingen stad skulle då vere nærare enn her vi er nett no. I kyrkja. Guds hus på vår stad.
Ikkje minst skal vi vise barnet som vart fødd, Jesusbarnet, fram for dei borna som nyleg er fødde her hjå oss, og som de foreldre har bore inn i kyrkja i dag.
Vismennene frå Øst var sikkert kloke og godt utdanna folk. Likevel trong dei hjelp og vegleiing for å kunne følgje leiestjerna slik at dei fann fram til Jesusbarnet. Dei gjekk til overprestane og dei skriftlærde i tempelet for å få slike råd. Dei spurde om hjelp hjå dei som visste noko om kor dei kunne lese slikt. Lese om Jesus.
Kanskje er det ikkje så dumt å gjere noko liknande i dag?
Snakke med dei som kan noko om Jesus. Slike er det heldigvis mange av. Vi har dei, bl.a. i kyrkjene våre.
I dag vert vi minna om å lytte. Lytte meir til dei som er i ditt tempel, i di kyrkje, enn til det som vert sagt i aviser og vekeblad, eller som vert sett fram som påstandar frå folk som har heilt andre interesser enn å vise veg til Jesus.
Forteljinga om vismennene er også forteljinga om den vonde kongen. Om Herodes. Han som ville Jesus vondt. Han som tok i bruk heile si store makt for å prøve å knuse Jesus, alt mens han enno var barn. Vi kan lese om at han tok livet av alle gutar i og rundt Betlehem som var yngre enn to år.
Terror er altså ikkje eit nytt påfunn.
Herodes var ein terrorist. Og målet hans var å knuse Jesus.

Mange vil også i dag prøve å knuse Jesus og det vi i kyrkja lærer om han. Heldigvis ikkje først og fremst ved terror, men ved å gjere det vanskeleg å vere kyrkje og å leve som kristne. Eller ved å lokke oss til å vende Jesus ryggen, til å overtale oss til å forlate trua på at Jesus verkeleg kom frå Gud i den første jula.
For oss er det difor viktig å finne våre leiestjerner som kan ta oss dit Jesus er å finne slik at vi i lag kan få ei sterkare tru.
Dette seier eg til dykk som er foreldre, anten det er til dåpsborna her i kyrkja, eller til andre born, eller kanskje har de avansert til å vere besteforeldre – uansett så er de førebilete og leiestjerner for dei små.
Det står om vismennene at då dei kom fram dit Josef og Maria og Jesusbarnet var, så gjekk dei inn i huset og fekk sjå barnet hjå mora.
Inn i huset..
Lat det vere eit stikkord å ta med deg frå denne søndagen.
Du finn Jesus inne i huset – i kyrkjehuset. Der kan du høyre om han, verte kjend med han, tilbe han, hylle han, gje han gåver slik vismennene gjorde.
Inne i huset – det skal også vere inne i ditt hus, i din heim, der du bur med ditt barn og barnet sine søsken. Der skal det også vere råd å finne Jesus. Også der skal det vere råd å tilbe og å hylle Jesus. Vise at han betyr noko når juletreet er utan nåler, og julegåver ikkje er så spanande lenger.
Vismenne let seg leie. Dei såg stjerna på himmelen. Dei fann fram til Jesus.
Ver villig du også, til å leite etter ei stjerne som kan leie deg på ein livsveg  som ofte svingar utanom dei stadene der Jesus er å finne.
Ver sjølv ei leiestjerne for dåpsborna og for andre som treng nokon som kan vise dei vegen til han som er vår største julegåve.

Og når du kjem fram til han, finn han, veit kvar han her – ber då fram di gåve. Kanskje er den ikkje så fin. Kanskje har du drege den gjennom søle og smuss. For den beste gåva du kan gje, er deg sjølv med alt du er og har av fint og reint, eller av skittent og tilsmussa. Heile deg. Det er di gåve når du finn han som vismennene fann. Jesusbarnet i mora sitt fang.
AMEN

Bloggarkiv