søndag 22. november 2015



Domssøndagen/Kristi Kongedag II. 22.11.2015
Eidsvåg
Matt.25, 1-13

 
Vekkingsmøte tala dei om rundt om på bygdene før i tida.

Vekkingspredikantar drog frå bedehus til bedehus og tala med stort alvor og djup innleving. Bodskapen var ikkje til å misforstå: Dommens dag er nær. Vend om, før det er for seint!
Av og til fall denne bodskapen i grøderik jord. Folk lytta. Folk tok det inn over seg. Vekkinga braut ut og kunne setje store bygdelag, ja til og med heile byar, på ende.

Det er ikkje ei fjern fortid vi talar om no. Mange av oss har sett det på nær hald, kanskje til og med vore ein del av det med eige liv.  

Det var ingen som gjekk til kyrkje her i Eidsvåg denne søndagen med forventning om at dette skulle vere eit vekkingsmøte. Forventninga var vel kanskje at dette skulle vere ei gudsteneste av det vanlege slaget – trauste salmar, velkjende bøner, fellesskap ved nattverdbordet, og kanskje ei presteleg preike ein kunne hugse til ein kom heim att til middagen. Og nokre registrete kanskje at eit avgåande menighetsråd skal takkast av og eit nytt skal presenterast for kyrkjelyden.

Det kjem nok til å bli ein ganske vanleg gudsteneste, for ikkje ein gong presten ser for seg at denne gudstenesta skal ha ei form som minner om dei gamle vekkingsmøta.  

Men når bibelordet har fått arbeide med meg som står her som predikant på denne siste søndagen i kyrkjeåret, som vi no kallar for domssøndagen, eller også: Kristi kongedag, så kjem eg ikkje utanom at det eg framfor alt skulle ynskje meg som ei overskrift og eit symbol for oss alle denne dagen – det er ei vekkarklokke.
I dag burde kyrkjeklokkene fått kvile, og så skulle ei god, gammaldags skramlande vekkarklokke innleia samlinga vår, før kantor tok over med eit preludium som blåste støvet ut av alle krokar i kyrkjerommet.
For i dag handlar det om å vakne. Om å vere vaken slik at ein er førebudd på det store, alvorlege og tankevekkjande som dei gamle lekpredikantane var så viljuge til å tale om: Dommens dag!

Kvar gong vi møtes til gudsteneste, så seier vi fram vår truvedkjenning. Om Jesus Kristus heiter det som kjent i truvedkjenninga: Han ”- fòr opp til himmelen, sitter ved Guds, den allmektige Faders høyre hånd, skal derfra komme igjen for å dømme levende og døde”
Jesus skal kome att. Det er vår kristne tru – grunna på tydlege skriftord i Bibelen.

Heilt frå den aller første kyrkja har dei truande grunna på dette. Dei har venta. Dei har lurt på: Kjem han ikkje snart? Og mange, mange har brukt desse tankane til ikkje berre å spekulere på framtida, men til å tè seg spekulativt. Både forfattarar, filmskaparar, og ikkje minst prestar og predikantar har med bakgrunn i dette skapt skræmande og krasse domedagsskildringar og angstskapande framtidsscener.  

Slik ville ikkje Jesus det skulle vere.
Om vi la merke til dei to tekstane vi også har lese i gudstenesta i dag, så ser vi at i vår venting på at Jesus ein gong skal kome att, så handlar det om å ha visdom. Det handlar om å ha kunnskap og innsikt. Det stod ord om å leve som ein kristen ved å leve eit liv som er Herren verdig, og om å leve uthaldande og med tolmod. Og ikkje minst har vi lese om å kunne takke Far med glede, som Paulus skriv til kolossarane.  

På denne søndagen vil ikkje Jesus at hans kyrkje skal forfalle til ei samling menneske som i uforstandig panikk handlar som dei fem uforstandig brudejentene gjorde. Dei var rett og slett ikkje ferdige til å gjere det dei skulle når vekkarklokka ramla. Dei forsov seg på bryllaupsdagen. Difor vart det katastrofe og elende.

Men Jesu Kristi kyrkje skal aldri sove.
Kyrkja er kalla til å vake og be. Til ei kvar tid!

I Lukas 21,36 uttrykkjer Jesus kyrkja sitt kall i møte med det som har med dommens dag å gjere på denne måten: ”- Våk hver tid og stund og be om å få kraft til å komme velberget fra alt det som skal hende, og bli stående for Menneskesønnen.» 

Vak og bed!
Den som vaker og bed i lag med den kristne kyrkja kan trygt sove om natta.

Den som vaker og bed er del av eit fellesskap som til ei kvar tid held lampane brennande, også når vi treng vår kvile og vår fråkopling.
Knapt nokon har uttrykt dette så glimrande som salmediktaren John Ellerton i salmen ”Den dag du gav oss er til ende”. (NoS nr. 820) I salmens 2.vers heiter det:  

Takk at din kirke aldri sover!
Mens jorden ruller uten stans,
ditt folk i vekselsang deg lover
for nattens ro og dagens glans.  

Vi skal sove når vi treng det. men vi skal likevel vake i lag med vår kyrkje.
Vake og be. Be og vake.  

Dei fem kloke brudejentene var i lag om å syte for at dei hadde olje på lampane når kallet til å bryte opp lydde. Når brudgommen var ved døra, var dei ferdige. Sjølv om det hende midt på natta. Ein liten flokk kunne hjelpe kvarandre til å vere budd, også på den tida då det var aller tyngst å halde seg vaken.  

Slik er det å halde saman i ein kyrkjelyd. Kanskje er vi ikkje alltid så mange. Men vi møter fram, trufast, søndag etter søndag for å ta til oss frå oljekjelda. For å styrkje oss ved Ordet og av sakramenta. For å oppmuntre kvarandre til å vente med tolmod, til å vake og be. Det er den vesle flokken som held lyset brennande.

Må du aldri forakte den. Må du alltid søkje inn til den flokken. Elles kan det verte naudsynt for deg å lese nøyare om lagnaden dei fekk, dei fem som ikkje heldt seg med olje, som sløva bort og var ubudde. Det er vondt å lese. Men orda som står om dei fem uforstandige er ikkje sette der for moro skuld. Det er Jesu ord til si kyrkja også desse orda. Det er hans åtvaring om konsekvensane av å sløvne bort, av å gløyme at vekkarklokka faktisk er oppfunnen.

Men lat oss ikkje late som om ikkje også den kristne kyrkja kan verte søvnig når tida går, når ventetida vert uendeleg lang, og visjonar falmar og sloknar.
Vi lever i ei tid der dei kristne og den kristne kyrkja vert så bombardert med inntrykk, med påverknader, med krav og med påstandar, med skuldingar og med forakt, at det ikkje er det minste merkeleg om både einskildpersonar og heile kyrkjesamfunn vert så trøytte at søvnen tek over. Ein kjenner på trongen på kvile frå alt dette.

Men då er ikkje løysinga å trekkje seg inn i seg sjølv.
Då er løysinga å søkje saman i eit samfunn som har Han i sentrum som heile tida kviskrar oss i øyra med ei mild og myndig stemme: Vak og bed!  

I kyrkja, i fellesskapet, er vi der for kvarandre. Som enkeltpersonar kan vi kvile ut. Men som fellesskap held vi lampane brennande og lar lyset skine inn over oss. Vi vågar å stille livet vårt slik i den lyskjegla som fell på oss, at det går an å sjå det i våre liv som gjer at ein dårleg vane vert til ei syndig last som fører meg bort frå Gud, som tørkar ut oljekjelda og leier meg inn i flokken av dei uforstandige.  

Når enden av denne tida nærmar seg slutten, når dommens dag står for døra, så teiknar Bibelen opp for oss to parallelle scenarium. På jorda vil turbulensen auka, uroa breia seg og stresset og kavet vert påtrengjande.

Men under denne overflata gjer Den Heilage Ande sitt løynde verk i ein kraftig understraum.

Og den som lever livet sitt her, i denne Andens straum, ser andre ting enn dei som berre ser det overflatiske, det glansfulle, det spektakulære. I same andedrag som ein les i Apgj. 2.20 om at ”Solen skal forvandles til mørke og månen til blod før Herrens dag kommer, den store og strålende,” så står det i Apgj. 2,17 at ”I de siste dager skal det skje, sier Gud, at jeg øser ut min Ånd over alle mennesker. ” 

Når Jesus talar til læresveinane sine, og til den kristne kyrkja, om framtida, og om enden av tida, om dommens dag, så vil Jesus forme ei livshaldning hjå oss som er prega av frimot, av at vi vaker og ber og av at vi er fylte med kraft frå Anden.

Jesus vil ikkje at vi skal gje oss av med endelause spekulasjonar og fantasifulle framstillingar av dom og undergang. Det skaper ikkje noko anna enn frykt.

I staden vil Jesus at det skal skapast frukt. Han vil gjere ditt og mitt liv, livet til den kristne kyrkja her på denne staden, i vårt land og i heile verda til eit liv i bøn og forventning om at ein gong lyder ropet: ”Brudgommen kommer!” – og då er vi klar til å svare med glede, slik det står i Bibelens siste kapittel: ”Ånden og bruden sier: «Kom!» Og den som hører det, skal si: «Kom!» Den som tørster, skal komme, og den som vil, skal få livets vann uten betaling. (Johs åpb 22,17)

AMEN

Bloggarkiv