søndag 25. januar 2015

Blind


4. s i openberringstida, II. 25.01.2015
Ytre Arna
Johs.9,1-7.35b-38

Eg kjenner nokre få blinde menneske. Dei eg kjenner er i fullt arbeid og fungerer på ein nesten uforståeleg måte i kvardagslege oppgåver som eg med alle mine vankunnige fordomar ville tenkje var uråd å gå inn i for blinde.

 Eg ser godt. Det sa augnelækjaren eg var hjå i veka som gjekk. Men eg har etter kvart forstått at eg er nesten blind for kva det i praksis betyr å leve som blind.

 Eg har forstått at eg ikkje skal prøve på å gje meg ut på å skildre kvardagen til dei blinde. Det har eg ingen føresetnader for. Heller ikkje kva tankar blinde gjer seg om den lagnaden som har ramma dei. Til det har eg alt for liten kunnskap.

Men vi som ser, veit i alle høve kva dei går glipp av, dei som ikkje kan sjå. Difor har nok sjåande gjennom alle tider hatt det med å synast synd på dei blinde. Og til å undre seg over korleis dette eigentleg opplevest. Og innimellom til å stilla uforskamma spørsmål.

Eg vonar at dei blinde har evne til å bere over med vår uforstand når vi som ser, demonstrerer vår hjelpeløyse i møte med det som er deira kvardag, eit tungvint handikap, som likevel ikkje set dei utanfor utdanning og arbeidsliv. Når blinde kan takle sitt problem så framifrå som dei blinde eg kjenner har gjort, så skulle ikkje vi gjere som læresveinane til Jesus gjorde det; spørje med slik infam uforstand: "-kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?" 

Dette er feil spørsmål!

Det fører fullstendig på viddene om vi som kristne skal leite etter årsakene til sjukdom eller funksjonshemming i gamle synder, anten som vi sjølve har gjort, eller som foreldra våre gjorde før vi sjølve kom til verda.

Sjukdom og liding er ikkje straff for enkeltmenneske sine synder.

Både friske og sjuke gjer synd. Blinde og sjåande syndar heilt på lik linje. Det gjer vi fordi vi alle er ein del av ei fallen menneskeslekt som ein gong må stå til ansvars for den synd vi har gjort. Og ansvaret vi må påta oss, er klårt i følgje apostelen Paulus: "For den løn synda gjev er døden.." (Rom 6,23a)

Ikkje noko mindre. Døden. Den ventar oss alle.  

Men i møte med døden er det likevel von, for Paulus held fram i det same verset i Romarbrevet: "..men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre."
(Rom 6.23b)

Feil spørsmål i møte med lidinga, altså.

Jesus er ikkje oppteken av årsaka til at denne mannen vart fødd blind. Og at nettopp denne eine vart vald ut til å få synet tilbake, kan også verke tilfeldig. For det var ikkje slik at Jesus gav synet tilbake til alle blinde den gongen. Like lite som blinde i dag kan rekne med å få sjå fargar og former som vi sjåande kan gle oss over.

"- no kan Guds gjerningar bli openberra  på han".
Slik tala Jesus om denne spesielle mannen. Han som på så underleg vis fekk synet tilbake. Nesten gjennom magisk trolldom kunne det først synast. For når Jesus spyttar på jorda og lagar ei leire av spytt og jord som han smør på dei blinde augo, så minner det ikkje om noko anna enn det trollmenn og magikarar gjer under heilt andre tilhøve, som vi i dag gjerne omtalar som primitive.

Men lat oss ikkje øyda tankekrafta vår på kvifor Jesus valde å gjera dette underet akkurat på denne merkelege måten. Slik gjekk det føre seg, og poenget er ikkje korleis Jesus gjorde eit under, men poenget er føremålet: Han ville syne Guds gjerningar på denne blinde. Og han ville, ved å opne for lys og for fargar gjennom mørke og blinde augo, syne at han sjølv, Jesus Kristus, han var den han gav seg ut for å vere: "-eg er lyset i verda"

Jesu under då han gav den blindfødde synet tilbake, var noko mykje meir enn eit under med lækjedom for denne mannen, som sjølvsagt var råka av ein tung og vanskeleg lagnad.

Jesu under viser at han har større oppgåver enn å sleppe lyset til der synet manglar. Han vil sleppe lyset til der sjølve trua er formørka.  

Han står der og lyser sjølv, han som er lyset for verda. Jesus set fokus på seg sjølv.
Visst er det mykje vakkert å sjå for den som legg merke til menneske og natur når augo ser seg rundt.
Men kan du sjå Jesus, du som ser så mykje anna i verda som omgjev deg?

Har du dette lyset klårt for ditt indre auga? Det som skin frå Jesus sjølv? 

Det hende noko underleg med den blindfødde og med dei som var vitne til at Jesus gav denne mannen synet tilbake.

Forteljinga som vi har lese som vår preiketekst er korta kraftig ned i forhold til alt som står i det 9.kapittelet i Johannes evangeliet. Det vi las, var om sjølve underet, og om tydinga av underet. Men mellomspelet, heile 26 vers i dette kapittelet, det har vi hoppa over. 

Ser vi på kva som skjer med han som var blind, men som fekk synet tilbake, så kan vi lese korleis hans innsikt i kva som eigentleg hadde hendt, den vart større og større. Første gongen nokon spurde kva som hadde hendt, svara han: "Den mannen som heitte Jesus, laga til litt leire osv." (v.11) Jesus er her berre ein mann.

Nokre vers lenger ute, får han enno ein gong spørsmål om kva han meiner om han som gjorde han frisk. No svarar den blindfødde: "Han er ein profet" (v.17)

Endå litt lenger ute kjem mannen i kraftig krangel med jødane om kven Jesus var, som hadde gjort han frisk, og no er konklusjonen i v.33 at Jesus er frå Gud.

Og høgdepunktet har vi lese i preiketeksten. Jesus sjølv utfordrar han: "Trur du på Menneskesonen." "Eg trur, Herre, sa mannen. Og han tilbad han" (v.38) 

Den blindfødde fekk synet at. Og etterkvar vart hans indre syn og hans tru klårare og tryggare. Hans innsikt om Jesus utvikla seg frå at Jesus berre var ein mann, så at han var ein profet, vidare at han kom frå Gud, til at han var Menneskesonen som han kasta seg ned for i tru og tilbeding.

Men for dei såkalla sjåande vitna til Jesu under gjekk utviklinga nærmast omvendt.
"Denne mannen er ikkje frå Gud", seier dei først (v.16). Lenger ute vitnar dei falskt om Jesus: "Vi veit at dette mennesket  er ein syndar" (v.24), og dei seier òg: "vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå" (v.29)
Det handlar altså om meir enn augo som kan sjå på denne søndagen.

Det handlar om å sjå i sitt indre at Jesus er verdens lys. Det handlar om å tru på Menneskesonen. Det handlar om å kome så langt som at Jesus vert trudd og tilbeden. At ein kastar seg ned for han med orda: "Eg trur, Herre"

I tekstordet høyrde vi at Jesus til slutt var utfordrande og direkte til den blindfødde: "Trur du på Menneskesonen?"

Dette spørsmålet skal hange att når eg snart er ferdig med denne preika. Eg vonar at vi kvar for oss etter kvart har sett så mykje av Jesus at augo våre er så klåre at vi kan svare som han som også hadde fått nytt syn gjorde: "Eg trur, Herre"
Den blindfødde kasta seg ned for Jesus i tilbeding.

Eg utfordrar ingen til å kaste seg ukontrollert ned  her i kyrkja i dag. Derimot innbyr eg deg til stille og roleg å finne din plass saman med dei andre i kyrkjelyden når vi om litt skal knele ved Herrens bord. Den same Jesus som møtte den blindfødde og gav han nytt syn og ny tru, vil då møte oss med nattverdens handtrykk.

Eg vonar vi kvar for oss kan gå frå kyrkja i dag og at det då syng i vårt indre: "Eg trur, Herre!"

AMEN

søndag 4. januar 2015

12 år

Kristi openberringsdag, II. 04.01.2015
Bruvik
Luk. 2,40-52
Ein stad i Italia sit det framleis ein gammal, avgått pave. Kva tyske Joseph Ratzinger var for si kyrkje i åra han var pave og bar nemnet Benedikt XVI, skal ikkje eg meine så mykje om. Men han gav ei gåve til heile den kristne kyrkja som eg har gledd meg over fleire gonger. Han skreiv tre bøker om Jesus frå Nasaret. Glimrande bøker til oppbygging og til djupare forståing av kven Jesus var, og kven Jesus er, for oss som lever i dag.
På nokre få sider har den gamle paven kommentert avsnittet i vår Bibel som vi stoggar for på denne Kristi openberringsdag. Mykje av det eg vil seie i dag er inspirert av pavens innføring. 
Men ikkje alt har Benedikt skrive like levande om.
Kanskje fordi han sjølv har levd heile sitt lange liv i det katolske sølibatet, og difor ikkje sjølv har opplevd det å vere far. Han har, så langt eg veit, aldri hatt ansvar for ein tolvåring. Han var sjølv ein gong 12, men det er lenge sidan.
Dei av oss som er foreldre her i kyrkja i dag, har kanskje fleire gonger opplevd den iskalde klo som set seg i brystet vårt når vi leitar etter barnet vårt, og ikkje finn guten eller jenta med det same.  Litt avhengig av barnets alder og kvar i verda vi måtte vere, er dette ei forferdeleg oppleving.
Ti minuttar leiting etter eit barn, om det renn ei stri elv like i nærleiken, er eit mareritt.
Eit barn som blir borte i storbygatene medfører full politiutrykking etter ein halvtime.
Når nokon går manngard i skogen for å leite etter ein gut på 12, er TV2 på pletten med helikopter og kamera.

Maria og Josef på leit i tre dagar etter tolvåringen Jesus var forferdeleg dramatisk. Dei var redde, står det.
Som far eller mor forstår vi det utan vidare. 

Kanskje har vi sjølve leita ein eller fleire gonger? Vi likar ikkje å tenkje på det ein gong.
Litt vert ein pave spart for. Men sanneleg går paven og dei andre katolske prestane glipp av mykje også når dei avstår frå gleda ved å bli foreldre.

Denne første vanlege søndagen i eit nytt år, kallar vi altså for Kristi openberringsdag.
Vi går denne dagen inn i ein periode på nokre søndagar framover der vi i kyrkjene vår skal kome tettare inn på det å oppdage kven Jesus eigentleg er. Det handlar om at han skal openberrast for oss. At vi skal sjå han, og undre oss over denne guten. Barnet som kom til oss i jula. Han som vismennene leita opp ved å følgja stjerna på himmelen heilt til dei stod ved Betlehemsstallen. Han som kongen var så redd for at han sette i verk barnedrap i stor stil, og slik jaga den vesle familien som vi har i fokus i dag som flyktningar i Egypt.
Om dette barnet har vi i dag lese profetiar. Jesaja tala ord om ein Herrens tenar som allereie frå mors liv var kalla og utvald av Gud. Han skulle vere lyset for folkeslaga. Han skulle føre frelse til endane av verda.
Han fekk namnet sitt kunngjort av ein engel – han skulle heite Jesus – det som betyr Herren frelser.

Lite veit vi om barnet, om Jesu barndom. Vi veit om fødselen i Betlehem. Vi veit om flukta til Egypt. Så les vi om tolvåringen Jesus slik vi har høyrt i dag.

Kva er dette for ei forteljing?
Ei litt søt barndomshistorie, om ein ekte gluping av ein gut? Ein slik gut som vi i dag kanskje ville kalla for vidunderbarn? Eller litt mindre vakkert: Ein nerd?

Dette er noko meir enn ei søt barndomshistorie!
Lat oss gå tilbake til det vi alt har vore inne på. Foreldra som leita etter guten som var sakna. For foreldra var dette tre mørke dagar med sorg og angst.
Tre dagar med mørke tankar på kva som kunne ha hendt. For Jesu var borte. Første dagen leita Maria og Josef ved å gå nordover i retning frå Jerusalem mot Nasaret. Ein dag leita dei blant kjenningar. Ingen Jesus var å finne. Så gjekk dei ein dag tilbake mot Jerusalem. Like resultatlaus leiting. Men heilt sikkert mørkare og mørkare tankar etter som timane gjekk og Jesu var som sokken i jorda.
Skal tru om Maria allereie no hugsa orda ho i si tid fekk høyre frå gamle Simeon i tempelet – orda om at «gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd» (Luk.2,35)?

Tredje dagen hende det endeleg. Dei fann Jesus. I tempelet.
Tredje dagen.
Kva er det eigentleg som står mellom linjene?
Etter tredje dagen var han tilbake mellom dei. Slik det skulle vere mange år seinare. Her finn vi det som må forståast som ei stille og varsam tilvising til tre dagar som seinare skulle vere sentrale i Jesu død og liv. Tre dagar mellom krossfestinga og oppstoda. Også det skulle bli tre dagar fylte av smertefullt fråvær. Tre dagar i mørket.

Kor stort mørke dei var i ved dette høvet, anar vi når den skjelvande, og sikkert også gråtkvalte, stemma til Jesu mor lyder for vårt indre øyre. Orda som er skrivne med vanlege bokstavar på bibelsida vert levande, og vi lar dei tale til vår indre med sitt sukk av utløyst smerte og redsel: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.»

Teksten vår startar med å vise til at dette hende i samband med påskefeiringa. Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet er ein boge som spenner frå Jesu første påske i Jerusalem til hans siste, påska med krossen.

Jesus har eit svar å gje når Maria spør: Kvifor har du gjort dette mot oss?
Og det er eit underleg svar. Eit mektig svar. Kunne dei begripe at han ville svare slik: «-eg må vera i huset åt Far min»?
Det han eigentleg seier er: Eg er akkurat der eg høyrer til. Eg er heime. Eg er hjå Far.
På bakgrunn av det vi veit både Maria og Josef hadde opplevd i samband med Jesu unnfanging og fødsel der det med engleautoritet vart slege fast at Marias barn var eit Guds under; at ho og Josef aldri hadde vore saman slik at barnet Jesus kunne verte til, så synest det merkeleg at her omtalar Maria Josef som far til Jesus.
Men så vert ho korrigert av Jesus sjølv. Av han på 12 år. -Josef er ikkje far min, seier han; utan å bruke akkurat dei orda. Jesus seier det ved å vise til at no er han i Fars hus. Han er i tempelet. -Eg er hjå Far når eg er her. I hans hus.
Gud sjølv er Jesu far. Det guddommelege far-son forholdet vert uttrykt krystallklårt av ein 12 år gamal Jesus.

Samstundes brukar Jesus eit språk når han seier dette til Josef og Maria som uttrykkjer noko endå djupare.
Uttrykket «-eg må vera» er meir spesielt enn det kan sjå ut til når vi les dette slik det står på norsk i vår bibel.
Dette er ein av dei tinga den gamle paven har fått så fint fram i si bok, når han forklarar at det vi har omsett med ordet «må» er eit uttrykk som går att mange stader i evangelia i NT. Og då ser vi om att og om att at Jesus brukar dette uttrykket når han skal seie noko om det som handlar om den planen Gud har vilja og tenkt ut for Jesu liv og død. Eit døme finn vi i Mark.8,31 der det står at Menneskesonen lida mykje --- bli slegen i hel, og tre dagar skal han stå opp att.» At Jesu «må» vere i templet, i Fars hus, er ikkje eit opprør mot foreldra i Nasaret, men han må vere der fordi han er bunden av den same lydnad til sin Far i himmelen som seinare skal føre han til krossen og til oppstoda etter tre dagar.

Maria og Josef skjøna ikkje kva han sa. Kva han meinte.
Og det er ikkje det minste merkeleg.
For ofte er det slik at når Jesus talar, så er orda hans for store til at ein i augneblinken maktar å ta til seg den heile og fulle breidde og djupne i det han seier.

Men vi har noko å lære av Maria. Vi kan lære å gøyme Jesu ord i hjarte vårt. Gøyme det. Grunne på det. La orda frå Jesus bu der inne i oss slik at dei kan modnast for at vi skal forstå og skjøne betre etter kvart.
Kanskje er det nettopp det openberringstida i kyrkjeåret skal hjelpe oss til? Å oppdage kven Jesus eigentleg er!

Det er kanskje ikkje til å verte overraska over at ein pave løfter fram Marias tru som eit forbilde for oss. I boka si gjer den gamle paven nettopp det.
Og her kan det ikkje vere vanskeleg å følgje i alle fall denne biten av katolsk Marialære.
For paven skriv noko å gjere som henne, som Maria, å bøye seg for dette store som er vanskeleg å forstå, og så langsamt vekse inn i det ved å ta vare på Jesu ord i hjarte og å grunne på det.
Og, seier paven vidare: «- Samtidig fremstår Maria ikke bare som den store troende, men som bilde på Kirken som bevarer Guds ord i sitt hjerte og gir det videre.»

Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet seier oss noko om at Jesus vaks vidare etter fylte 12. «Han gjekk fram i alder og visdom»
Det er viktig å ta også dette med seg på denne søndagen. For det at Jesus veks på denne måten, handlar om at Jesus verkeleg kjenner sin himmelske Far – Gud – innanfrå. Ingen annan enn Jesus står Gud så nær som han gjer. Vi nærmar oss no dette forunderlege som til slutt går opp i treeingslæra som vår kyrkje deler med den katolske kyrkja.
Men her handlar det altså om den visdom som Jesus veks inn i fordi han og Far er eitt. Dei må vere i same hus. Og der finn vi Jesus ved Fars hjarte, slik vi las det i eit av versa som var sentrale i juledagens preiketekst i kyrkjene våre. Det står om dette forholdet mellom Jesus og hans Far i Johs 1,18:
«Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.»
I Jesu svar til si mor når ho finn tolvåringen i Jerusalems tempel, skin det tydeleg gjennom i tekstorda vi kan lese i dag: Jesus er hjå Far. Jesus ser tinga og menneska i hans lys.
Men samstundes ser vi at Jesus veks i visdom. Han er ingen guddommeleg robot der han vert funnen i diskusjon med dei lærde i tempelet. Han er inga datamaskin. Han er ingen nerd.
Han er i Fars hus. «-i fanget til Far». Samstundes rotfesta i heimen til Josef og Maria i Nasaret. Dit reiser dei no. I lag. Her skal han vekse til ein mann. Til ein menneske som utviklar seg og modnast.
I kyrkjeleg språk uttrykkjer vi dette ved at vi seier om Jesus at han er både sann Gud og sant menneske. Korleis det eigentleg heng i hop at dette er mogeleg, det ligg utanfor det du og eg kan begripe. Men vi kan gripe det. I tru. Slik Maria gjorde det. Og trua gøymer vi i hjarta vårt.

I tru let vi att døra til Jerusalems tempel denne søndagen. Vi ser for oss tolvåringen som veit kvar han høyrer til. I Fars hus. Og vi gler oss med dei to frå Nasaret som såg lyset der i tempelet då dei etter tre dagars mareritt fann att guten dei var så glade i.
Vi skal forlate kyrkja i Bruvik snart også. Kanskje er det ein far eller ei mor her denne kyrkja i dag som leitar etter barnet sitt. Som har ein son eller ei dotter som ikkje er å finne i Fars hus. Det kan vere i heimen her på Osterøy at dei aldri viser seg. Noko hende som gjorde det vanskeleg mellom foreldre og born. Vi saknar dei slik. Vi leitar. Etter bortkomne søner og døtrer.
Nokre ville så gjerne at borna deira var å finne i tempelet. I kyrkja. Men son eller dotter veit ikkje vegen dit. Eller dei vil ikkje gå på den vegen. Det er så sårt.
Vi maktar ikkje å gle oss med ei glade, dei som fann sine att der dei aller helst ville finne dei – i Fars hus.


Til alle som har bortkomne som vi leitar etter, som vi søkjer, som vi så gjerne vil finne att:
Du skal vite: - Ingen søkjer så nøye etter dei som han vi har møtt i dag. Jesus.
I dag har vi høyrt og lese om han. I dag har vi også lese ein gamal profeti som kyrkja tolkar slik at den handlar om Jesus. Litt av den profetien vil eg løfte fram heilt til slutt som eit ord du som framleis leitar og søkjer etter dine bortkomne skal få ta til deg. Gøym det i hjarta ditt etter denne gudstenesta. Det var sagt om Jesus, men det gjeld for deg. Det gjeld for dine: « - før eg vart fødd, frå eg var i mors liv, har han hugsa namnet mitt» (Jes. 49,1b)
AMEN

Bloggarkiv