søndag 31. mai 2015

Treeininga



Treeiningssøndag II – 31.mai 2015
150-års jubileum for Arna kyrkje – i Haus kyrkje
Luk. 10, 21-24
For 150 år sidan samla dei seg både frå Osterøy og frå Arna i kyrkja på Haus. Dei samla seg til gudstenester, til bryllaup, dåp og gravferd. Dei kom hit til fots, dei kom med hest og kjerre, eller slik nokre av oss gjorde det i dag, roande i båt frå fastlandet til øya der kyrkja låg før Arnakyrkja i all si prakt var ferdig bygd, stein på stein, som ein lokal kjendis frå denne bygda gjerne uttrykkjer det.
Kven var dei – dei som samla seg den gongen?
Ganske sikkert var det heilt vanlege folk. Bønder og arbeidsfolk. Over fjorden kom nok ein del av dei som hadde fått seg arbeid på den relativt nye fabrikken i Ytre Arna. Eller unge kvinner i huspostar. Husmødre. Born. Konfirmantar. Ein og annan lærar. Nokre kommunefunksjonærar eller kjøpmann.
Alle kom, og alle hadde lært seg å syne respekt for presten. Kanskje kan nokre av oss som i dag er i den stillingen drøyme om farne tider og om eit samfunn der nokre ytterst få, deriblant prestane, var løfta ut or sjiktet av såkalla ”vanlege” folk og var blant dei privilegerte?
Skulle det vere slik at dagens prestar lengtar tilbake til klasseskiljet, så får dei berre gjere det. Det er fåfengte draumar, og det er dårlege draumar. Vi skal vere glade for at verda har gått framover gjennom 150 år.
Men her møttest kyrkjelyden frå øya og frå fastlandet. Og her lydde Ordet. Forkynninga.

Forstod folket det som vart sagt til dei frå preikestolen?
Tja – eg veit ikkje. Eg veit lite om kor gode predikantar mine kollegaer var for så lenge sidan.
Men eg er ganske sikker på at også prestane som den gongen stod fram, hadde litt å bryne seg på når dei skulle forklare kyrkjelyden frå Osterøy og Arna om den heilage treeininga.
For evangeliet som lyder til oss på denne jubileumsdagen er like gåtefullt i 2015 som det var i 1865 eller som det var den gongen Jesus sjølv tala orda vi har lese i lag. Orda som opnar eit vindauge på gløtt slik at vi skimtar konturane av ein av dei vanskelegste trussanningane som den kristne kyrkja står samla om. Treeingslæra – det at den Gud som vi trur på samstundes er både tre personar og ein Gud.
Vi har lese om Jesus i dag. Vi har møtt han i ein av dei få situasjonane i NT der han står fram og på same tid gjer seg til eitt både med Gud Fader og med Den heilage ande.
I same stunda jubla han (Jesus) i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.  Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»

Jesus jublar i Anden. Jesus ber til Faderen. Jesus talar om at berre Faderen og Sonen kjenner kvarandre fullt ut. I Johs. 17,11 seier Jesus det med reine ord om forholdet mellom han og Far: ”-vi er eitt”
Dette er ikkje noko mindre enn eit mysterium.
Dette er ikkje logisk.
Eg trur ikkje at prestane midt på 1800-talet makta å forklare dette på ein betre måte enn dagens prestar gjer det. Og dagens prestar gjer det neppe betre enn forgjengarane gjorde det.
Likevel trur eg kyrkjelyden frå Osterøy og Arna den gongen kunne har eit forhold til læra om den treeinige Gud som var minst like godt som det vi har, vi som har funne vegen til kyrkje i dag.
Dei hadde mindre skulegang enn oss, for 150 år sidan. Knapt nokon hadde skulegang utover den obligatoriske, korte folkeskulen. Nokre få hadde kanskje artium. Truleg var det berre presten som hadde vore ved Universitetet i Christiania eller i København.
Men det er ikkje skulegang som opnar opp for mysteriet.
Jesus seier det krystallklårt: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.»
Kva er det Jesus har openberra for umyndige små?
Kva er det Jesus jublar for i Den heilage ande?
Det kan vere to ting.
Det eine er det han talar om vidare i tekstavsnittet vi har lese – nemleg forholdet mellom Far og Son.
Men det kan òg vere at han jublar for det han nettopp har forkynt til læresveinane sine.
For i bibelteksten står det litt andre ord enn dei redigerte orda vi har lese frå tekstboka som preiketekst på denne søndagen: Der står det: I same stunda jubla han (Jesus) i Den heilage ande…
I same stunda – som kva?
I same stunda som han sa til læresveinane: ”Gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!”
(Luk. 10,20)
I dag er det treeiningssøndag. I dag kunne vi gjerne sett for oss å bruke lang tid på ei preike som tok form som ein bibeltime slik at vi fekk dukke ned i treeinigsmysteriet. Seie litt om det store teologar og tenkjarar har sagt føre oss. Kanskje kunne dette vore ein dag der presten tok fram dei mange sitata frå kloke .
Vi har ikkje tid til det. Og eg skal nøye meg med eit lite sitat frå ei preike av ein svensk kollega som verkeleg har lese bøker eg aldri visste eksisterte ein gong. Presten Bo Brander skriv i ei preike på denne søndagen om apostlane og profetane som gjerne tala om alt dei hadde fått openberra frå Meisteren. Men når dei kom til det som låg bortanfor orda, så foreskreiv til og med dei største av dei rett og slett den totale stilla.
[1]
Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for
Ingen veit, seier Jesus, om dette mystiske forholdet mellom han og Faderen.
Men vi treng ikkje vite. Vi treng ikkje forstå. Vi skal berre tru. Ikkje tale mysteriet bort i mange og vanskelege ord.
I Ordet vert alt dette openberra for oss. Ikkje alt like klårt rett nok.
Men det viktigaste er så klårt at til og med umyndige små skal forstå og skjøne og vere i stand til å juble i lag med Jesus. Slik han i dag har vist oss at han jublar i Den heilage ande.

Det er berre ei veke sidan pinse. Ei veke sidan vi på ny kunne gle oss over å feire Andens kome og Andens verk i mellom oss.
I jubel saman med Jesus gler i oss over det som Jesus jubla for, og over det som våre forfedre frå Osterøy og Arna kunne gle seg over når presten deira forkynte det til dei: ”Gle dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen”
I glede over det, og med forventning til at der, i himmelen, der skal vi ein gong møtast. Vi som er her i dag, i lag med dei som var kyrkjelyd for 150 år sidan, eller med dei som gjekk rundt i lag med den levande Kristus i hans til på jorda. Då skal løyndomane opneberrast. Då skal vi sjå og forstå det ingen i dag veit og ingen i dag kjenner fullt ut
– Den treeinge Gud.
Fader, Son og Heilag ande.

Amen



[1] Skytte/Brander: ”Ett år med Jesus” bnd I s.10

Bloggarkiv