søndag 21. februar 2016

Gratis


2.s. i fastetida, III. 21.02.2016
Bruvik
Jes 55,1-7

Det er i dag 2.søndag i fastetida - med tre bibeltekstar som er lesne slik vi alltid gjer det på ei vanleg søndagsgudsteneste.
Vanlegvis er det ein tydeleg og sterk samanhang mellom dei tre bibelavsnitta vil les i ei gudsteneste.
I dag er det ikkje heilt enkelt å sjå denne samanhangen. Likevel – eit stikkord er felles. Måltid.
Måltid, mat, fest.
Vi har lytta til Jesu ord i dag gjennom evangelieteksten frå Lukas 13. Orda om det store gjestebodet. «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
Kan du sjå for deg den aller siste dagen i denne tida?
Dagen når Guds rike skal renne lik sola, slik Petter Dass syng om det.
«- men opp skal rinne, som solen skinne, Guds rike!»
Mange har sikkert sine tankar om korleis det  då skal vere. Det er lett å danne seg all verdens førestillingar om korleis det er heime hjå Gud. Det gjorde dei allereie på Jesu tid. Også då var dei opptekne av korleis det skal gå med menneskeslekta, heilt til slutt. Difor også dette spørsmålet som kan vere med på å pirre også våre nyfikne sansar: «Herre, er det få som blir frelste?»
Sjølvsagt kan ingen vite noko som helst sikkert om korleis det skal verte den dagen. Likevel opnar Bibelen små gluggar med innsyn til eit rom som stort sett ligg i nokså dunkel belysning.
På denne dagen er det mykje spanande å sjå. Og mykje spanande å høyre. Men aller størst inntrykk gjer det å oppdage at her er det ubegripeleg mange menneske. Eg minnest noko eg las ein annan gong i Bibelen. Ord av Johannes på Patmos: ”Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledd i kvite klede og med palmegreiner i hendene” (Johs. Opb.7,9)
Ingen kan telje kor mange det er der. Det finst altså eit svar på spørsmålet Jesus fekk om det er få som vert frelste. Svaret er at det er på ingen måte få. Det er ein tallaus flokk. Og det er altså slik at - «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
Når Jesus fortel om dette store gjestebodet, skildrar han ein intens kamp for å kome inn der. Kampen i døropninga. Den kunne vi brukt mykje tid til å snakke om.
Men akkurat denne søndagen vert fokuset snudd. Fordi vi skal sjå nærare på dei andre orda vi også har lese i dag. Frå profeten Jesaja.
I desse gamle linjene vil les frå profetboka, er det også tale om ei innbyding til noko som ikkje kan vere anna ein ei stor fest.
Men tonane i denne innbydinga er veldig ulike dei vi høyrer når Jesus skildrar kampen i døropninga inn til det store himmelske gjestebodet.
«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
Tenk om det hadde vore slike salsplakatar på dei store kjøpesentra våre? Tenk for ei tilstrøyming vi då hadde sett. For det som er gratis, det veit vi å setje pris på. Det veit vi å forsyne oss av. Tenk berre på desse som deler ut smaksprøvar av all slags mat og drikke i butikkane. Knapt nokon går forbi utan å ta føre seg. For det kostar ingen ting!
Nei, det kostar ingen ting!
Å kome inn i det himmelske, det er faktisk gratis. I motsetnad til omtrent alt anna.
Difor er det aldri inngangspengar på ei gudsteneste. Rett nok har du høve til å gje ei gåve mens du er der. Ditt takkeoffer. Men det er heilt friviljug. Ingen kontrollerer om du gjev noko som helst, eventuelt om kronestykket var ditt, og ikkje den einsleg tusenlappen som av og til dukkar opp i kollektskåla. Og lat det vere aldeles tydeleg - det å gje pengar til eit kyrkjeleg føremål er noko kyrkja som organisasjon er takksam for.
Men i døropninga inn til det store gjestebodet, nyttar det ikkje å vifte med med kvittering på det du kanskje ein gong gav.
For på innsida, der er all betaling fullstendig utdatert. Og innbydinga til Guds rike, det er ei innbyding der står skrive med store bokstavar:
«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
Nærmar vi oss Jesu enno ein gong, så les vi mange stader i NT at han var oppteken av å skildre alle godene i Guds rike; i Himmelriket.
Han sende ut læresveinane sine for å forkynne om dette Riket; fortelje alle stader dei kom at dette Riket no var nær alle dei som høyrde på forkynninga om Jesus Kristus. Riket var nær når Jesu læresveinar gjorde under og teikn som Jesu gav dei makt til å gjere.
Guds rike var nær, fordi Jesus var nærværande.
Då Jesus sende ut dei 12 apostlane, les vi i Matt 10: «Gå og forkynn: ‘Himmelriket er kome nær!’ Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder. Gjev som gåve det de fekk som gåve.» (Matt 10,7-8)
Vi skal gje vidare det vi har fått. Det som ein gong vart mitt utan at eg hadde gjort noko innsats for å tileigne meg det, det skal eg ikkje klamre meg til. Det skal eg dele. Ause ut og gje vidare. Gratis, for all del. Gjev som gåve det de fekk som gåve.
Kom, alle tørste, kom til vatnet!
Slik ropar den gamle profeten orda sine ut på denne søndagen.
Tenk så flott at vi på ein slik dag kan bere fram to små born til dette vatnet nettopp i dag. I denne bygda der det er så langt mellom nye små born, så er dette ein festdag. Rett nok har de som er foreldre bustaden dykkar andre stader i landet. Men dåpsborna har likevel ei rot her på denne staden. Og den rota festar vi i kyrkjehus og kyrkjelyd gjennom den heilage dåpen.
Kom, alle tørste, kom til vatnet!
Fleire av profetorda til oss alle på denne store dagen kunne vore ramma inn og hengt over barnesenga: «Eg vil gjera ei evig pakt med dykk, mi miskunn mot David står fast»
Opphavleg gamle ord som skulle vere  til trøyst for eit heilt folk som var aldels bortkomne og landsforviste. Men Gud såg dei. Profeten hans trøysta dei.
I 2016 lyder orda på nytt til oss alle, og ikkje minst til dei nydøypte små: -Eg vil gjera ei evig pakt med dykk.
Sjeldan er innbydinga til livsfellesskap sterkare enn når vi kan lese slike ord.
Sjeldan er det lagt opp til at ein prest på tydelegare måte kan by inn til livet i lag med Gud. Han vil ha oss mellom sine. Han vil invitere oss til det store gjestebod. Han ser etter folk frå alle verdenshjørne:  «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
I dag håpar eg at du som fann vegen til Bruvik kyrkje, her i dette landet langt mot nord, vil gje deg på vegen mot festbordet i det evige.
To nye medvandrarar, enno aldeles små og hjelpelause, har vi fått ansvar for å leie med oss på vegen. Vi tok dei med oss til vatnet. Vi døypte dei.
Og for alle oss som er rundt dei på denne søndagen, så innbyr vi til eit bordfellesskap som det er dekka opp til her og no. I kyrkja i dag. Nattverdbordet står klart. Guds gode gåve til oss. Hans ufatteleg store gåve til oss. Jesus Kristus som er i brødet og vinen.
Eg håpar du høyrer innbydingsorda.
Eg håpar du er tørst på dei himmelske godene. Svolten på å mettast med Guds gode gåver.
Eg har før fått ete av desse gåvene. Dei vart til liv for meg.
Eg tar Jesus på ordet og vil dele med deg det eg har fått. I dåpen. I nattverden. Himmelgodene: Gjev som gåve det de fekk som gåve.

«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

AMEN

torsdag 4. februar 2016

Opp


Fastelavnssøndag III. 07.02.2006
Arna
Luk. 18,31-34

Les vi Lukasevangeliet nøye, ser vi at når vi kjem eit stykke ut i det 9.kapittelet, i 9.51, så får alt det Jesus seier og gjer ein heilt spesiell retning, eit veldig konkret mål.
Der står det: «Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.»
Dermed startar eit langt avsnitt i Lukasevangeliet  som gjerne blir omtala som den lukanske reiseforteljinga. Den strekkjer seg over 10 kapittel, og under og bak alt vi kan lese der ligg altså dette at det hender mens Jesus er undervegs på ei pilegrimsferd med eit heilt spesielt mål. Jerusalem. Tempelet. «Medan han var på veg til Jerusalem» er ei formulering vi støyter på fleire gonger i Lukasevangeliet. (13,22-17,11) Og så får vi  fortalt noko av det som hende rundt Jesus på vegen dit.
Den gamle paven som gjekk av for nokre få år sidan, kommenterer dette i ei av sine bøker, og  seier at dette er for Jesus ei indre oppstiging som vert fullført ved å gå ein ytre veg, oppstiginga til tempelet der Gud har lova å la namnet sitt bu. (5.Mos 12,11)
I dag møter vi Jesus i traktene ved Jeriko. Han har vore undervegs mot Jerusalem ei tid no. Jeriko er den byen i verda som ligg aller lågast, 260 meter under havet. I dag har byen ca.   26 000 innbyggjarar, men det var heilt sikkert mykje mindre på Jesu tid. Startar ein heilt nede i byen er det altså først 260 m opp før ein er på høgde med havet. Derifrå er det så ytterlegare 700-800 høgdemeter før ein er i Jerusalem. Altså ein skikkeleg fjelltur, det å gå opp frå Jeriko til Jerusalem og til tempelet der Guds namn bur.
Det er ingen grunn til å tru at læresveiane var jublande glade for dette forslaget. Dei såg føre seg tunge motbakkar, mykje sveitte, og dei bar nok i seg uro over at dette var eit område som slett ikkje var ufarleg å ferdast i.
Like etter at Jesus hadde sett ut sin kurs mot Jerusalem slik det er omtala i det 9. kap hjå Luk, kan vi i det 10.kap lese om den lovkunnige som ville setje Jesus på prøve, og som spurde Jesus «Kven er så nesten min?».
Då er det at Jesus fortel ei av sine mest kjende likningar der han tek utgangspunkt i mannen som fall mellom røvarar og som fekk hjelp frå den miskunnsame samaritanen.
Og kvar var det overfallet hende? «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar» (Luk.10.30)
Jesus skulle til Jerusalem. Ingen tvil. Og heller ingen røvarar på det siste bratte stykket mot byen skulle stogge han. Røvarane venta derimot på han ved målet. I byen. Ved tempelet. Der Guds namn bur!
Men altså, læresveinane stilte ikkje opp til nokon høgtideleg prosesjon i motbakkane som venta. Dei samla seg ikkje til kaffikos og fastelavnsbollar i Jeriko og hadde ei triveleg stund før dei gav seg i veg.
Kanskje er heller stemninga slik Johannes skildrar det i sitt evangelium (Johs 11,16) der Tomas i samband med oppvekkinga av Lasarus sa til dei andre læresveinane: «Vi går med vi òg, så vi kan døy saman med han»[1]
For det er heilt tydeleg at Jesu læresveinar  ikkje på nokon måtte hadde forstått kva som skulle skje. Kva som var i emning. Og det trass i at dette var tredje gongen Jesus tala med dei om heile vitsen med å dra til Jerusalem – nemleg at der skulle han lide og døy.
Orda til Jesus var eigentleg krystallklåre. Men likevel så dunkle og så ubegripelege:
«-alt som profetane har skrive om Menneskesonen skal oppfyllast. Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på, og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.»
Ikkje berre var orda klåre der og då.
Men som Jesus seier - dette har profetane skrive om for lenge sidan også. No skal det gå i oppfylling
Og med det profetane hadde skrive, siktar han bl.a. til profetorda vi har lese i vår gudsteneste tidlegare i dag:
«Sjå, min tenar skal ha framgang, han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.
Slik mange vart forfærde over deg – så øydelagd var han, han likna ikkje ein mann, han såg ikkje ut som eit menneske»
(Jes. 52,13-14)
Noko stort er på gang. Noko tungt er på gang. Motbakken ventar. Og når toppen er nådd, vert det berre endå verre.
Den kristne kyrkja står no på terskelen til fastetida. Om tre dagar er det oskeonsdag. Fastetida er i gang frå og med då.
Tradisjonelt har difor denne søndagen, fastelavn, vore ein slags festdag før faste, ein folkeleg dag for feiring og fortæring av god og feit mat. For fasten er tung og lang. Difor fest før faste.
Vi vil ikkje vere festbremser i kyrkja. Folk må gjerne ete gode bollar og kose seg med kakao og kaffi eller brus.
Men vi må våge spørsmålet: Når du slik gleder deg i festen, vil du deretter følgje med vidare inn i lidinga? Opp motbakkane. Tole sveitten, slitet, strevet?
Kanskje ligg det framleis røvarar og ventar mellom Jeriko og Jerusalem?
Opp til Jerusalem. Det er målet for Jesu pilegrimsreise.
Gjennom fastetida skal vi følgje han på ferda mot byen der Guds namn bur i Herrens tempel. No treng vi difor tre dagar på oss til å bremse ned inn mot onsdagen og fastetida.
I fastetida er Jesus ikkje berre på veg til Jerusalem. Han er på himmelveg, rett og slett. Han har noko å undervise sine læresveinar om mens dei er i lag på denne vegen. Han talar med dei om det himmelske. Han må forklare at det er hindringar som kan setje dei utanfor dette riket.
Hindringane ligg i motbakkane. Hindringane ligg i motstanden.
Men Jesus er klår i retning og mål. Han skal opp. Han skal trasse alt som er i mot. Motbakkar og motstand.
Fordi han ber i seg mot. Mot til å fullføre det han er komen for å utføre. «Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.»
Oppgåva hans vart sett ord på til læresveinane. Utan at dei forstår orda.
«Menneskesonen … skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på, og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.»
Gjevast over til…
Det er formuleringa Jesus brukar.

I dag skal Jesus gjevast over til deg.
Han som er spotta, mishandla og spytta på.
Han som dei slo i hel.
Blodet som rann. Kroppen som vart broten sund.
Overgjeven til heidningar.  Samstundes gjeven for deg.
I dag skal du få rette handa di ut når du går opp. Ikkje til Jerusalem. Men opp og fram til Herrens altar. I handa di får du «Jesu kropp – gjeven for deg»
I begeret som du rettar fram får du «Jesu blod – utrend for deg»

Han som skulle gjevast over til motstandarar og bødlar i Jerusalem vert gjeven over til deg i det heilage sakramentet her i Arna kyrkje på denne siste søndagen før faste.
Han fullførte kjærleikens motbakke. Han gjekk den tunge vegen i kjærleik til ei menneskeslekt som var aldeles på kant med Gud og hans gode vilje for sin skapning.
Då han nåde toppen av motbakkane steig han samstundes ned i den djupaste fornedring: spotta og mishandla og spytta på, … piska og slegen ihel.
Alt som møtte han var hat og hån og spott. Røvarane frå landevegen mellom Jerusalem og Jeriko hadde søkt seg tilbake til hovudstaden, til Jerusalem. Dei visste kven dei ville ha som sitt offer. Og Jesus visste at dei venta på han ved målet for den lange reisa.
Han er på veg opp «mot Jerusalem; det var dit han ville fara.»
No skal det menneskelege sviket og den forferdelege fornedringa av sjølvaste Gud som vart eit menneske fullførast. Men det heile skal vendast til velsigning og frelse for alle som trur. Alle som trur, sjølv om ein forstår like lite som læresveiane.
Og trua vår kan vi vise med å følgje oppover. Mot Jerusalem.
Trua vår kan vi vise ved at vi går  opp og fram, til Herrens bord der han som vart overgjeven til røvarar vert gjeven for deg i brødet og vinen.
«Sjå, vi dreg opp til Jerusalem»                                          
AMEN




[1] Sjå: Skytte/Brander: «Ett år med Jesus II» s. 36f

Bloggarkiv