søndag 18. august 2013

Utvald til å bere frukt

13. s. i treeiningstida III. 18.08.2013
Salhus
Johs. 15,13-17

Det er stort å vere utvald. Få lov å representere noko. Ofte noko større enn seg sjølv. I desse dagar kjempar politiske parti for at du skal velje nettopp eit av dei. At du skal velje blått, raudt, gult eller grønt. Dei utvalde frå kvart parti skal til slutt representere deg eller ditt fylke i landets fremste forsamling, Stortinget, Nasjonalforsamlinga.
Andre kjempar for å få flagget på brystet når landslag skal veljast ut, eller å få aksle ei klubbdrakt på ei idrettsbane.
Den eller dei som på denne måten vert utvald kan innta sin posisjon fordi dei gjorde seg fortente til det. Dei skaffa seg tillit. Dei presterte så godt at det var uråd å la dei sitje att som tilskodarar.
I dag har vi vore vitne til ei utveljing som er fullstendig uavhengig av prestasjon eller forteneste. Tre småborn vart borne fram i kyrkja. Ingen av dei ana kva dei var med på. Kanskje har dei vore litt ekstra stressa dei siste dagane mens foreldre eller besteforeldre har ståka rundt dei for å lage til dåpsfest? Kanskje protesterte dei ørlite mot den uvande kvite dåpsdrakta? Men ingen av dei ana kva som hende.
Men dei vart valde ut. Av Gud sjølv. Og av foreldre som ville at det skulle vere slik. Av dykk som har fått med dykk det Jesus ein gong sa til alle foreldre, og som de sjølve også vart ein del av då de vart døypte. Jesus har sagt: «Lat småborna koma til meg.» Han har også sagt: «Guds rike høyrer slike til».
I dag seier Jesus til oss alle gjennom det som er tekstordet vi har fått å dele med alle som går til kyrkje i landet vårt: De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer.
Utvald til å bere frukt. Det skal vi snakke om i dag. Om at Jesus har vald oss ut til å bere frukt for han og for hans rike.
Å bere frukt er eit eige bibelsk begrep. Eit viktig begrep. Heile 24 gonger finn vi dette uttrykket i Bibelen. Det er ikkje tilfeldig, og det handlar om noko meir enn det epledyrkarane i Sogn eller morellplukkarane i Hardanger tenkjer på no utover hausten. Frukta det er snakk om, er noko som Bibelen sjølv definerer for oss. Andens frukt vert den gjerne omtala som, slik vi kan lese om det i Gal. 5,22 der Paulus utrykkjer det med desse orda:  Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.
Å bere frukt i bibelsk forstand – å bere frukt som Jesus har utvald oss til å bere, det er altså noko heilt konkret, og det handlar framfor alt om den edlaste av alle Andens frukter: Kjærleik.
I samband med at vi som er litt ekstra opptekne av det nynorske språket nettopp har feira 200-årsdagen til Ivar Aasen, las eg at for eit tid sidan vart det vakraste ordet i det nynorske språket kåra. Det ordet var «kjærleik»
Kjærleik. Eit vakkert ord. Ei edel frukt. Det som skal vere frukta av at vi kallar oss kristne. Det som skal vekse fram av at vi i dag har døypt tre nye menneske inn i den kristne kyrkje, lagt dei i Guds hender som slik vel dei ut til å representere han, til å spele på hans lag, til å bere frukt for Guds rike, kjærleikens rike frukter.
Det er ei forunderleg linje i alt dette. Dåpsborna sjølve er nettopp frukter av kjærleik. Av kjærleiken mellom dykk som er foreldre. Mann og kvinne fann saman i kjærleik, og borna er den aller fremste frukta av denne kjærleiken.
Ingen ting i dykkar liv vil nokon gong kome til å overstige den kjærleiken de har til desse små. De har allereie kjent på det gjennom dei månadene de har hatt den vesle i armane dykkar. Det vil berre vekse seg enno sterkare i tida framover. De er som foreldre utvalde til å syne kjærleik til borna dykkar. Det aller beste svaret på dette er det vi har sett i dag då de ved døypefonten la dei over i Guds hender.
Men kjærleik er enno meir enn forholdet foreldre-barn.
Kjærleik er ei frukt av det at vi er døypte til å høyre til hjå Gud.
Det å vite at Gud har elska oss høgare enn vi er i stand til å elske våre eigne born, det skapar eit svar hjå oss; eit svar til Gud. Svaret er meir kjærleik, også frå oss, retta mot Gud og utausa over våre medmenneske.
Utvald til å bere frukt.
På ein dag med fleire dåpsborn legg vi inn over dykk som er foreldre og fadrar til dåpsborna: Ta på alvor det ansvaret de har for å fremje ein god haust. Gud har først vald ut dykk gjennom dykkar eigen dåp til å vere hans fruktberande medarbeidarar. Dette skal de no ta vidare med dykk når vekstvilkåra for dåpsborna skal verte best mogleg. Frøet er sådd. No skal det odlast og dyrkast fram. No skal de hjelpe til så veksten kjem. Så frukta av Den Heilage Ande som verka gjennom dåpen kan vekse fram: Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.
Men vi er mange fleire enn dåpsfølgja her i kyrkja i dag.
Utveljinga til å vere Jesu Kristi fruktberarar er noko som angår oss alle. Det handlar om at det skal vekse kjærleik frå oss som enkeltmenneske. Kjærleiken skal berast i bognande fruktkorger frå dette kyrkjehus og denne kyrkjelyd. Den edlaste av alle Andens frukter. Viktigast av alt det Jesus talar om. Det som Jesus har lagt inn over oss i det doble kjærleiksbodet – det om å elske Gud og vår neste som oss sjølve.
- eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt seier Jesus i dag.
Tidlegare i gudstenesta las vi frå Apostelgjerningane om korleis apostlane valde ut dei første diakonane. Dei som skulle gjere teneste ved borda, for at læresveinane skulle få tid til å reise rundt og forkynne ordet, evangeliet om Jesus Kristus. (Apgj 6,1-7)
Denne forteljinga er fasinerande lesing som vi gjerne skulle hatt tid til å fordjupe oss i. Det handlar om at nokre vart utvalde til ei heilt spesiell og viktig teneste i den kristne kyrkja. Det var den tenesta som hadde ansvaret for å hjelpe dei svakaste. Gje mat til enkjer og familiar med særleg trong for omsorga frå kyrkjelyden.
Mange forventa at Jesu læresveinar skulle gjere både dette praktiske arbeidet, omsorgsarbeidet, samstundes som dei skulle fare rundt med vitnemålet i ord – forkynninga. Det var ikkje tid for dei til alt dette. Difor les vi om denne spesialiseringa av tenestene innan kyrkja. Nokre fekk ansvar for å forkynne. Andre for å stå for den praktiske omsorgstenesta.
Seinare har vi hatt denne oppdelinga i kyrkjeleg aktivitet. Seinare har diakonien – omsorgstenesta, kjærleikstenesta, hatt ein heilt spesiell funksjon i den kristne kyrkjelyden.

Eg har utvald dykk, seier Jesus i dag.
Det er stort å vere utvald. Få lov å representere noko. Det var orda eg innleia denne preika med.
Eg kjenner ikkje til nokon det er større å vere ein representant for enn Gud. Eg kjenner ingen som har representert Gud betre her i denne verda enn Jesus Kristus, hans eigen son. Om han står det at han har så stor kjærleik at han gjev livet sitt for venene sine.
I dag vil Jesus ha med deg med på sitt lag. Han minner oss på, gjennom det vi i dag var vitne til ved døypefonten, at ein dag vart kvar av oss iførte ei snøkvit klubbdrakt som gjorde oss til likeverdige medspelarar.

Kanskje har vi gjennom livet som så langt er levd, flekka drakta til? Men Jesus reinsar oss i så fall på nytt og på nytt. For han vil at vi skal vere på hans lag, og bere fram dette som laget vårt, kyrkja vår, har som oppgåve å få fram i lag: Andens gode frukter. Dei som varer. Og fremst av dette er kjærleiken.
AMEN.

Bloggarkiv