fredag 19. august 2016

Radikalt


Vingardssøndag/14.s. i treeiningstida. III - 21.08.2016
Åsane
Matt.19,27-30
«Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?»

Er det slik dei tenkjer alle desse som har gjort så mange borgarar rundt om i Europa redde gjennom det siste året? Eg tenkjer på den vonde redselen som spreier seg nå vi høyrer om IS-krigarar som utfører meiningslaus og blodig terror i storbyane våre. Det vert ofte sagt at deira motivasjon for å gjere dette gjerne kjem frå eit desperat ynskje om å stige inn i eit islamsk himmelsk paradis gjennom å ofre seg i ei martyraktig handling som samfunnet rundt stemplar som terror. Ved å følgje det dei oppfattar som Allahs vilje, forventar dei himmelsk, evig liv som løn.
Dette er sikkert ei altfor enkel forklaring på eit svært problem.
Her er det mange andre forklaringar som også må fram i lyset. Forklaringar som må vere i tillegg til, eller i staden for, det som har med islamsk teologi å gjere.
Og det skal vi ikkje gje oss inn på her. Det har eg som prest i vår kyrkje også for liten kunnskap til å ha skråsikre meiningar om.

«Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?»

Dette spørsmålet vart stilt til Jesus.
Dette spørsmålet kom frå sjølvaste Peter. Ein av Jesu aller næraste vener og fortrulege.

Peter spør etter om det lønar seg å ofre mykje for å vere i Jesu følgje.
For sanneleg ser det ut for at det var slik det var for dei første tilhengjarane av Jesus. At dei måtte ofre mykje. Tilsynelatande alt i sitt gamle liv.
For då kallet kom frå Jesu munn, verkar det som om dei tolv meir eller mindre berre slapp alt dei hadde i hendene og gav seg i følgje med denne underlege mannen.
(Sjå Matt 4,18-22):
18 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar. 19 Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» 20 Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.
21 Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei, 22 og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og følgde han.


Lønar det seg å vere i Jesu følgje? Forlate alt?
Fiskarane let garna liggje att på stranda. Båten deira overlet dei til faren. Faren såg sikkert langt etter sønene som berre drog bort, kankje utan å seie farvel. Dei valde Jesus og eit heilt anna liv enn det som var deira gamle liv.

Dette er radikalt!
I dag snakkar mange om radikal islamisme.
På denne søndagen møter vi ein bibeltekst med radikal kristendom.
Korleis skal vi som er med i vår kyrkje anno 2016 forhalde oss til slike ord?

Denne bibelteksten har sjølvsagt alltid stått i vår Bibel. Men han er nesten heilt ny som ein tekst kyrkja vår har løfta fram i gudstenesta. Sjølv har eg vore prest i 36 år. Men det er første gongen eg preikar over desse orda.
Difor måtte eg lese meg opp på kva dette betyr for oss i dag då eg skulle førebu meg til denne søndagen. Frå bokhylla plukka eg ut ei klassisk bok av den store tyske teologen Dietrich Bonhoeffer som vart martyr for si tru i møte med sine tyske landsmenn under nazitida.
Boka heiter «Etterfølgelse» og kom ut i 1937.

Eg skulle ynskje vi hadde hatt veldig god tid til å dukke ned i alt som kunne seiast omkring dette. Det går ikkje. Men til alle dykk som kom til denne gudstenesta i dag med eit lite barn som midtpunkt, iført dåpsklede og omgjevne av stolte og feststemte slektningar, vil eg fokusere på korleis Bonhoeffer koplar det å vere Jesu etterfølgjar til dåpen.

Han skriv bl.a.:
Dåp er å bli truffet av Kristi kall.
I dåpen blir et menneske Kristi eiendom. Jesu Kristi navn nevnes over den som blir døpt. Den døpte blir delaktig i dette navnet, blir døpt inn «i Jesus Kristus»
Nå tilhører den døpte Jesus Kristus, man er blitt revet løs frå denne verdens makt og blitt Kristi eiendom.
Dåpen innebærer altså et brudd. …. Dermed rives fortid og fremtid fra hverandre. … Bruddet skjer ikke ved at et menneske sprenger sine lenker i umettelig lengsel etter et nytt og fritt liv med orden i sakene. Bruddet har Kristus foretatt for lenge siden.»
[1]

Kjære dåpsforeldre.
Kjære kyrkjelyd.

I dag er det mitt djupe ynskje at vi alle saman skal makte å gripe litt av det radikale i kristentrua vår. Gripe det – utan kanskje å begripe det radikale i dåpshandlinga.
Det radikale ved å vere i Jesu følgje.

Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få? – Slik tenkte Peter og dei andre som gjekk i lag med Jesus til dagleg.
Det er difor ikkje merkeleg om vi som lever i vårt moderne samfunn som er så oppteken av løn og tariff og motytingar for ei teneste vi utfører, også kan falle inn i slike tankebaner.

I dag spør eg meg sjølv og oss alle: Ser vi kva vi alt har fått?
Kva vi fekk då vi kvar for oss vart døypte?

Nå tilhører den døpte Jesus Kristus, man er blitt revet løs frå denne verdens makt og blitt Kristi eigedom …. Dåpen innebærer altså et brudd. …. Dermed rives fortid og fremtid fra hverandre.

Bonhoeffer utrykkjer seg ikkje akkurat i enkle ord.
Men prøv å ta dei inn over deg. For det han seier er eit uttrykk for det vi har vore vitne til ved dåpen, fem gonger – berre i dag: Eit brot med ei fortid, ei kort fortid som nyfødd menneske. Eit brot med eit liv som enno ikkje hadde den retninga som dåpens bad stakar ut. Himmelretninga.
Eit nytt liv vert fødd i dåpen. Eit liv som skal levast i etterfølging av Kristus.

Radikal kristendom - det er dette: Å leve sitt dåpsliv. Gjennom det forlet ein alt. Alt det gamle. Den store tyske martyrteologen har forklart oss om eit radikalt oppbrot i dåpen:
«-ikke ved at et menneske sprenger sine lenker i umettelig lengsel etter et nytt og fritt liv med orden i sakene. Bruddet har Kristus foretatt for lenge siden»

Framfor blenkjer noko nytt.

Når vi talar om framfor – altså om det som skal kome, men enno ikkje er der, då tenkjer kristne sjølvsagt på det evige. På evig liv. Det gjer Jesus også når han svarar Peter på spørsmålet. Han seier noko om korleis det skal vere når Menneskesonen sit på truna i sin herlegdom – altså i det evige livet.

I kyrkja skal vi alltid ha det evige for auga. Løn i himmelen er noko som ofte går att i det vi snakkar om. Men før vi kjem så langt som at vi stig inn i det evige er det eit liv som skal levast, også her på jorda.

Desse små som vi i dag har lagt i Guds hender skal leve som born av sine foreldre og spreie glede og håp gjennom heile sin oppvekst. Dei skal verte vaksne og sjølve setje barn til verda. Nye born som skal bli besteforeldra sine skattar nå den eldre generasjonen sjølv ikkje lenger har ansvar for oppdraging og vegleiing av dei minste.
Livet skal levast, frå vogge til grav, også desse liv som i dag vart knytte fast til Jesus gjennom dåpen. Livet skal levast med det evige for auga, men slett ikkje ved å melde seg ut av samfunnet eller familien. Livet skal levast til gagn for medmenneska vi lever i lag med til dagleg. Desse som har adresse i same veg som vi sjølve bur i. Dei som bur i byen vår eller i kyrkjelyden vår. Men også med auge for alle der ute ein stad, der stormen rasar, der tårer renn, der verda ser ut som ein uoverkommeleg motbakke. Våre liv er bundne til eit verdensvidt fellesskap som vi ikkje skal dra oss tilbake frå.

Dietrich Bonhoeffer lærte oss at «Dåp er å bli truffet av Kristi kall.»
Slik Jesus kalla læresveinar som på radikalt vis braut med sitt gamle liv og gjekk vidare i livet tett i Jesu fotefar, slik kallar Jesus alle døypte til å fylgje han, også i 2016.
Å leve sitt dåpsliv, er å leve i tru på han som gjev retning og kraft til eit nytt og radikalt liv i fellesskap med andre som trur og andre som har tillit til Jesus. Det er dei menneska som framfor alt finn ein heim og eit fellesskap i den kyrkja vi vert døypte til å tilhøyre. 

I dag er vi her og høyrer Jesu lovnad om å arve evig liv når dette livet er ført til ende.
Det er sjølvsagt ein god motivasjon for å leve tett innpå Vår Frelsar og Herre i dette livet.
Men mens vi er her, skal vi også leve for kvarandre. Det kan krevje offer av oss. At vi må forlate noko som elles ville vore stort og viktig. Det kan krevje at vi må bryte med noko i vårt gamle liv som hindrar oss i det gode og nære fellesskapet med Jesus og dei andre som trur. Då vil det handle om å gje alt den rette prioritet.

Det er mykje stort og mykje viktig i våre daglege liv som vi må prioritere rett.
Men størst og viktigast av alt, er at vi ser at på den lista må Han stå fremst, Han som kallar oss både til eit rett og verdig liv her og no, men også til å hauste mangedobbelt nå vi eingong arvar i det evige.

AMEN
[1] D.B.: «Etterfølgelse» s.198 

Bloggarkiv