søndag 23. februar 2014

Fjellturen

Kristi forklåringsdag I. 23.02.2014
Arna
Matt. 17,1-9

Etter at eg vart bestefar for litt over tre år sidan, har eg av og til tenkt på noko eg ikkje hugsar var så framme i tankane mine dei gongane eg sjølv vart far. Eg har sett på dei små når dei låg i senga eller i vogna. Søvnen var djup og god, og alt var berre fred og glede. Så vakna dei. Språket deira for å fortelje at no var ville dei verte tekne hand om, det var gråten. Og mor eller far var aldri seine om å sjå til dei. Av og til fekk til og med farfar denne hyggelege oppgåva.
Det eg lurer på er kva for tankar barnet gjer seg når mors ansikt smiler over senga? Når fars armar løfter det gråtande barnet slik at roen kan senke seg? Eller endå til – når barnet ser det grå skjegget til farfar og smiler mot han?

Det er heilt opplagt at noko går føre seg inne i hovudet til barnet. Men vi får aldri den vesle til å setje dei vaksne orda på det.
Likevel forstår vi at det er noko velsigna godt barnet må tenkje. Noko som jagar gråten på dør. Noko som skaper ein trygg atmosfære. Forventning om mat. Om å verte tørr. Om sterke armar som skal bere.
Det er ein lysande augneblink kvar gong det skjer, om enn aldri så trøyttande når det skjer ofte, eller midt på natta.

Framfor meg nett no, sit de som er ekspertar på dette. Småborna i fanget dykkar er borne til dåpen nettopp. Med glede og med fred var vi gjennom denne handlinga. Ei privilegert handling å utføre for ein prest. Vere der på Guds vegne. Sjå inn i dei nyfødde augo, og innimellom få eit strålande smil tilbake midt i den heilage handlinga.

I dag vil eg gjerne peike på eit anna ansikt som ser ned på desse små. Eit ansikt som lyser mot dei ved døypefonten. Eit par augo som vaker over dei ved senga eller i vogna. Ein som kjenner dåpsborna. Men ikkje berre dei. På same måten føl hans varme augo søsken og nybakte foreldre. Han gløymer ikkje gråhåra besteforeldre heller, eller krokete odlingar. Han er vaken når unge konfirmantar tek forsiktige eller uforsiktige steg ut i ei lokkande verd med spanande utfordringar, anten det er ein sein lørdagskveld eller i ein myldrande kameratflokk på skulen. Han vaker. Han ser.
Ein dag fekk hans aller næraste vener sjå dette ansiktet som i dag ser oss alle. Eit ansikt dei trudde dei kjende så godt. For Peter, Jakob og Johannes var i lag med Jesus kvar einaste dag. Dei høyrde han tala. Dei såg at han gjorde store og underlege ting. Lækte sjuke. Metta tusenvis med berre ein nistepakke. Sjølvsagt kjende dei Jesus. Trudde dei.

Heilt til fjellturen.
Det var Jesus som inviterte med, og Jesus visste nok kva som skulle hende. Jesus valde altså ut tre av dei læresveinane som stod han aller nærast, Peter, Jakob og Johannes. Dei skulle på fjelltur, og dei la i veg oppover.

Eg trur dei hadde det akkurat slik du og eg har det når vi går til fjells. Motbakkane kan vere bratte. Sveitten kjem fram. Vi pustar og pesar, men går på for vi veit at det er så flott å kome opp. Og kanskje er det slik når vi går saman med andre, at det er ein eller annan spreking i følgjet som alltid skal gå litt fortare slik at vi får problem med å hengje på. Eg trur både Jesus og følgjet hans var skikkeleg peste når dei kom til toppen. Sveitten rann og det var godt å slengje seg ned i bakken.

Då var det hende. Dei tre såg opp for å prate litt med Jesus, men det hadde hendt noko aldeles forunderleg.
Det var ingen sveitt Jesus som stod attmed dei. Det var ein skinande Jesus. Ein totalt forandra Jesus. Så forandra, at dei nesten hadde vanskeleg å forstå at det kunne vere Jesus, men – jau! Det var han.

Ansiktet hans skein som sola, står det, og kleda hans var kvite som lyset.
Det  desse tre læresveinane fekk sjå, var ikkje noko mindre enn eit glimt inn i himmelen, dei fekk ei aning av korleis det er der Gud høyrer heime, der Jesus eigentleg kom frå før han vart menneske og kom inn i vår verd. Det var Jesus som vart forklåra for augo til Peter, Jakob og Johannes.

Men det var framleis ikkje slutt på merkeleg hendingar på fjelltoppen. For mens Jesus vart forandra framfor augo deira steig det brått to personar til inn mellom fjellvandrarane. Dei dukkar opp, Moses og Elia. Underet hender. Ut or ingenting står dei der. Som om dei kom dit frå ei fantasifull tidsmaskin i Donald Duck. Korleis det hende forstår vi ikkje. Men ei historie på tusen år var som om den var viska bort. No var dei her; han som representerte Lova i GT, Moses, og han som representerte profetane i GT, Elia. Begge tala dei med han som skulle oppfylle lova og profetane, Jesus Kristus. (Matt.5,17)

I det vi møter i denne teksten, er korkje Moses, Elia eller nokon av dei tre læresveinane hovudpersonar. I det som skjer på fjellet denne dagen, er det Jesus som står i sentrum. Han som vert forklåra for augo på dei som er med på den underfulle hendinga.  Han som strålar som sola og som skin som lyset.
Og som for å krone heile dette ufattelege,  så lyder det ei stemme frå himmelen. Guds stemme. Det kom «- ei lysande sky og la skugge over dei, og frå skya kom det ei  røyst: «Dette er Son, han som eg elskar, i han har eg  mi glede. Høyr  han!»
Det veldige som læresveinane fekk oppleve gjorde dei audmjuke, redde og underdanige. ”Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, gripne av redsle.”
Slik er det å kome nær det guddommeleg for eit vanleg menneske. Det vert for sterkt. Til og med Jesu aller næraste vener tolte ikkje det veldige dei fekk sjå og høyre. Dei kasta seg ned etter å ha sett den gamle og den nye pakt møtast på fjellet i guddommeleg glans.
Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.

Peter fortel seinare om denne opplevinga. Det han og dei andre hadde sett på fjellet saman med Jesu hadde gjort eit mektig inntrykk. Det hadde teke bort deira tvil på om Jesus kom frå Gud, om Jesus var Messias. Opplevinga fortalde dei vidare til andre, sjølv om Jesus bad dei om å vente med å fortelje til etter han var død.

Fjellturen tok til slutt ende. Dei fire gjekk ned igjen frå fjellet. Borte var glansen. Borte var dei to gamle frå fortida. Det var dei tre og Jesus.

Så sit vi her i Arna kyrkje på denne søndagen. Her nede i låglandet. Vi ser mot dei høge byfjella rundt Arnagryta. Kanskje er dette typisk for situasjonen til mange norske kyrkjelydar. Vi er nede i det låge. Vi ser fjella, og skulle gjerne våga oss opp dit. Våga oss nærare Gud. Tettare inn på han. Men vi orkar ikkje. Eller vi vågar ikkje.
I dag skal du få vere nettopp her.
Og i dag skal både du og eg få kvile i å vere som Jesu nære vener – ein som litt trøtt etter ein strevsam dag eller ein strevsam tur ute i det verkelege livet treng å få kvile ut.
Kanskje har du det som desse dåpsborna har det? Du er hjelpelaus og har berre gråten som kan uttrykkje det som du ber på.

Over deg i dag er det eit lysande ansikt som bøyer seg over deg. Det strekkjer seg to streke armar mot deg og vil hjelpe deg opp. Støtte deg vidare.
Det lyder ei himmelsk, guddommeleg røyst som vil fortelje deg kven dette er: «Dette er Son, han som eg elskar, i han har eg  mi glede. Høyr  han!»
Løft blikket på denne dagen. Dagen som er ei Guds gåve til oss alle. Det er ein som vil vise seg for deg, omtrent som når far eller mor kjem til senga der den vesle uttrykkjer at det er tid for stell og omtanke. Løft augo dine og sjå det som læresveinane fekk sjå:
«- då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus»

AMEN

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv