søndag 25. oktober 2015

"Jeg står for Gud som allting vet.."


 
Bots- og bønedag II.  25.10.2015.  Hamre kyrkje
Luk 18,9-14
 
Min inngang til denne søndagen og denne preika vart litt uvanleg.
For eg var i fengslet denne veka. I det store Bergen fengsel der to av mine medarbeidarar er fengselsprestar. Og i Bjørgvin fengsel, eit steinkast unna, jobbar endå ein fengselsprest. Saman med ein teologistudent i praksisopplæring sat vi altså fem i lag i kapellet i Bergen fengsel og diskuterte denne søndagens tekst.
Teksten for Bots- og bønedagen.
Bot og bøn. Anger og bot. Oppgjer med skuld og skam.
Eit fengsel må vel vere rett ramme for å tenkje på, og å snakke om slike tema?
For det her vi finn dei, dei som samfunnet må ta hand om i kortare eller lengre tid fordi dei gjorde det som ikkje var lov. Her må dei vel finnast dei som treng å gjere bot? Dei som framom alle oss andre har grunn til å be om tilgjeving.
 
Vel, alt er ikkje like sjølvsagt når vi slepper orda frå Jesus inn over oss.
Likninga om farisearen og tollaren vart ei sterk likning for oss prestane som samla oss i fengselskapellet.
Etter kvart gjekk det opp for oss at å når vi skal fram for Gud med bøn og i bot, treng det ikkje vere så stor skilnad mellom fangen på cella og presten i kapellet.
 
"To menn gjekk opp til templet for å be"
Tenk om det var dette som var det vanlege for strilar, og for bergensarar, for folk som bur i blokk i Åsane eller på ein bondegard på Osterøy? Eller for den saks skuld – bak ein høg fengselsmur med tunge portar og mange kameraauger som ser det meste.
Tenk om det var stor trafikk til tempelet – altså til kyrkja eller kapellet for å be?
Tenk om våre bedehus var fulle av menneske som brukte huset slik namnet på huset tilseier? Til bøn.
 
Vi bur i eit land som kallar seg kristent, men vi har ikkje anna enn fnysande forakt til overs for t.d. muslimane som bur her i landet vårt og som fleire gonger dagleg bøyer seg i bøn til den gud dei trur på. Her hjå oss er vi så sjenerte for å vise at vi av og til ber ei bøn til vår Gud, at det hadde vore betre for dei fleste av oss om vi hadde vorte kledd nakne framfor ei stor folkeforsamling.
 
Det er sant å seie lite av bøn, i alle fall av offentleg bøn og offentleg gudsdyrking, mellom Ola og Kari Nordmann. Vi kjenner Jesu ord i Bergpreika: ”når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til din Far som er i det løynde...."
Heldigvis er det enno slik at folk ber, men vi ber på rommet eller i det løynde, ikkje i templet eller kyrkja. Og vi gløymer lett at når Jesus formana oss til å gå inn i lønnkammerset vårt for å be, så var det for å åtvare oss mot hyklerisk bøn som vart boren fram for at menneske skulle sjå kor from bedaren var, ikkje for at Gud skulle lytte til nauda bak bøna.
 
Og då er vi akkurat ved sentrum for det det handlar om når vi høyrer om farisearen og tollaren som gjekk til templet for å be.  Farisearen var ein hyklar. Ein som hadde eit føremål med bøna - å vise seg fram som ein prektig og from kar som fiksa livet sitt på ein fortreffeleg måte.
Det bølgjer  av avsky i dei fleste av oss når vi høyrer farisearens kvalme bøn - til og med formulert som ei takkebøn: «Eg takkar deg, Gud,  fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der...."
 
Var det verkeleg naudsynt for Jesus å lage ein så overdriven karikatur av ei bøn, når Jesus skulle fortelja oss denne likninga?
Kanhende er ikkje slike bøner det største problemet for folk i kyrkja på denne søndagen. Det var annleis i Jesu samtid. Farisearar av denne typen gjekk høgst levande omkring og var ei skam for det religiøse livet den gongen.
 
Men kva med oss på Osterøy i 2015? Finst det farisearar mellom oss?
Kan hende gjer det det. I alle fall dersom vi kunne granska dei innarste hjartekrokane til folk. Men det er langt mellom denne typen som verkeleg står offentleg fram. Det er inga vits i å bruke denne preika til å åtvara mot å verte som farisearen.
Men lat oss sjå nærare på tollaren.
Det er han kristenfolket i Norge er opplærte til å likna.

Tollaren stod langt nede; han ville ikkje ein gong lyfte augo mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: "Gud, ver meg syndar nådig!"

Kyrkjefolket har lært denne leksa. Og godt og rett er det. I alle fall den delen som går på å rope til Gud i naud over syndene sine.
Før denne preika song vi den gamle salmen som startar slik:
 

"Jeg står for Gud som allting vet,
og slår mitt øye skamfull ned,
jeg ser min synd at den er stor
i tanker gjerninger og ord.
Det meg igjennom hjertet skjær.
O Gud, meg synder nådig vær!"                                (NoS nr.697, v.1) 

Vi vil løfte fram denne haldninga, denne sjølverkjenninga av eigne synder som sjølve vegen inn til Guds nåde og tilgjeving. Som tollaren bar fram sitt audmjuke skriftemål, slik skulle vi også gjere det i våre liv.

Likevel er det naudsynt, med denne teksten føre oss, å vise at også tollaren kan verte ein figur som vi på falske premissar freistar å etterlikne. Det er slett ikkje alltid syndenaud som gjer at vi stiller oss bak alle andre og slær augo beskjedent ned. Derimot er det unnvikande "fakter" for å sleppa unna oppgåver og kall som Gud kunne ha brukt oss til.

I kyrkjene våre er det sikkert som lås at det er dei bakarste benkene som fyllest først opp. Ingen går fram. Tenk om nokon såg meg!
I kyrkjelydane er det massevis av "gode gjerningar" som aldri vert gjort. Tenk om nokon trudde at eg framheva meg sjølv ved å gjere noko nyttig!

Og mange gonger når det er viktig å få vite kva folk meiner og tenkjer om saker og ting, så er det taust som i ei gravferd. I forsamlinga er det lettast å tenkjae "Nei, lat ikkje eg stikke meg fram."
Men ved kjøkkenbordet, på kyrkjetrappa, i telefonen, der har ein tydelege nok meiningar om alt som ikkje fell i smak. Og der er det heller ikkje vanskeleg å setje eit solid stempel på den som var så "syndig" å målbere andre tankar enn dei ein sjølv tagde inne med. 

"Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre”, fortalde Jesus denne likninga."
Slik vert teksten vår innleia. På Jesu tid hadde likninga fram for alt adresse til farisearane som i sjølvhøgtideleg arroganse dyrka sin Gud på aldeles feile premissar.

Hjå oss er det kan hende rettare om dei lyttar godt, dei som dreg seg unna ansvar og oppgåver og som på falske premissar stikk seg bort i den store anonymitet med den klassiske og lettvinte: "Nei - lat ikkje eg stikke meg fram."
Tollarens hjartesukk var: "Gud, ver meg syndar nådig!"

Denne søndagen, på bots- og bønedagen, er vi mange som burde sukke i lag med tollaren. Då skal vi vita: Gud høyrer vår bøn; vårt skriftemål.
Når han har høyrt bøna di, då seier teksten vår noko om å "gå heim, rettferdig for Gud".

Når du er rettferdig for Gud, då kan du trygt løfte augo dine mot himmelen; det som tollaren ikkje våga. Det kan vi gjere i lag. Og i lag kan vi samlast i vårt tempel; i vår kyrkje, for å be. Ikkje for å syne at vi er prektigare enn andre, men for å takke Gud for hans nåde og oppreisning og for å be han om å vise oss kva plass og kva oppgåve han vil at vi skal gå inn i når vi har vore der Gud så gjerne vil ha oss alle, i hans tempel for å be - be om rett syn på oss sjølve i staden for skeivt syn på vår neste.

søndag 18. oktober 2015

Det ligg nokon i porten min

21.s. i treeinigstida II. 18.10.2015
Hosanger kyrkje
Luk 16,19-31


Dette vart ein kjempedag! Tenk at vi skulle få ei slik vakker veke med haustfargar og strålande sol inn mot denne perfekte søndagen.  Kunne de fått ei flottare ramme rundt dåpsdagen til desse to småborna vi har døypt i denne vakre kyrkja? Blank haustsol. Fargesprakande landskap. Lys over glade fjes.
Slik vil vi så gjerne at framtida for desse nydøypte også skulle verte. De sit på fremste benken med desse borna i fanget og gled dykk over nytt liv.  ”Framtiden i våre hender” er det ein organisasjon som heiter. Det er ingen organisasjon de har i hendene og på fanget. Det er eit liv. Eit nytt levande menneske. Men aldri er uttrykket rettare enn i ei slik stund: ”Framtiden i våre hender”.

Litt lenger bak i kyrkja sit den eldre generasjonen. Dei som har funne vegen hit til dette tradisjonsrike gudshuset slik dei ofte gjer det når klokkene kallar på oss i helger og til høgtider. Eg er sikker på at de gler dykk i lag med nybakte foreldre. De synest det er flott med born som på denne måten vert borne til Jesus i den heilage dåpen. Saman kan vi førestille oss ein smilande Gud Fader som opnar armar og famn og gler seg storleg over nye små som han frå og med i dag har gjeve fulle rettar som eit Guds barn skal ha. Dei kan med tillit og glede få be slik Jesus sjølv har lært oss alle å be: Vår Far – du som er i himmelen.

Når høgtida her i kyrkja er ferdig om litt skal de halde fram med å feire dei nyfødde. Familiane kjem saman. Mat og fest. Haustfest og dåpsfest. Jau – dette vart ein kjempedag!

Hadde det berre ikkje vore for det ubehagelege vi får oss servert frå Guds ord på denne søndagen.
For sant å seie er det lite hyggeleg å verte minna om at utanfor porten til vår høgtid og vår glede og vår fest, der sit ein som heiter Lasarus.
Det er ein mann som har heilt andre levekår enn det dei fleste av oss her i Hosanger kyrkje lever under til dagleg. Bibelen kallar han rett og slett for fattig.

 Kva skal vi gjere med Lasarus på denne vakre haustdagen?
Vi må spegle livet vårt i lyset frå bibeleforteljinga som nett no vert løfta fram på preikestolar i kyrkjer over heile landet vårt.

 Vi må lytte til kva det står. Og vi må tenkje over om dette har med ditt og mitt liv å gjere.
For ikkje å snakke om – har det vi les her noko å bety for livet til den nyfødde framtida som skin som juvelar på fanget til dykk som bar dei til dåpen nettopp?

 Bibelteksten handlar altså om den rike mannen og Lasarus. Vi har lese om rikmannen som 
” - kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag.”
Kanskje passar ikkje ordbruken heilt som hand i hanske på deg og meg. Purpur og fint lin er neppe så veldig aktuelt. Men fine klede har vi, sjølv om vi ikkje går i bunad til dagleg. Kleda er til og med dyre. Og vi har mykje klede. Meir enn vi treng. Så mykje at nordmenn har råd til å kaste tonn etter tonn av nesten ubrukte klede. Ta deg ein tur i garderoben på skulen der borna dine høyrer til. Sjå kva skuleborn har råd til å gløyme att utan ein gong å spørje etter det. Det er vi som på denne måten viser vår gode råd. Rikmannen vi las om levde i fest og prakt dag etter dag. Det kjenner vi betre att. Jammen har verdens rikaste folk mykje prakt som står i midt i hagar med flotte plantar og grøne plenar. Her finn vi nye og gamle hus, side om side, med hagemøblar og siste skrik av moderne hjelpemidlar innandørs og i garasjen. Og ved bryggjene rundt om på Osterøy duvar leiketøy for summar vi knapt kan førestille oss.

 Vi skal snart gå ut att frå Hosanger kyrkje på denne søndagen. Ut til alt vi omgjev oss med av rikdom og luksus. Nokre skal heim til fest – og lat meg streke under det eg no seier med store bokstavar:  Gå heim til dåpsfesten med stor frimot, godt samvit og i stor glede. For det du festar for når barnet ditt er døypt er meir verd ei fest enn nest alt anna vi lagar til fest for.

Men ingen av oss skal gå frå kyrkja utan at hjarta vårt slår eit ekstra slag eller to for Lasarus. Han fattige ved porten vår.
Ser du ingen Lasarus, seier du?
Kjenner du ingen fattig? Ingen som hundane kjem for å sleikje såra til?

På denne søndagen har vi opplevd norsk haust på sitt vakraste. Slik vi har gjort det ei vekes tid no. Vi vert rett og slett i godt humør av slikt. Det er slik vi drøymer om det når regnet heilt sikkert etter kvart kjem til å hølje ned over hjå oss slik det alltid gjer når hausten pakkar Vestlandet inn i det som berre er grått og vått.
Og var det berre så vel at vi utan reservasjonar kunne gle oss over det vi opplever som så fint og godt som ein slik søndag.

Framtida i våre hender, nemnde vi. Og straks vert vi urolege. Urolege for framtida. Er haustfargane berre eit glansbilete som for nokre dagar løyner alvoret for oss. Er det det våte og det grå vi heller skulle mane fram i tankane våre når vi slepper til vår uro for framtida til sjølve Moder Jord.
For det handlar faktisk også om klimaendringar. Om sola som skin så alt for mykje her nord nett no. Vi høyrer om is som smeltar og om konsekvensar for havet og for oss som bur på land.

Korleis skal dei få det når dei som i dag ligg nydøypte i fanget dykkar her i Hosanger kyrkje vert skikkeleg vaksne? Når dei vert besteforeldre eller oldeforeldre?
Det ligg ingen Lasarus utanfor porten din når du kjem heim att i dag.

 Men korleis vil det sjå ut rundt om i verda når mange hundre millionar menneske vert drivne på flukt rett og slett fordi jorda dei i dag bur på vert liggjande under vatn fordi havet stig og fordi drikkevatnet vert blanda med saltvatn eller fordi breane i Himalaya som i dag gjev drikkevatn til ufatteleg mange menneske rett og slett er fordampa? Ver trygg på at Lasarus då kjem til å banka på grenseportar og på våre heimelege dører.

 På denne søndagen er vi minna om regnskogane som vert hogne ned med ufattelege konsekvensar for tallause menneske. NRK sin årlege TV-aksjon går av stabelen nettopp i dag, og du får sjansen til å gje pengar allereie før denne gudstenesta er slutt.
Og endå har vi ikkje nemnt det som rullar opp ved dørene våre i går eller i dag og heilt sikkert i morgon og i vekene som kjem: Flyktningane som strøymer nordover i Europa. Berre den siste månaden kom det 170.000 nye flyktningar til Europa.
Det er mange Lasarusar ved porten vår!

Nettopp difor er bibelteksten om den rike mann og Lasarus ei veldig utfordring til oss. For det første handlar det om det evig, vanskelege forholdet mellom fattig og rik. For oss som både i bokstavleg og overført tyding må seiast å leve på solsida  nett no, så er det ei ubegripeleg stor utfordring å finne ein rett måte å leve med vår rikdom på. For vi skal merke oss at bibelteksten ikkje er eit åtak på rikdom i seg sjølv. Bibelen seier ikkje at det er forbode å vere rik. Bibelen peikar på at rikdomen skal vi vinne oss på ærleg vis og utan at vi trakkar på Lasarusane rundt oss for å verte rike.

Både den rike mannen og Lasarus døydde. Denne teksten lærer oss difor, for det andre, noko om dei to moglege utgangane på livet. Vi høyrer om rikmannen som hamna i fortapinga. Og vi les om Lasarus som kom til himmelen – det står at han hamna i Abraham sitt fang.

Vi må spørje oss: Er det rikdom som er skilnaden på det som hende med desse to i det evige?
Nei, slett ikkje. For motsetnaden til rikmannen i teksten er ikkje berre Lasarus, men også Abraham. Og ser vi etter kva det står om Abraham i GT, så ser vi at han var svært, svært rik då han døydde. Gud velsigna Abraham i hans liv med rikdom som Osterøyfolket kanskje ikkje ville brydd seg så mykje om i dag. Han fekk mange kamelar, sauer og esel.
Vi ville vel heller hatt mange hestekrefter under panseret eller i båthekken, eller vi ville hatt tilgang til flyreiser eller litt luksus på eit godt turisthotell i Hardanger eller på Gran Canaria.
Det som var spesielt med Abraham og hans rikdom, var at han visste at hans store velstand, det var Guds velsigning. Og då vart også hans forhold til Gud og til sine fattige medmenneske heilt annleis. Han oppførte seg ikkje som eigedom og rikdom det er noko som kun er til privat forbruk, for meg og mine, og for at alt mitt skal verte endå større.
I himmelen var det den rike Abraham som tok mot den fattige Lasarus til fest. Abraham sette aldri spørjeteikn ved Lasarus sin plass ved det himmelske festbordet. Sjølvsagt skulle dei sitje saman ved bordet der.
Men då rikmannen slo augo opp i dødsriket vibrerte hans tankemønster frå jordelivet framleis. Han ba korkje Gud eller Abraham om å kome over til seg med vatn. Send Lasarus – bad han. Send fattigkaren hit. Han kan hjelpe meg i mi pine.
Men det var for seint å rope på hjelp frå fattige der.

 Den fattige var i Abrahams fang. Ikkje fordi han var fattig på jordisk gods. Like lite som Abraham var hjå Gud på grunn av sin rikdom. Rikmannen var heller ikkje hamna der han var – borte frå Gud, i den vonde fortapinga, fordi han kledde seg i purpur og fine klede. Heller ikkje fordi han hadde råd til å ete god mat.
Man fordi han mangla kjærleik. Fordi han oversåg han som låg med verkjesåra i porten. Fordi han jaga bort hundane som sleikte såra til den sjuke og forkomne.

På denne dagen er du og eg minna om at vi må finne vår plass slik at vi ikkje vert som den rike mannen. Kjenslelause. Uvillige til å bruke vår rikdom til å stogge øydelegginga av jorda og klimaet. Kalde i vår avvisning av dei som kjem til våre grenseportar og tiggar om smular frå våre overflodsbord.

 I dag må vi lære at vi alle er både Lasarus og den rike mannen.  Framfor Gud, i hans hus, er vi tiggarar alle saman som ligg og ber han om hjelp. Og Gud er den store motsetnaden til rikmannen. Han bøyer seg ned til deg og meg. Aller først skjer det i den heilage dåpen slik vi har vore vitne til det i dag. Etter kvart som dei nydøypte, og vi alle, får alder og år til livet, bøyer han seg til oss på nytt og på nytt for å lækje våre sår og for å reinse vår styggedom og for å reise oss opp frå våre fall. Han har næring, omsorg, varme og det gode liv. I Guds nærleik kan Gud omforme bitre tiggarar til kjærleikens menneske. Det gjorde han med Abraham. Vi har lese at han gjorde det med Lasarus.

Men Gud har endå ein ambisjon. Han vi forvandle steinhjarta til den rike mannen til eit mjukt og kjærleiksfullt hjarta. Eit hjarta som gjer det naturleg for ein som er rik, for slike som deg og meg – å dele sine rikdomar med andre, som vil bruke rikdomen til å skape ei verd der rettferd bur. Han løfter opp ei framtid som ligg i våre hender. Vi må våge oss inn i den. Villige til å sanne våre synder, til å endre vår kurs og til å byggje eit samfunn i tru og tillit til han som har skapt oss og som vil at framtida for oss alle skal fyllast med velsigning og håp.
AMEN


onsdag 7. oktober 2015

Ekteskapet

Andakt til 20.søndag i treeiningstida:
Dette innlegget er skrive til Askøyværingen/Kirkene på Askøy, og ligg ute på heimesidene: www.kirken-askoy.no


EKTESKAPET

Bibeltekst: Markus 10, 2-9
Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve. 3 «Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus. 4 Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.» 5 Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet. 6 Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. 7 Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, 8 og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. 9 Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

Skapinga av mann og kvinne.
Ekteskapet. Seksuallivet. Rammer for dette. Guds vilje for alt dette.
Det er ikkje ofte vi tek dette fram på kyrkja sine preikestolar, slik vi skal gjere det på denne søndagen. Det er nemleg rett og slett ikkje sant at kyrkja er så forferdeleg oppteken av sex og samliv. Det er media som heile tida vil fokusere på dette teamet. Gjennom media vert det skapt eit intens trykk for å endre haldningar og innstillingar til eit emne som kyrkja tradisjonelt har hatt eit anna syn på enn det som er gjengs folkemeining. Og då vert det framstilt som om kyrkja berre er oppteken av seksualitet.
Kyrkja er ikkje meir oppteken av dette en alle andre. Kyrkja ynskjer å formidle Bibelens syn på dette. Og Bibelen lærer at sex og samliv er eit gode som vert ekstra fargerikt og vakkert når det vert ramma inn av ekteskapet.

Denne søndagen vert ekteskapet tematisert i kyrkjene våre ved at vi skal lytte til korleis Jesus argumenterer når han får spørsmålet: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?»
Vi skal merke oss to sider ved det Jesus då svarar:

A) Han går tilbake til den gamle Moselova og gjev ei form for anerkjenning til det Moses i si tid hadde lagt som ei føring – at skilsmisse var lov «fordi hjarta dykkar er så harde». I Matteusevangeliet kan vi lese ei litt meir utdjupande utlegging av dette, der Jesus også legg til: «-det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.» (Matt.19,9)
Jesus heldt altså ei dør litt på gløtt for at skilsmisse er ein utveg.

B) Det andre Jesus peikar på, får han fram ved å gå tilbake til skapingsforteljinga i Bibelen og sitere det ordet som vi også les ved vigsel i kyrkjene våre: «- i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

Det handlar altså om Guds vilje med oss heilt frå skapinga. Det handlar om at Jesus stadfestar ord frå Det gamle testamentet om at vi er skapte til mann og kvinne, at desse to skal sameinast i ein kropp – det betyr rett og slett at dei skal ha sex – og at dei som lever saman slik er bunde i hop for heile livet.
Dette er det gode. Dette er slik Gud ville det. Jesus løfter det fram, samstundes som Jesus nemner våre harde hjarto og han veit noko om det som bur i kvar einaste ein av oss – det som kallast synd og som kan øydeleggje og rive ned, også eit ekteskap.
I kyrkja denne søndagen skal vi tale meir om dette. Du er velkomen til å vere der.

Bloggarkiv