torsdag 22. desember 2016

Det gjekk ut eit ord


1.juledag 2016
Salhus
Joh.1,1-14
 
"Her ute kulde
er nå med is og sne, .."
Slik skal vi syngje i det siste salmeverset som skal lyde i kyrkja på denne 1.juledagen.
Kanskje var det slik det ein gong var. Kanskje drøymer mange av oss om at det skal vere slik framleis. Men det er ikkje lenger «is og sne», det er berre mørke og vått og vindfullt vêr, som hyllar oss inn denne jula, som så mange andre vestlandsjuler.
Men hovudsaka i jula har aldri vore kulde, is og snø. Det er berre heilt mot nord at det er slik. På den andre sida av kloden er det full sommar. Men det er sjølvsagt også jul der. Og der det heile skjedde, der er det naturlegvis ikkje is og snø. Det er ikkje ein gong sikkert at den aller første jula var akkurat i desember. Vi veit rett og slett ikkje datoen for Jesu fødsel. Ikkje ein gong årstalet er vi 100% sikre på. Det vi veit er at det i alle fall ikkje er nøyaktig 2016 år sidan. Men dette spelar ikkje noko rolle.
 
Ramma rundt jula er på det næraste uvesentleg. Datoar og kalenderår, julesnø eller palmesus; lat det fare alt i hop. Men lat oss få sjå ein ting av det som høyrer jula til, uansett kvar på kloden vi bur:
 
"Guds himler fulle
av stjerner dog å se.
For oss opptennes
en deilig nådens sol,
Guds åsyn vendes
til oss fra himlens stol; ..."
 
Lat oss få sjå stjernehimmelen der vi vert minna om Guds ufattelege stordom. Ingenting i skaparverket er meir storslege enn universet og stjernene. Det er den Gud som har skapt alt dette som møter oss i jula. Han som er så stor at han står bak alt dette, han steig ned til oss og vart eit lite menneskebarn. Det er om dette vi skal snakke på denne høgtidsdagen, og det er dette som samlar oss i høgtidsverset før vi les evangelisten Johannes sitt vitnemål om jula.
 
Høgtidsvers: NoS: nr.41
Tekstlesing: Johs. 1,1-14
 
Det gjekk ut eit ord. Det var sjølvaste keisaren i Roma som talte. Den nærast allmektige keisaren som til og med let seg hylle og tilbe som ein gud, han talte. Den mektigaste mann i verda let sitt ord gå ut om at alt folket måtte skrivast opp i manntal. Keisaren måtte vita kor mange som budde i riket hans, for han trong skatteinntekter og han trong anerkjenning av sitt verdsimperium. Difor talte han. Difor gjekk keisarordet ut over det veldige riket: Skriv ned! Tel opp!
Dette er den velkjende innleiinga til juleevangeliet slik vi kjenner det så godt frå evangelisten Lukas. Keisarens ord sette rørsla mot Betlehem i gang. Keisarens ord var naudsynt for at Guds store plan om å frelse verda kunne oppfyllast nøyaktig slik profetane hadde spådd.
Men keisaren forstod aldri at hans ord berre var som enkle statistreplikkar i eit veldig skodespel der Gud sjølv var regissør og der Guds eigen son var den heilt sentrale hovudpersonen.
 
For lenge, lenge før keisarens ord lydde over Romarriket, hadde eit anna ord vorte tala, ikkje berre over Romarriket, men over heile jorda; ja ut til dei yttarste delar av eit uendeleg univers lydde Guds skaparord: "Det skal bli lys". (1.Mos 1,3)
Ordet lydde frå Guds munn. Gud skapte ved sitt ord. I opphavet skapte Gud. Det er dette Johannes let oss få del i sitt evangelium på denne juledagen:
 
"I opphavet var Ordet, og Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud. Han var i opphavet hos Gud. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til."
 
Samanlikna med Guds skaparord, vert keisarens mektig ord berre som ein parentes. For ikkje å snakke om dette som er det verkeleg underfulle i det som Johannes forkynner for oss - Guds skaparord var noko langt meir enn eit ord. Ordet som Gud i opphavet skapte verda ved, det Ordet var samstundes Guds eigen son. Ordet som i opphavet var Gud,  Ordet som alt vart til ved, det var det Ordet som i jula vart menneske:
 
"-Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss"
 
No er vi langt utanfor det som våre tankar og vår forstand kan fatta og begripa. No er vi snart dit vi kjem om vi prøver å tenkje oss inn i kva som eigentleg ligg i det uendelege verdsrommet som salmediktaren Landstad skildrar slik for oss:
"Guds himler fulle
av stjerner dog å se".
 
Julebodskapen som Johannes formidlar til oss er rett og slett ubegripeleg. At Jesus Kristus, han som kom til verda i stallen i Betlehem, er den same som Johannes omtalar som Ordet, det som Gud skapte verda ved; han som var Gud, som i opphavet var hjå Gud og som alt vart til ved; dette går utanpå all menneskeleg forstand og tenkjeevne.
Men så er heller ikkje jula høgtida som skal begripast med tanken. Jula kjem med bodskapen som hjarta kan gripe i tru. Julebodskapen om Ordet som vart menneske, det er ein bodskap som i våre dagar lett druknar i - nettopp: ord! Vi er fabelaktig flinke til å omgje oss med ord. Og ved juletider skriv vi nokre av dei ned på papir og sender til slekt og vener som trivelege helsingar føre høgtida.
Andre skriv mange ord på fint og glansa papir som fyller opp postkassane våre som reklame for all verdens herlegdom som skal freiste oss til å gjere jula til ei reindyrka handlehøgtid.
Er det nokon gong vi skulle minnast Meisterens Ord til freistaren, så er det nettopp i møte med desse forlokkande, men falske juletonane av kommersiell utnytting av den heilage høgtida:
 
Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: "Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg." Men Jesus sa til han: "Vekk frå meg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena." Då gjekk djevelen frå han, og sjå,englar kom og tente han. (Matt. 4,8-11)
Det er mange som vil at vi skal tilbe dei. Ein var keisaren i Roma. Han vart snart stilt i skuggen av barnet i Betlehem. Barnet vart stort. Djevelen prøvde å lokke han til å tilbe seg, men den vonde vart sendt bort. Vi vert lokka til å tilbe all verdens glitter og stas. Men heldigvis møter vi Ordet som taler eit anna språk til oss no i jula:
 
"Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena." Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han".
 
Jula er tid for tilbeding. Slik gjætarane ved Betlehem skunda seg til stallen og fann barnet, slik skal vi også leite til vi finn han, så vi kan tilbe han. Slik vismennene frå Austerland såg etter stjerna som viste vegen til den nyfødde kongen, slik skal vi også sjå mot Gud veldige himmel og verte overtydd om at han som skapte alt dette ved sitt Ord, han sende Ordet til verda og vart på den måten menneske.
 
Det gjekk ut eit ord. Ordet frå Guds munn. Skaparordet. Men dette var samstundes eit Frelsarord.  Frelsaren kom til oss. Han talte sine ord som vi framfor alt skal tru. Tru så vi blir frelste. For Gud var altså så glad i oss at han sende son sin, Ordet, til oss slik at «kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» (Johs 3,16)

Men når Ordet vart menneske, så er det ei utfordring til kvar og ein av oss. Ei utfordring som ikkje berre handlar om det evige.
Guds vilje handlar også om livet her og no. Det handlar òg om hans vilje med det han i opphavet skapte ved sitt ord. Guds vilje med oss, inneber ei utfordring til at vi skal vere medmenneske for kvarandre. Når Ordet, Jesus Kristus, vart menneske, så var det ein ufatteleg demonstrasjon av Guds kjærleik til menneskeslekta. Som sagt: Gud var så glad i oss at han sende son sin, Ordet, til oss slik at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Men vi som har høyrt Ordet, vi som har lese Ordet, vi må også innrette våre liv etter det vi har høyrt og sett. Den kjærleiken som Gud har vist oss ved å gje oss sin eigen son som vår bror og vår Frelsar, den kjærleik skal vi ta med oss vidare ut i kvardagen i møte med våre medmenneske.
 
Det gjekk ut eit Ord. Ordet var frå Gud. Ordet var Gud. Ordet var Jesus Kristus.
Men framleis skal det gå ut eit ord. Det ordet skal gå ut frå deg og meg. Vi skal gå ut og vise kjærleik til Gud og til medmenneska våre i kvardagen når juletreet er visna og pynten stua bort til neste år.
Vi skal syna kjærleik til medmenneska våre  - kjærleik i ord og gjerning.
Kanskje er den største kjærleiksutfordringa i vår tid å sjå til at det Gud skapte ved sitt Ord i opphavet kan leverast vidare til komande ætter i ein tilstand Gud kan stå ved.
Ein gong kunne Gud sjå at alt var godt. Slik ser det ikkje lenger ut.  

"Her ute kulde
er nå med is og sne, .."

Det skulle vore naturleg å kunne seie det, også i våre dagar, om klimaet på våre breiddegrader.
Har vi øydelagt det som ein gong var godt? Skaparveket som stod der då Ordet lydde første gong. Kan vi gjere noko for å rette opp våre feil? Det er i så fall også ein bit av Guds skaparvilje for oss.
 

Ordet frå Gud lyder på nytt. Ordet som gjekk ut må få skape nye ord. Ord i kjærleik og i sanning, ord om frelsa, ord som også vert understreka av praktiske gjerningar.
Då tenkjer eg at vi har forstått sjølve bodskapen frå Gud i denne høgtida.
 

Då kan vi med eit hjarta fylt av von, syngje med heilt til slutt i gudstenesta i dag:

"-når allting endes,
vi der skal holde jul!"

søndag 18. desember 2016

Juleglede


4.s. i adventtida. 18.12.2016
Åsane gamle kyrkje (nynorsk gudsteneste)
Lukas 1,46-55

Det vert omveltingar i ein familie når eit nytt barn er på veg, eller når barnet er fødd og gjer krav på omsorg, omtanke og kjærleik.
Dette kan de fortelje mykje om, de som i dag har bore dei tre dåpsborna fram her i kyrkja og lagt dei Guds hender gjennom dåpshandlinga vi har vore vitne til.
De har gjennomlevd ventetida på ni månader med all den spaning det inneber. De har førebudd å ta i mot eit nytt familiemedlem som har kome i sentrum på ein heilt spesiell måte med all si nyfødde hjelpeløyse, men likevel med sitt fantastiske menneskeverd. Kanskje har de også opplevd sjalusi frå litt større søsken, eller de har sukka for dykk sjølve over nattevåk og lange timar med intenst omsorgsarbeid, døgnet rundt. Familieauke er sanneleg ikkje berre-berre. Omvelting kan trygt brukast som eit dekkande ord.
Men midt oppe i alt det nye eit nyfødd menneske fører med seg, har eg ei aning om at det største av alt er dette udefinerbare som handlar om at vi får eit glimt av sjølve underet som knyter seg til at nytt liv er skapt. Dette er det ikkje lett å finne dei gode orda på å skildre.
I dag har vi bore born til dåpen på ein søndag som på ein underleg måte set familien og livet i ein familie inn dei verkeleg store samanhengane.
Det er den fjerde søndagen i adventstida. Snart er juledagen her. Med eit nytt fokus på verdens mest berømte fødsel. Dette vi har vore med å feira så mange gonger, men som vi likevel aldri vert heilt ferdige med. Like før jula tek taket i oss, får vi dette høvet til å ta inn over oss tankane til ho som bar underet inn i vår verda. Tankane til Jesu mor – som nett har fått vite om eit svangerskap i så ristande ung alder. Utan at det handlar om overgrep frå ein vaksen mann, ja til og med utan at ho er innvigd i seksuallivets gleder og mysterier står ho fram, svanger med Gud.

Hjelpe og trøyste, seier eg.
Men det sa ikkje Maria. Ho sa Halleluja!
Det gjer ho ved å syngje ein lovsong som vi i dag har lese som vår preiketekst. Den er eit svar på dette som ho har ei aning om etter å ha hatt besøk av sjølvaste engelen: Barnet hennar er ei frukt av Guds vilje med henne. Den Allmektige er livgjevaren. Han gjer underet, han sender sin Ande slik at liv vert skapt utanom alle vanlege, biologiske reglar.
Gud er far. Maria er mor. Maria er kvinna som stiller heile seg til disposisjon som tenarinne for den Allmektige. Ikkje berre vert morslivet hennar bustad og oppvekstrom for det underfulle livet som er skapt i henne. Det er heile Maria – kroppen hennar, viljen hennar, sjela hennar, jubelen hennar, gleda hennar – alt som bur i Maria som slik koplar seg opp mot den allmektige Gud når det nye livet festar seg i henne og utviklar seg fram mot fødselen vi feirar så grundig kvar einaste julehelg.
For med Gud som far og Maria som mor, kjem til slutt han som er Guds son inn i verda. Han som er av Gud, frå Gud og som vi kallar Guds Son, han er den som det framfor alt handlar om på denne dagen. Like før vår julefeiring startar, handlar det om Sonen meir enn om mora og meir enn om faren. Det handlar om Jesus på denne dagen. Om underet som hende då Jesus vart menneske, då Jesus vart vår bror.
I dag står familien i sentrum. Far – mor – son; men også bror. Vår bror Jesus Kristus.
I dag er familien i sentrum for mange av dykk som har funne vegen til Åsane gamle kyrkje. Familien dykkar har vorte større. Her finn vi nybakte ferde. Nybakte mødre. Søner og døtre, og sikkert også brør og søstre.
I glede og takk for familieband, og ikkje minst i glede og takk over nye liv som gjennom dåpen på denne dagen er knytte fast til vår himmelske Far, skulle vi lytte til det ho har på hjarte, ho som skal verte mor. Mor til Guds son.
- mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar
Slik formulerer Maria jubelen når ho innleier det vi kallar for Marias lovsong, som altså er preiketeksten på denne søndagen.
Eg hugsar tilbake til den tida då eg ofte lytta til bedehuspredikantar. Til den gongen vi song dei evangeliske songane med eit visst ekko frå det frikyrkjelege miljøet. Og med ein gong kjenner eg att ordet ”frelsesfryd”.
Det er for gale at det er eit ord vi knapt brukar i våre kyrkjelege samanhangar i dag. Høyr for ein klang det er i dette ordet: ”frelsesfryd”. Eg trur til og med at vi forstår det omtrent utan nærare forklåring.
Fryd og glede over Guds frelse.
Det var det Maria jubla over.
Når vi les det i dag må vi verkeleg undrast om denne pur unge jenta eigentleg forstod kva ho sa. Sant å seie spelar det neppe så stor rolle. Men ho sa det slik. Kanskje var det ei form for profetisk jubel som bobla over i Maria etter at ho hadde hatt englebesøk, og etter at ho hadde fått delt opplevinga si med Elisabeth, slektningen hennar, som også bar eit under av eit barn i sitt morsliv.
Uansett  så kan vi i vår evangelietekst lese korleis Maria tek i bruk dei heilt store orda. Dei orda knapt nokon av oss ville teke i vår munn på fullt alvor. Det er ord som seier noko om Gud. Om han som er far til barnet ho ber på. Men det er også ord som seier noko om Maria. Som seier noko om tenarsinn. Om vilje til å vere Herrens utvalde reiskap.
I våre dagar er ord som tenarsinn, og all tale om at ei kvinne skal vere ein reiskap i hendene på sin Herre, det er ord som kling utruleg dårleg i øyro til dei fleste som ytrar seg i samfunnet. I dag står eg her som mann og freistar å begripe litt av tankane til den kvinna som vår Bibel løfter fram som det lysande forbildet både for kvinner og menn til alle tider. Kor fullstendig annleis er ikkje Maria frå Nasaret enn sine medsøstre i vår tid?
Kor fullstendig annleis er ikkje hennar tankar enn slik menn tenkjer både i dag, og sikkert også den gongen Maria song sin store lovsong?
For korkje menn eller kvinner, i dag eller for to tusen år sidan, tenkjer slik Maria gjer det.
Vi tenkjer på oss sjølve. På det som synest viktig i mitt liv, i våre liv. Viktig for min familie, for mine born.
Maria flyttar blikket frå sin eigen navle, bort frå den magen som skal vekse seg like stor som andre komande mødre sine magar.  Ho løfter blikket og ser den allmektige. Skaparen. Livgjevaren. Vår far.
Og så syng ho lovsong.
Så gjev ho rom for frelsesfryd. Ho gjev rom for takk. Ho ser seg sjølv, men ho ser også at ho er ein del det noko mykje større, at ho  går inn i ei rekkje med folk – frå slekt til slekt – som Gud har vore god mot. Gud har vist miskunn, lovsyng ho.
Miskunn. Enno eit slikt ord frå bedehus og salmar eller åndelege songar som vi skulle pusse blanke og ta i bruk. Guds miskunn som er frå slekt til slekt. Frå far til son. Frå mor til dotter. Som famnar om familiar i det eine leddet etter det andre.
Miskunn har sjølvsagt samanhang med  det Maria kallar for frelse som er frå Gud. Frelse – Guds redningsaksjon, Guds bergingsaksjon. Det er dette det handlar om på denne dagen.
Maria jublar, syng og lovprisar.
Kvifor?
Fordi Maria har forstått at barnet ho ventar er svaret Gud gjev på mennesket sitt rop om redning. Om berging. Om frelse.  ”- du skal gje han namnet Jesus…” sa engelen til Maria då ho fekk vite om det store som var på gang. Og så pass visste Maria at namnet og ordet Jesus hadde ei heilt spesiell tyding på hennar språk. Det namnet tyder rett og slett ”Herren frelser” .
Det var ikkje noko mindre enn Herrens frelse ho no bar på, den unge Maria. Ho som var viljug til å vere Herrens tenestekvinne.
Sanneleg hadde ho grunn til å syngje ut i jubel.
Og sanneleg har vi grunn til å juble med når vi på denne dagen tek inn over oss det vesle vi kan fatte av eit mysterium som går langt ut over det vår tanke og vår forstand kan begripe. Frelseglede. Frelsesfryd. Og vi må leggje til: Juleglede!
Denne søndagen, like før jul, hjelper Maria oss til å få eit lite glimt av ekte juleglede. Det handlar om fryd og om frelse. Men framfor alt handlar det om Jesus. Om barnet som snart skal feirast enno ein gong.  I takk for dette, og med Maria sine ord, går vi jula i møte og seier med henne:
”- store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn.”
AMEN

 

 

Bloggarkiv