søndag 28. september 2014

Lat deg opp!

16. s. i treeiningstida. I. 28.09.2014
Haus
Mark 7,31-37

Han var døv og hadde vondt for å tale.
Vi kjenner folk som har det slik den dag i dag. Vi kunne brukt mykje tid på å prøve å seie noko om korleis det er å leve med ei slik funksjonshemming.
Det vil eg ikkje gjere nett no.
Ikkje har eg spesielt gode føresetnader for å seie så mykje om det heller.
Ikkje meir enn at eg anar at dette er noko som er tungt å leve med for den som er ramma. Eg er takksam for at eg sjølv høyrer, og for at ingen av dei som står meg nær må leve med ei slik liding.

Derimot vil eg gjerne seie noko om det vi høyrer at Jesus gjer for denne mannen som var døv og hadde vondt for å tale.
Kort kan vi seie at han gjorde mannen frisk. Jesus gjorde eit under. Det skjedde eit himmelsk mirakel. På eit eller anna vis greip Gud inn.
Også i dag høyer vi om folk som står fram og fortel at dei har opplevd det dei forklarar er eit mirakel. At Jesus på ein eller annan måte kom inn i livet deira med lækjedom og oppreising etter tung liding.

Heller ikkje det vil eg seie så mykje om. Eg vil ikkje bortforklare vitnemåla vi høyrer om at slike ting skjer. Eller forklare det. Men lytte, og ta det til meg som vitnemål om trua på Jesus.
Det eg vil løfte fram i dag er noko eg fekk augene mine opp for ved å lese ei enkel andakt av ein som var min studiekamerat gjennom alle åra på MF.

Mange vil kjenne Knut Grønvik frå hans andakter i radioen eller frå det han har skrive i Vårt Land og i ei rekkje andaktsbøker.  Han har bl.a skrive ei bok med ei kort andakt for kvar dag i året. Boka heiter «Alle dager. 366 enkle betraktninger»
På ein av dagane har han nokre tankar om det som er vår samlande tekst i dag.
Der peikar Knut Grønvik på tre viktige faktorar som vi skal sjå litt på. Faktorar som gjer at menneske får opne øyre for evangeliet, og at det vert naturleg for dei å lovprise Gud med si tunge.

Han peikar på det Jesus faktisk gjer med den døve og stumme mannen:
-nær berøring
-sterk medkjensle
-tillitsfull bøn

Det står i tekstordet at folk førte den døve bort til Jesus og bad han leggje hendene sine på den døve.
Det Jesus gjorde var at han tok mannen med seg bort frå folket.
Legg merke til det.
Hadde det vore i dag, ville ikkje Jesus stilt opp for ope kamera frå ei spektakulær scene i ei eller anna megakyrkje.
Han gjekk avsides med han. Han var åleine med han.
Det er ikkje utan grunn at vi i kyrkja vår oppmuntrar til at sjelesorg og samtale skal skje i det stille. På tomannshand.
Eg er lite begeistra for dei som reklamerer med møtearrangement der dei lovar lækjedom og helbreding i Jesu namn, like lett som om dei kan love innslag av ein musikar eller songartist i det same møtet.

Jesus var nær den døve. Så nær at han tok på han med hendene sine. Han rørte ved han. Det står til og med at han stakk fingrane inn i øyra han, og at han brukte spytt til å røre ved den stumme tunga hans.

Jesus vil gjerne være nær oss. Røre ved oss. Berøre hjarta vårt slik at vi kjenner at det er han som er der. Han vil tale til oss ved sin heilage ande. Når han talar, kan til og med døve høyre. For han talar ikkje berre gjennom trommehinner.  Han gjer det òg når forkynninga om Jesus lyder. Men Jesus talar til heile kroppen vår. Ved det vi ser, når vi les i Ordet hans. Ved det vi kjenner når dåpsvatnet væter hender og hovud, ved det vi smakar når vi et og drikk brød og vin der vi også får del i Jesus kropp og Jesu blod.

For 50 år sidan var det fleire av dykk som var her i kyrkja som unge konfirmantar. Den gongen knela de ved altaret, og prest og kyrkjelyd bad for framtida dykkar.
Eit ungt liv låg i Jesu hender. Tillitsfullt vart framtida di lagt fram for Gud.

Jesus ville forma livet ditt ved å røre ved deg. Være nær deg. By deg inn til å kome litt avsides med han frå tid til anna. Vere stille for han i bøn og lytte til det han vil seie deg. Andre gonger inviterte Jesus deg til å møte han i fellesskapet med andre som trur, for å tilbe og lovsyngje han.
Tiår på tiår har gått. Dei eine kalenderen etter den andre er bytta ut. Pensjonisttida står for døra, og barneborna er klare til å konfirmerast.

Eg ser Jesus for meg i dag. Eg trur hans auge er fokuserte på Haus kyrkje og alle oss som er her no. Jubilantar eller pårørande. Faste kyrkegjestar, eller ein som er meir tilfeldig innom Guds hus denne søndagen.
Eg trur han ser oss, kjenner oss, og vil røre ved oss alle som ein.
Det er som eg kan høyre sukket hans mellom litt malingslitne kyrkjevegger her på Osterøy denne haustsøndagen: Effata, lyder det frå Jesu munn. Lat deg opp!

Lat opp øyra ditt og lytt. Lat opp hjarta ditt og tru. Lat opp munnen din til takk og lov.
For framleis ser han. Framleis kjenner han deg og meg og oss alle.
Han ikkje berre kjenner oss. Han har også medkjensle med oss. For han veit om det som er vanskeleg i livet til deg og meg.

Det er ikkje sikkert det er så mange stumme og døve mellom oss. Men han ser oss med det som er vår bør. Det som er vanskeleg i ditt og mitt liv.

Han vil ta deg ut or flokken som driv rundt i i velstandslandet Norge og er forblinda av løn og status, hus og bil, ferieturar til eksotiske stader eller av at born og barneborn skal gjere endå betre karriere i livet enn det vi sjølve fekk til.

Effata. Lat deg opp – lyder det frå Jesus når han ser deg og meg.
Lat opp livet ditt for han som tok deg ut or kvardagsmaset og sette deg på kyrkjebenken denne søndagen. Her møter han deg og legg armen på skuldra di og seier: «Her er eg». Han vil vere her. Nær deg. Røre ved deg. Vere god på ein annan måte enn det er råd for familie eller samfunn å vere god.

Framleis ser Jesus mot himmelen og ber for oss. Tillitsfullt går Jesu bøn til hans Far i himmelen. For dykk som jubilerer for ein konfirmasjonsdag for lenge sidan. For du som har det travelt med småborn heime. For ungdomar som vert dregne mot spanande utfordringar der viktige vegval ventar bak kvar sving. Han ber for deg som er gammal og veit at enden på livsvegen kanskje nærmar seg.

Han som er god, han som vil hjelpe, han som i det stille vil ta oss ved handa, føre oss ut og gjennom tunge eller vonde dagar, han løfter blikket mot himmelen i denne stund. Han har sett deg.

Og du? Måtte du sjå Jesus i dag. Lytte til han. Høyre på han.
Måtte di tunge verte løyst så du kan takke Jesus. Lovprise han. Gå han i møte når han i dag byd deg til bords. Der er han nær deg.
Det er ikkje berre hans finger som rører ved øyra ditt, der ved altarbordet.
Der er Jesus kropp og blod i brødet og vinen. Det er gjeve for deg. Så synder vert tilgjevne.
«-de har smaka at Herren er god» (1.Pet 2,3) Eg unner deg også, å kjenne denne smaken,

AMEN.

søndag 14. september 2014

Urettferdig nåde

Vingardssøndagen/14. s. i treeiningstida. 14.09.2014
Haukås (nytt kyrkjelokale ved NLA Høgskulen)
Matt.20,1-16
Kva er rettferd?

Når vi tenkjer på rettferd, så tenkjer vi ofte på lik løn for likt utført arbeid. Det skulle berre mangle at det ikkje var slik når vi skal ut og gjere ein jobb.
Men det vi les i søndagens preiketekst er noko heilt spesielt. Det handlar om Gud. Om han som ikkje gjev deg og meg det vi hadde fortent. For dersom Gud skulle løne deg og meg for det vi gjorde for han, då vart det ingen ting på nokon av oss. Rett og slett av den grunn at ingen av oss er i stand til å gjere det Gud vil vi skal gjere godt nok. Gud vil vi skal vere fullkomne. Det er ingen av oss.
Alle er ufullkomne.

Men Gud treng oss likevel. Gud vil at alle menneske skal høyre han til og vere hans arbeidsfolk. Same kor mykje eller kor lite vi maktar å gjere for han, så er han så glad i oss at han gjev oss full løn, alt det beste han har å gje oss. Han gjev alle mykje meir enn dei fortener. Fordi Gud er god!

Kva er rettferdig?
Det er for eksempel rettferdig at den som gjer noko gale vert straffa.
Vi har gjort mykje gale mot Gud. Men fordi Gud er glad i deg og meg, og fordi han ikkje orka å gje oss den straff vi fortente, så straffa han Jesus i staden for deg og meg. Han måtte dø for at vi skal få leve evig i lag med Gud.
Jesus var behandla urettferdig. Vi slapp å verte behandla rettferdig. For det vi fortente var ikkje løn, men straff. Fordi vi så ofte er ulydige.

Gud er urettferdig god! God mot deg og meg. Han gjev oss løn når vi vil vere i teneste for han. Han gjev alle menneske det same: Evig liv i lag med han.
Slik er Gud mot den som vil vere i teneste for han.

Alle får frelse og evig liv. Dette som Jesus har kjøpt og betalt for oss alle, og som vert delt ut som løn til kvar einaste som kjem for å vere med i hans vingard, hans arbeidsgjeng.
Vi måler rettferd med millimeterblikk. Gud måler rettferd med kjærleg blikk.
Gud står ikkje ved himmelporten og sorterer ut flittige og mindre flittige medarbeidarar og løner nokre med meir enn andre når ein kjem på innersida i Guds evige rike.

I dag er Guds augo retta mot oss alle. Det er gode augo som ser på oss. Skaparaugo med skaparens forventningar. Han treng oss. Han har gjort seg avhengig av oss. Han vil løne oss. Løna kallast evig liv. Løna er det same som vi kallar nåde. Her får alle mykje; ufortent mykje. Slik sett er Gud urettferdig, for han gjev oss så mykje meir enn vi alle fortener.

Lat meg no ta dykk med til ein engelsk storby. I ein av dei store kyrkjelydane i byen, ein kyrkjelyd med mykje folk og med ressurssterke folk, starta dei med gudstenester også i byens slumområde. I dette området av byen hende det gledelege at fleire av dei kriminelle; tjuvar, innbrotsmenn og dei som verre var, omvende seg og vart kristne.
Og når det vart halde gudsteneste kom desse kriminelle til kyrkje og gjekk til nattverd i lag med byens betrestilte borgar som også møtte opp på desse gudstenestene.

Ved eit slikt høve kunne presten i kyrkja observere at ein tidlegare innbrotstjuv knelte ved nattverdutdelinga side om side med ein dommar i Englands høgsterett. Denne dommaren hadde tidlegare dømt mannen ved sida av til fengsel i sju år. Men då han kom ut or fengselet, vart forbrytaren omvendt og ein ivrig kristen medarbeidar.
Under nattverden, medan dei knela, såg det ikkje ut som om korkje dommaren eller den andre let seg merke av kvarandre.

Etter gudstenesta gjekk dommaren heim att i lag med presten. Dommaren sa til presten:
- La du merke til kven som knela ved sida av meg ved altarringen i dag?
- Ja, sa presten, - men eg var ikkje klar over at du sjølv la merke til det.
Dei to gjekk stille vidare ei lita stund, og så sa dommaren: - For eit under av nåde! Presten nikka og var samd. - Ja, for eit fabelaktig under av nåde!
Då sa dommaren: - Men kven snakkar du om?
Presten svara: - Om omvendinga til denne kriminelle.
Då sa dommaren: - Men eg tenkte ikkje på han. Eg tenkte på meg sjølv.
Presten vart nesten sjokkert og svara: - Tenkte du på deg sjølv? Eg forstår ikkje.
- Jau, sa dommaren, - det kosta ikkje den innbrotstjuven så mykje å omvende seg då han kom ut or fengselet. Han hadde ikkje noko anna enn eit kriminelt rulleblad bak seg, og då han såg Jesus som sin Frelsar, visste han at det var frelse, håp og glede for han.
Men sjå på meg. Heilt frå tidleg barndom vart eg opplært til å leve som ein fin mann. Eg lærte å be, å gå til kyrkje, gå til nattverd o.s.v. Eg gjekk på Universitetet, tok mine eksamenar, vart advokat og til slutt dommar.
- Difor, prest, - ingenting anna enn Guds nåde kan ha fått meg til å innsjå at eg er ein syndar på line med denne kriminelle.
Det trongst uendeleg mykje nåde å tilgje at eg var så stolt og så full av sjølvbedrag, til å få meg til å innrømme at i Guds augo var ikkje eg betre enn den kriminelle som eg sende i fengsel.

I dag handlar det ikkje om rettferdig løn. Om forteneste for det vi har prestert. Det handlar om nåde. Om Guds uendelege godleik mot oss. Om at Gud gjev oss så mykje meir enn vi fortener. Det gjeld dei som kan vise til lang og tru teneste! Dei skal vi gjerne løfte fram og gje både takk og ære oss i mellom. Men dei som kjem seint inn i Guds rike, inn i arbeidet, inn i tenesta, dei får den same løna og den same æra: Dei får Guds nåde dei og.
Det er ein likeverdig plass ved nådens bord både for høgsterettsdommaren og for tjuven. Slik er det også i Guds evige rike.

På vingardssøndagen handlar det om at Gud kallar arbeidarar til teneste for seg. Han vi ha oss i teneste. Men han lønar oss ikkje etter forteneste. Han lønar oss med nåde.


søndag 7. september 2014

Talentane

13. s. i treeiningstida. I. 07.09.2014
Hosanger
Matt.25,14-30
Eit hol i jorda er ein dårleg gøymestad for verdfull eigedom. For pengar eller verdisaker. Eit hol i jorda er ikkje staden der vi stikk unna det som kan skaffe oss leveveg og gode, lyse dagar. Til det er holet for mørkt og trist.
Og han hadde det sikkert mørkt og trist i sinnet også, han vi møter i tekstordet vi nett har lese. Det er som om vi ser han for oss, der han står med jord under naglane og sveittar over spaden. No skal han grave opp att det han ein gong la i holet. Skatten hans. Skatten han gravla saman med redselen han bar på inne i seg. Redsel for ein streng herre som hadde sett han til forvaltar over verdfull eigedom.
Ein heil talent, ei årsløn, hadde herren hans gjeve han før han drog utanlands. Han hadde ikkje sagt så mykje før han fòr, men mannen forstod at det ville vere ille om han sløste bort det han fekk. Best å gøyme det unna. Så fekk heller dei to andre medtenarane hans, som fekk mykje meir pengar enn han, berre styre med sitt. Han skulle i alle høve ta vare på det han hadde fått. Djupt nede i holet i jorda.
Stakkars mann! Han forstod ikkje at dette var som å gravleggje ein død. Han forstod ikkje at hans angst og redsel for herren hans også vart til dom over han sjølv.
I dag møter vi denne mannen der angsten gjev han krefter til å ta tak i spaden som han grev i jorda med. Den same angsten som gjorde at han aldri kom så langt at han brukte dei mange pengane til å investere slik at det kunne vekse og spire og gro rundt han. Han orka ikkje å kalkulere med risiko. Berre med det han syntes var sikkert. Å gøyme bort det han hadde.
Men etter kvart fekk han vaska jorda av hendene, og vi møter han att når han står med bøygd hovud bak i kroken og ser dei to medtenarane sine gå fram for husbonden som er komen heim etter utanlandsferda. Han kan ikkje anna enn å verte imponert. Fem talentar hadde vakse til ti. Ti årsløner kunne den eine levere tilbake.
Og den andre? Sanneleg hadde ikkje også han fordobla det han var betrudd. To talentar – to årsløner – hadde vakse til fire.
Vel. Det han hadde fått var i alle fall ikkje sløst bort. Han hadde ikkje tapt noko som helst, sjølv om han heller ikkje hadde vunne. Og han merka seg husbondens rosande ord til dei to andre:
”Bra, du gode og trugne tenar! … Du har vore tru i lite. Eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!”


Denne teksten handlar altså ikkje berre om lammande angst og redsle for å gjere noko. Sjølv om det fort vert slik at vi fokuserer på han det gjekk ille med. Han som slett ikkje fekk høyre ord om ein god og trugen tenar, men som i staden vart kalla dårleg og lat og kasta ut der dei  græt og skjer tenner.
Men det finst fest og glede i teksten vår også. Vi må ikkje oversjå det. Det ligg rett og slett eit ufatteleg potensiale i det vi les.
Husbonden delte ut i alt åtte talentar fordelt på tre tenarar. Fem + to + ein. Og han fekk att femten talentar. Det mangla ein på at husbonden hadde fordobla det han sette tenarane til å forvalte. Eit fabelaktig resultat. To tenarar var kjempeflinke. Ein var berre litt redd.
Vi kan diskutere straffa han fekk, han som var redd. Men det er ikkje noko hovudpoeng i dag. Poenget er å sjå kva som opnar seg av framtid og von for den som vert sett til å forvalte Guds rikdomar. Vi må ha augo våre opne for å våge noko for han som er vår herre og vår husbond; vår far i himmelen.
Han har gjeve oss ufatteleg mykje. Han har sett oss til å forvalte; til å vere hushaldarar over alt det han har skapt her på jorda. Han har gjeve kvar av oss evner og anlegg. Nokre av oss har fått rik utrustning. Andre har fått mindre. Men alle har fått noko.
Kva gjer vi med det vi har fått?
Hamnar det i eit hol i jorda? Nesten som når vi gravlegg dei døde?
Eller brukar vi det vi skal forvalte til å skape ny vekst? Nytt liv. Meir liv. Som når vi legg noko i jorda, ikkje med redsel og avmakt eller med sorg, men i håp om grøde og spiring og avkastning.
Då kan vi gjerne verte skitne på nevane. Det er slik det skal vere når vi gjer meir enn å ta vare på og å gøyme bort. Vi forvaltar med tanke på avkastning.

Eg skulle gjerne ynskje at vi var mange, mange som ville våge meir for han som har gjeve oss utrustning og ressursar som vi skulle forvalte på vegne av Gud.
Vi er med i ei kyrkje der vi må ha lov å seie at det på sett og vis hanglar og går. Om det går opp eller ned er ikkje alltid like lett å måle. Men om vi vågar å ta på oss dei brillene som har glas av ærlegdom, så er det neppe så mange av oss som kan påstå at det Gud  sette oss til å forvalte med våre liv, det er vi klare til å gje tilbake med dobbel avkastning dersom vi fekk krav om å gjere det i dag.
Difor etterlyser eg meir vågemot for Gud.
Difor ropar eg på større frimot for den kyrkja vi er ein del av og som vi høyrer til i.
Difor utfordrar eg oss alle til å engasjere oss med truskap for ein Gud som gav oss alt han hadde for at vi skulle forvalte det, medan vi ventar på at han ein gong kjem tilbake.
Vi lever i ei tid der vi er opptekne av oss sjølve og av våre eigne. Vi er opptekne av pengar og av det som kan kjøpast for pengar. Vi bryr oss mindre om fellesskapet  med dei vi har rundt oss.
Kyrkja er slett ikkje åleine om å etterlyse engasjement. Vi har så smått teke til å ana at det er kommuneval om eit år. Vi skal i kyrkja vår setje fokus på at det samstundes skal veljast nye sokneråd. Mange politikarar kjem til å vere frustrerte over kor vanskeleg det er å få folk på bana, båe til aktivt politisk engasjement, til praktisk å hjelpe til, til å få folk til å møte fram når folkemøta skal arrangerast. Folk er tunge å be.
Mange ropar på oss, og oftast vel vi då det som gjev størst og lettast personleg utbyte for minst mogeleg innsats.
Her i kyrkja på denne søndagen spør Gud etter di hand. Etter dine føter. Etter din munn. Etter ditt hovud. Etter dine idear. Dine talentar! Det er trong for nettopp deg. Du har fått så mykje.

Nokre av dykk er her i kyrkja i lag med oss for å dele ei intens glede over den største gåva av alle. De har bore eit barn til dåpen. Barnet er ei Guds gåve til dykk.
Barnet skal vekse opp. Kva vil det møte i heim og kyrkje av undervisning og kunnskap og kristent fellesskap?
Spanande oppvekstår ligg framom. I dag vert talentane delte ut. Som foreldre får de ei gåve å forvalte på borna sine vegne. Gåva er den kristne trua.
Kva vil du gjere med dette slik at barnet ditt skal få lære om Jesus i oppveksten?
Fleire av dykk vart konfirmerte for 50 år sidan.
Talentar vart delte ut her i Hosanger til dykk alle som jubilerer i dag. Gåver frå Gud.
Kall og kunnskap for at du skulle leve eit liv i Herrens nærleik.
Enno er ikkje rekneskapsdagen komen.
Men kanskje er dette ein dag til å sjå etter i dei bøker som handlar om ditt liv. Berre du kjenner innhaldet. 
Kva vil herren din sjå når han ber deg opna boka og vil halda rekneskap for deg som hans tenar?
Hosanger kyrkjelyd treng at du brukar talentane dine mellom alle som har ein heim i denne kyrkja. Her treng vi fleire enn dei profesjonelle som får betalt for å arbeide i kyrkja.
Det sit mange menneske rundt om på Osterøy som ville verte glade om ein medkristen kom innom for ein kopp kaffi, litt prat og kanskje til og med for å dele Guds ord saman.
Difor spør eg i dag: Kvar er du, du som kunne vore ein medtenar i din eigen kyrkjelyd? Gud gav deg munn og mæle og armar og bein. Med ditt liv og med dine enkle ord kan du få sagt meir enn ein prest rekk å seie i mange talar frå ein preikestol.
Vågar vi som kyrkje å oversjå dei som strevar med livet sitt? Vågar vi?
Ser vi kallet til diakonal innsats som ligg i å nå fram til denne gruppa menneske som vi heilt sikkert også finn her i denne kyrkjelyden? 
Nokre av dei er born. Born som har det vanskeleg. Born som opplevast vanskelege, av skulen, av kameratane,  - kanskje også av foreldra?
Andre er unge. Unge som politiet har eit særleg auga til.
Men har kyrkja og kyrkjelyden auga til desse ungdomane?
Nokre av dei drikk øl og dram i slike mengder at dei er i ferd med å øydeleggje seg sjølve og familiane sine. Var det ikkje betre om kyrkja såg dei og fortalde dei om eit bord der dei fekk drikke den heilage nattverdvinen i staden, slik at dei såkalla festane som lett utartar til fyll, kunne bytast med eit mål om ein gong å få ta del i ein større fest i det evige Guds rike?
Dei som har ansvar for misjonens sak i landet vårt melder om tyngre tider. Gjevarane sviktar. Rekrutteringa sviktar. Våre private inntekter aukar, men vi gjev ikkje meir i kollektkorgene i dag enn for ti år sidan. Korleis forvaltar du og eg det Gud gav oss?
I dag står vi framfor Gud. Enno krev han oss ikkje til rekneskap for det han har sett oss til å forvalte. Enno har vi tid til å gå i oss sjølve, til å tenkje gjennom det kvar av oss har gjort med det vi har fått av talentar, av evner og nådegåver.

Lat ikkje angsten og otten, korkje for Gud som den store og utilnærmelege og strenge, eller redselen for at du skal rive grunnen unna ditt eige eksistensgrunnlag, gjere at du finn deg eit mørkt hol og grev talentane dine ned der.
Heller vil vi glede oss over at Gud ser på deg og meg som sine tenarar.
Lat dette frigjere deg til teneste for han, til teneste for kyrkja og til teneste for din neste.
Og lytt så til ekkoet av tiltalen til dei to som var dei gode forvaltarane i likninga vi har lese:

”- Du har vore tru i lite. Eg vil setja deg over mykje. Kom inn og gled deg i lag med herren din!”
Måtte desse orda ein gong lyde for øyro til kvar og ein av oss!                                      AMEN

Bloggarkiv