tirsdag 16. januar 2024

Gratis

3. s. i openberringstida. II. 21.01.2024
Johs. 4,4-26
Gulen kyrkje – Mjømna kyrkje

Det er gratis!
Betre salstrick finst ikkje. I alle fall ikkje om det faktisk er alvorleg meint. Gratis!

Tenk om straumen vår var gratis? Eller bensinen. Eller maten. Eller flyreisene.
Vi kan ikkje førestille oss det. I alle fall ikkje midt i ei dyrtid. Vi kan vanskeleg sjå for oss at eit samfunn kan fungere utan at saker og ting, varer og tenester, må kjøpast og seljast. Dei kallar det for «markedet» i massemedia. Det må fungere. Der er ingen ting gratis.

Men altså – i dag kom du til kyrkje, og eg kan love deg – vi leverer det beste frå oss til deg i dag: Gratis!

Høyrde du orda vi las for litt sidan?: «Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
(Jes. 55,1)

Eller Jesu ord, som vi også las, sagt via ein engel, og skrive ned i Johs. opb. :
«Kom! Den som trøstar skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn som gåve.»

Det handlar om vatn i dag. Ikkje heilt det same vatnet som renn i røra til hus og verksemder her i Gulen. Det vi drikk av. Det vi vaskar oss i. Det som pøsar ned over oss i ein av dei mest nedbørrike kommunar i landet.

Men det handlar om vatn.

Jesus kallar det levande vatn. Og det er gratis. Det er ei gåve. Det utrettar uendeleg store ting.

I kyrka vår slår vi vanleg vatn i ei kanne, tømmer det i døypefonten, les Guds ord over vatnet, før vi auser det over eit barnehovud. Då er det ikkje vanleg vatn lenger. Då er det levande vatn. Himmelvatn. Vatn som reinsar. Som gjev nytt liv til eit barn som allereie fekk livet i gåve gjennom far og mor. 
Gjennom dåpsvatnet skjer ein ny fødsel. Ein åndeleg fødsel. Ein underets fødsel som opnar opp vegen til himmelen. Også dåpen er ei gåve. Heilt gratis.

I Bibelen handlar mykje om vatnet. Vi kan ikkje ta føre oss alt som kunne vore løfta fram. Men om att og om att kjem vi til passasjar der vatnet er eit hovudpoeng, gjerne med mykje djupare meining enn det ein først tenkjer, berre ved å lese orda som er trykt på bibelsidene.

På denne søndagen har vi landa i Johannesevangeliet, etter å ha vore innom profeten Jesaja og Johannes openberring, slik vi så vidt har stansa for.

Vi har høyrt om Jesu samtale med denne kvinna han møtte ved brønnen i byen Sykar.

Brønnen som vart kalla Jakobsbrønnen. Jakob frå GT. Barnebarnet til Abraham. Son til Isak. Bror til Esau.
Kvinna ved brønnen løfta fram Jakob då ho tok til å samtale med Jesus der ved brønnen.

Hugsar du Jakob fra GT?
Han hadde rota det til i livet sitt. Farens velsigning hadde han svindla til seg på broren Esau si bekostning. Han flykta frå ein hatefull bror og frå ei slekt han hadde svikta og lurt. Men han fann seg ein kvilstad der han sovna med ein stein til hovudpute. Og der fekk han den gode draumen. Draumen om himmelstigen der Guds englar steig opp og ned og der Gud Fader stod ved øvste trinn i stigen og talte gode ord til den svikefulle Jakob.  Jakob fekk ei himmelopenberring og eit møte med Gud der han sov i steinrøysa. Midt under si flukt frå den slekta han hadde gjort urett imot, møtte Gud han med sine veldige lovnader:

"Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du enn går, og føra deg tilbake til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg...." (1.Mos.28,15)

Utan at Jakob heilt var klar over kva som hende, kom Gud han i møte med sine nådige armar. Og heilt ufortent fekk han drikke av ei kjelde av nådevatn. Og det var først då han hadde drukke at han forstod kor tørst han hadde vore. Difor braut han også ut i undring då han vakna:

"Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!" (1.Mos.28,16)

Visste du at det var Herren som var her i kyrkja i dag? Du gjekk til kyrkje i dag utan nokon spesiell god grunn. Kan hende rett og slett fordi du vanlegvis gjer det når det er gudsteneste. Eller du kom fordi det var noko som dreiv deg hit; noko du ikkje heilt veit å setje ord på.  [Eller du kom til kyrkje i følgje med eit dåpsbarn.]
Men at du skulle møte Herren, var du kan hende ikkje heilt budd på.

Ho var heller ikkje budd på å møta Herren, samaritanarkvinna ved brønnen i Sykar. Ho med den rotete fortida og sine frynsete utskeiingar med menn. Ho hadde heilt sikkert eit dårleg rykte på seg blant andre der i Sykar. Difor gjekk ho til møteplassen, der folk vanlegvis treftest til ein liten triveleg prat medan dei henta opp vatn, på ei tid av døgnet då der var liten sjanse for å treffe alle desse med dei skeive blikk og dei underfundige kommentarane. Ingen av desse var heller ved brønnen. Men der var i staden Jesus.

Og det viste seg at det denne kvinna hadde lengta etter, og som ho hadde søkt hjå alle mennene ho hadde vore saman med, det var noko anna enn det vi kallar for livstørst.
Visst var ho tørst. Visst lengta ho etter liv. Men det var først når Jesus baud henne drikke av det levande vatnet at det gjekk opp for henne at ho hadde søkt å sløkkje tørsten sin i fullstendig feilaktige kjelder.

Det er dette vi skulle få augene våre opp for på denne søndagen, alle vi som tørstar.  
Har vi det slik inne i oss at vi kjenner at det skulle vore godt å møte Gud på ein slik måte at livet vart rikare, at lengsler vart fylte, så er kjelda vi kan drikka frå å finne her på denne møtestaden vi har funne fram til i dag; her i Guds hus.

Då Jakob vakna etter draumen om himmelstigen, og han hadde konstatert at Gud var på denne staden, sjølv om han ikkje visste det, så las vi at Jakob gav staden namnet Betel.
Det tyder Guds hus. No er vi i Guds hus på vår stad. Guds hus i vår bygd.
Betel. Møtestaden. Her er brønnen med det levande vatnet. Kjelda for nåde og for nytt og friskt liv.

Det er godt å vera prest i Gulen på ein slik dag, og få lov til å ause opp or denne kjelda til dykk som er her. Det er godt at eg sjølv får drikke av denne kjelda.

[Og bokstavleg tala skal vi ausa or nådekjelda i dag. Vi har allereie ausa levande vatn over eit barnehovud. Vaska barnet med nådevatn og gjort han rein for Guds rike og for eit liv i tru og teneste for han.]

Bokstavleg tala skal vi ause or ei anna nådekjelde i dag. Nattverdens vin. Jesu blod. Utrend til forlating for syndene dine. Og for syndene mine. Vi skal drikke. Meir enn levande vatn. Vi skal drikke dråpar av blod frå den levande og oppstadne Jesus Kristus.

Han som kjenner kvar og ein av oss. Han som kan seie meg alt eg har gjort, slik han sa det om den samaritanska kvinna; han vil trass i sin kjennskap til det vi helst ikkje vil skal verte kjend for våre næraste ein gong, møte tørstande sjeler som lengtar etter liv og nåde og etter vekking og endå meir liv; nettopp det vi treng i våre uttørka åndelege halsar.

I dag sit han ved brønnen. Han dreg sitt levande vatn opp or ei botnlaus kjelde. Ei kjelde som aldri tørkar inn.

Er du tørst?

Då er det berre ein ting som hjelper deg.
Drikk av det som vert bydd fram i dag. Det er Jesus sjølv som vartar opp.
Kjelda er full.
Og når vi er tørste, er det fordi vi ikkje har drukke nok.
Versågod! Drikk ut!
Alt er gratis.

AMEN


onsdag 6. september 2023

FULLKOMEN ??

15. s. i treeiningstida I. 10.09.23
Brekke bu- og omsorgsenter
Matt. 5, 38-48

Det er store ord vi møter på denne søndagen.
Jesus brukte store ord då han heldt Bergpreika, som vi nett har lese eit utsnitt av.

Vi las ord som på den eine sida er flotte og velformulerte. Ord vi hugsar. Ord som på mange måtar også er som ein definisjon på det mange vil seie er kyrkja sin grunnlov – ord om det å elske.

Men samstundes er desse orda så store at vi opplever det komplett uråd å følgje dei opp i praksis. Det er som om vi kan ta oss sjølve i å tenkje: «Meiner du dette på alvor, Jesus?»
«- eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og be for dei som mishandlar dykk og forfølgjer dykk.
 Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen.»

Eller endå sterkare ord som evangelieteksten i dag vart avslutta med: «Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.»

Går det verkeleg an å elske fiendar? Eller å leve og stå fram som fullkomne menneske?

Vi las evangeliet. Matteusevangeliet.
Vi las ord av Jesus frå hans bergpreike.
Og no spør vi: Kva er evangeliet?

Jau. Evangeliet er Guds kjærleik til oss menneske. Guds kjærleik som er slik at han ofrar seg sjølv for oss. Han gjev son sin i døden for di og mi synd. Det handlar om ein ufatteleg kjærleik. Han elskar på ein måte som vi nesten ikkje har ord for å uttrykkje. I vårt språk må vi ty til ordet ”elske”. Eit ord som ikkje rommar den djupna og den fylden som ligg i det at Gud elskar oss. Vi tenkjer på noko i retning av å ”føle godt om, like, vere glad i” når vi høyrer ordet elske. Eller vi brukar ordet i den erotiske tydinga. Alt dette er for slapt når vi skal snakke om å elske i bibelsk samanhang. Når det handlar om å elske slik Gud elskar. Gud elskar ved å gjere. Ved å handle. Han handlar i møte med dei som ikkje fortener. Dei som kjem til kort. Dei som ikkje er elskverdige. Slike som deg og meg. Han ventar ikkje å få noko att.

Evangeliet handlar om at Gud elskar. Det handlar om kjærleik. At vi skal elske slik Gud elskar.

Går det an?

I dag tenkjer eg at vi skal søkje svar på dette ved å vende oss til GT. Vanlegvis er det omvendt. At vi les ord i GT som må forståast i lys av NT.

Vi har i dag også lese ord frå den relativt ukjende profeten i GT som heiter Mika, og vi repeterer litt av det vi las der:
«- kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.» (Mika 6,8)

Dei fleste av oss er så gamle at vi enno har ei storhending for over 30 år sidan i minnet vårt. Då døydde kong Olav. Eg trur at mange hugsar dette. Vi ser kanskje for oss lysa på slottsplassen i Oslo? Kanskje hugsar vi den storslegne gravferda frå Oslo domkirke?
Men vi har truleg gløymt preika som biskop Andreas Aarflot heldt ved denne anledninga.

Biskopen brukte då den bibelteksten vi har lese frå profeten Mika i dag, som utgangspunkt for gravferdstalen over kong Olav. Talen kan framleis lesast  i ei bok som Aarflot har gjeve ut med preiker ved store anledningar i landet vårt.[1]
La meg sitere litt av biskopens ord; ord som framleis gjev djup meining:

«Med disse ord kommer Gud oss i møte på nådens regnbuebro. Når mennesket spør hva det kan bringe med seg fram for Herrens ansikt, svarer Gud ved å peke på det han selv har bragt med seg inn i vår verden: Rett, kjærlighet og tro. Helt siden han satte regnbuen i skyen, har han holdt sin pakt med menneskene, en gjensidig avtale om at rett, kjærlighet og tro skal råde. Gud krever ikke det umulige av noe menneske … Når vi vil bringe ham våre offer, viser han til hva han har ofret for oss. Han har gitt oss sin godhet og omsorg, og han spør etter det samme hos oss. Klarest lyser Guds nåde mot oss i Jesus Kristus.»

No er vi her i Brekke. Visst nok den våtaste bygda i landet. Men i sommar har vi sett at det ikkje berre er i Brekke det kan regne. Regnet har flomma og vinden har blese på og over oss alle. Slik sett er det ikkje gjort skilnad frå Han som styrer med vêr og vind på nokon av oss som bur på kvar vår side av dei høge fjella i landet vårt.

På same måten er det med Guds kjærleik til oss alle. Han elskar oss. Han vil renne over oss sol og regn, nåde og tilgjeving. Han vil puste på oss med sin Ande, slik han let vinden blåse.  Han vil ikkje plukke ut eit menneske som ein eller ei som er meir fortent til hans kjærleik og godleik enn andre.

Slik er Guds nåde mot oss. Ufortent. Utan grenser.

Slik skal vi vere mot dei vi ferdast mellom til dagleg ,seier Jesus.
Han seier altså at vi til og med skal vere fullkomne.

Men, som vi alt har vore inne på: Det er umogleg å leve fullkome.
Men eg vil ikkje trekkje eit komma frå det som Jesus sjølv har sagt. Når det står at vi skal vere fullkomne, så skal det få lov å stå. Så skal den lista liggje der som ei utfordring for deg og meg og alle i hans kyrkjelyd å strekkje seg mot. Og di mindre vi snakkar om å vere fullkomne, for så i staden å gjere det som er godt og rett mot våre medmenneske, til og med mot våre fiendar, di nærare kjem vi i praksis det målet som er å vere fullkomen.

Lat meg sitere enno nokre linjer av det biskop Aarflot sa ved kong Olavs båre: «Hvor kan jeg finne livets mening? Hvordan er jeg beredt til å møte Gud? Hva skal jeg ha med når jeg tre fram for Herren?
Hører du svaret som Gud gir deg i dag? Han venter at du skal gjøre det som er rett, vise trofast kjærlighet, og vandre ydmykt med din Gud. I det siste, avgjørende møte med Gud er vi alle like»

Difor: Di meir nær vi med våre liv lever i teneste og etterfølging av Han som verkeleg var fullkomen, di meir vil det strøyme over oss av Guds nådige regn. Di meir vil vi kjenne hans oppreising og tilgjeving. Di klårare vil evangeliets sol skine for oss, den sola som er speilbiletet av Gud sjølv som sende Jesus Kristus til soning for alle våre synder.

AMEN





[1] Andreas Aarflot: En tro som bærer. s. 66


fredag 18. august 2023

Søk først Guds rike

 

12. s. i treeiningstida. 20.08.2023
Brekke kyrkje
Matt.6,24-34

No er det sommar. Men la oss ta eit steg tilbake og tenkje på det som var då det var vinter. Vi ser for oss nokre born som leikar i snøen. Det var våt og kram snø, og dei laga seg ein snøball som dei tok til å trilla rundt og rundt på bakken.

Då veit vi alle kva som skjer. Snøballen veks. Og for borna som leika, hende det som vi ikkje har vanskeleg for å førestille oss: Den vesle snøballen som dei starta med, vart etter kvart så stor at dei ikkje greidde å rikke han. 

Kan dette enkle biletet gje deg eit innblikk i korleis det ofte er med dine og mine suter? Med alt det vi går rundt og gneg på inne i oss. Mykje av det kan vere smått og ubetydeleg, men dersom vi får tumle rundt med det i våre sinn og i våre tankar lenge nok, så vert det til noko svært og digert og urikkande.

Slik er det veldig ofte med suter. Med bekymringar. Dei kan vekse seg så store at vi ikkje hanskast med dei lenger. Då vert dei til bører som kan bryte oss sund.

 I dag vil Jesus lære oss noko om våre suter. Om at dei skal vi gløyme og i staden lite på Gud.

Men lett er det neimen ikkje!
Det er ikkje så mange av oss som treng tenkje på kva vi skal ete eller kva vi skal kle oss med. Det var det Jesus snakka om i si Bergpreike. Og han snakka med så vakre ord at dei har rissa seg inn i språket vårt for all framtid:

Matt 6:26-29

Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?  Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si?  Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei.

Fuglane under himmelen. Liljene på marka. Dei er så vakre. Dei lever så fritt. Dei er utan vonde minne frå gårsdagen, dei har det dei treng i dag, og dei tenkjer ikkje på morgondagen.

Men morgondagen tenkjer Gud på! 

Slik var det du og eg skulle ha det. Vi som slepp å uroe oss for mat og klede, men som har skaffa oss så mange andre suter og sorger i staden for. Vi hugsar kor redde mange var då pandemien tak tak i oss. Vi høyrer dagleg om krig ikkje så langt unna. Vi synest straum og mat er altfor dyrt. Og vi tenkjer på avdraga vi skuldar banken for lånet, vi uroar oss for arbeidet vårt, vi har problem med helsa eller vi er redde for korleis det skal gå med borna våre der dei ferdast på kveldstid eller nattestid. Sutene står i kø. Og vi kan ikkje nekte for at i alle fall ein del av oss er veldig flinke til å gjere som borna som laga snøball: Vi tumlar rundt med dei til dei veks oss over hovudet; til vi kjem til det stadiet der dei ikkje er til å rikke. Vi går oss til slutt fast i våre eigne suter og sorger.

Og på legekontora veks køane av menneske som treng hjelp til å meistre kvardagen; til å leve med  angsten for morgondagen.

Jesus seier: Syt ikkje! Ver ikkje urolege for morgondagen.

Men er det berre å opne munnen på denne måte med ei formaning til å gløyme alt som er vanskeleg?Sjølvsagt måtte det vere herleg å kunne leggja av all angst og uro for korleis det skal gå med oss vidare.

Men er det verkeleg mogeleg?

Er ikkje dette berre store ord av Jesus som ikkje passar inn i ein norsk kvardag, prega av oppjaga stress frå borna som går i barnehagen til overarbeida helsepersonell som strevar det dei kan for å gje best mogeleg omsut til den eldste generasjonen på sjukeheimen? 

Det er store ord av Jesus!
Samstundes er det ord med eit fabelaktig innhald og med ei veldig rekkevidde, om vi berre greidde å ta tak i kva det er Jesus vil ha sagt.

Jesu poeng er ikkje at nokon av oss skal la tilfeldige innfall og utfall styre vår framtid. Jesus vil ikkje at vi skal leve uansvarleg - at vi skal blåse i skulegang og utdanning eller at vi skal satse på at kjende eller ukjende skal gje oss pengar eller mat til livets opphald utan at vi sjølve treng å bry oss med arbeid og innsats. Jesus vil ikkje at eit menneske som vert ramma av sjukdom, skal vere så utan tankar på framtida at det ikkje oppsøkjer lege eller hoppar bukk over medisinar.

Ein slik livsstil kallar vi svermeri. Det har ikkje noko med kristendom å gjere. 

«Blir ikkje to sporvar selde for ein skilling? Og ikkje ein av dei fell til jorda utan at Far dykkar er der.  Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt. Så ver ikkje redde! De er meir verde enn mange sporvar.»
Slik talar Jesus ein annan stad i Matt; i kap.10,29-31
 

Ver ikkje redde! seier Jesus.
Syt ikkje for morgondagen! Morgondagen og dei dagane du og eg har fått, dei kviler Herrens hender. Der kan du og eg søkje ro og kvile.

For Gud bryr seg om oss. Slik han bryr seg om fuglane under himmelen og om liljene på marka. Ja, han bryr seg langt, langt meir om deg og meg enn han gjer om resten av skaparverket. Han kler blomster i vakker drakt og flotte fargar. Han gjev himlens fuglar eit luftig liv i fabelaktig fridom.

Slik, ja endå meir enn det, vil han kle deg med det som er godt og det som er vakkert. Slik, ja enda meir enn det, vil han gje deg fridom til å  leve livet ditt i glad teneste for han som er Herre  over  livet ditt, over morgondagen og over framtida, ja, også over døden når den ein gong kjem. 

Men eit vilkår set Jesus for at du og eg skal finne denne store fridom, denne gode kvile og ei framtid vi kan gå inn i utan sut. Jesus seier:
"Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt.” 

Guds rike, og hans rettferd. Dit styrer vi tankane våre på denne søndagen.

Eigentleg er det vi har tala om i dag, ein tale om å leve i samsvar med det første av dei ti boda: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”

Det handlar om å setje Gud først. Om å søkje Guds rike framfor mitt eige, framfor alt det viktige i mitt liv. Tekstordet vårt vart innleia med dei kjende orda om at det ikkje går an å tene både Gud og Mammon. Kan hende har dei aller fleste av våre suter og sorger si rot i nettopp det at vi alle saman er Mammons tenarar. Vi er så opphengde i pengar og eigedom og det som tilsynelatande set farge og glans på livet vårt, at det rett og slett ikkje er plass for Gud der. Vi har ikkje tid til, og rom for, Guds omsut. Då skal det ikkje mykje til før sutene vert som den vidgjetne snøballen. Dei veks oss over hovudet og vi maktar ikkje å rikke dei.

 Men det første bodet lyder altså: ”Du skal ikkje ha andre gudar enn meg”

Det betyr at Gud skal ha førsteplassen. Det betyr at Mammon og heile hans velde, skal vike for Gud i mitt hjarta og i mitt sinn. Gud skal vekse, i staden for sutene. Gud skal vere som snøballen. Han kan vi sleppe til i tankane våre. I bønene våre. I kvardagen vår. Også då kan det verte som med snøballen. Gud kan vekse seg så stor for oss at han ikkje er til å rikke.

Men Gud vert ikkje ei bør, slik sutene vert det. Gud er i staden den som ber!
Gud kan bere deg og meg gjennom kvardagar der motgang og otte for framtida ikkje får maktstele oss.

For det er ein lovnad knytt til det å først søkje Gud og hans rike; til å halde det første bodet:
”Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt.”

Det er veldig mange menneske som kan vitne om dette. Som kan fortelje korleis Gud gjev oss langt meir enn vi forstår å be om. Nøkkelen ligg i det å leggje seg til kvile i dei hendene som kan bere, i staden for at vi sjølve freista å bere det som har vakse oss over hovudet. Gud vil gje oss alt det andre attåt. 

I staden for sut og bekymring,  vil Gud gje oss det vi treng, ja meir enn det. Slik han pyntar liljene med form og farge og lukt så dei vert til noko av det vakraste vi kjenner, slik vil Gud ”pynte” livet ditt med godleik og velsigning.

Slik Gud mettar himmelens fuglar utan at dei treng korkje å hauste eller så, slik vil Gud mette deg og ditt liv med godleik og miskunn.

Ikkje ved å gjere livet ditt til eit lettvint og sorglaust liv, men ved at du får kjenne at han er ved sida di; at det er han som ber deg og ditt liv, i staden for at du må bere alt det som kan tårne seg opp når det skyar over.

 

 

torsdag 25. mai 2023

Då kom Jesus

 

Pinsedag I. 2023
Manger kyrkje
Joh 20, 19-23

Det er store ting vi møter i pinsa.
Likevel er desse tinga så vanskelege å forstå. Så vanskelege å sjå. Så uråd å måle opp. Håplaust, nesten, å ta tak i, halde i handa.

Ingen forstår det opphavlege. Det som var der då alt starta. Korleis vi vart til. Korleis menneska fekk liv. Vitskapen fortel om noko langt der i fortida ein stad. «Big Bang» kallast det. Kaos vart til orden. Liv oppstod. Og utvikla seg.

Men vi som har Bibelen i handa, les også om ei alternativ forklaring. Ikkje slik at Bibelens forklaring treng å setje ein strek over vitskapens teoriar. Likevel: Bibelen reknar med Gud. Bibelen nemner ein skapar, meir enn eit tilfeldig smell i det uendelege verdsrommet.
Eg trur ikkje at 1.Mosebok er ein journal over det som hende i opphavet. Men eg tenkjer at Bibelens første bok hjelper små menneske til å ane at bak det ufattelege som var skapt på eit eller anna vis, så er det ein som styrer det heile. Han styrde i opphavet. Han styrer òg i dag.

I dag, på pinsedag har vi lese om det som ein gong hende: «Då forma Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning.» (1.Mos 2,7)

Guds pust. Guds ande. Livspusten. Den som skaper.
Om Andens skaparkraft skal vi syngje før vi går frå kvarandre i denne pinsegudstenesta:

Alt skapes av den Ånd som daler,
alt virkes av den Ånd som taler,
den Ånd som skjenker lys og trøst
    (Nos 232, 4)

Ja, det er store ting vi møter i pinsa. Skaparkrafta som skapte liv og livspust i menneska. Guds pust. Guds ande. Livspusten.

Vi har så vidt smaka på orda frå skapinga i opphavet.
Og vi har lese vidare om krafta som skapte den første kyrkja. Som forma dei første kristne. Som manifesterte seg på læresveinane. Om underet i Jerusalem, femti dagar etter påske:
«Brått lét det frå himmelen som når ein sterk vind blæs, og lyden fylte heile huset dei sat i. … Då vart dei alle fylte av Den heilage ande og tok til å tala på andre språk etter som Anden gav dei å forkynna.» (Apgj 2,2+4)

Framfor alt er det denne forteljinga frå Apgj 2 som er forteljinga om pinsehendingane, og som definerer kva vi feirar i denne høgtida. Læresveinane vart fylte med Ande frå Gud. Den same ande og livspust som Gud bles i nasen på det første mennesket. Og dei stod fram, fylte av Ande og livskraft på pinsedagen. Or munnen til læresveinane flaut ord på framande språk. Ord som handla om det same, uansett glosar eller grammatikk: «-vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!» (Apgj.2,11)

Kjære kyrkjelyd!
Dette er pinse: Det er orda om Guds storverk på vårt eige tungemål. Pinse handlar om Guds storverk.

Difor er det så flott at vi no har denne forteljinga frå påska som vår evangelietekst og preiketekst på denne høgtidsdagen, 1. pinsedag.
Evangelisten Johannes formidlar pinsa som ein del av si påskeforteljing.

Pinseforteljinga i Apostelgjerningane er skriven av Lukas, han som skreiv evangeliet som ber namnet hans. Lukas skildrar korleis tusenvis av menneske var vitne til det som hende med læresveinane. Han skildrar eit forunderleg syn av eldtunger. Han fortel om ein stormande lyd, og ikkje minst, han skildrar språkunderet – at ulærde menn tala språk dei aldri hadde lært.

Men evangelistkollegaen Johannes viser oss at Gud også gjev oss sin heilage ande på ein anna måte.  Noko langt meir stillfarande. Meir beskjeden, så å seie.
Johannes knyter påskeforteljinga og pinseforteljinga saman til ein einskap.
Men også det Johannes vitnar om frå kvelden den første påskedagen er ein bit av det som vert omtala som Guds storverk.

Vi er tilbake til det alle største storverk som Gud gjorde etter at han hadde skapt jorda og det første mennesket.

Johannes tar oss med til dagen då frelsarverket som var nødvendig for å berge skaparverket frå fortapinga vart fullført.
Påskedagen, som starta i soloppgangen med kvinner ved den tomme grava som fekk høyre frå engelen at den krossfeste Jesus hadde stått opp, denne dagen gjekk mot kveld. Dei hadde samla seg, læresveinane. Dører var forsvarleg låste. Dei var redde. Dei forstod ikkje det som var fortalt dei. At han dei gravla, likevel var i live.

«Då kom Jesus»

Igjen seier eg: Kjære kyrkjelyd!
Dette er pinse: Det er orda om Guds storverk på vårt eige tungemål. Pinse handlar om Guds storverk.
Det største er dette: «Då kom Jesus»

Desse tre orda, fortalde om korleis den aller første dagen med ein oppstaden Jesus, levande mellom sine eigne, utvikla seg før det vart natt, er på mange måtar eit fortetta pinseevangelium i forlenginga av påska. «Då kom Jesus»

Ja - Jesus kom gjennom det som vart forkynt, også på pinsedag då folkemassane i Jerusalem fekk høyre om Guds storverk på deira eigne, ulike, tungemål.

Men Johannes knyter påskedagskvelden til pinse også på ein annan måte. For han fortel kva Jesus gjorde i dette første møte med sine næraste vener etter at han hadde kome inn til dei, gjennom dei stengde dørene.

Først helsa han dei med fred. Men så: «Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk» Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta i mot den heilage ande! …»

Jesus anda på dei, står det. Han pusta på dei - slik Herren Gud pusta livsande i nasen til det første menneske. Han gav dei sin Heilage ande. Det hende påskedag. Om kvelden.

Pinseunderet, femti dagar seinare, i Jerusalem, framfor tusenvis av utlendingar, var ei synleg manifestering av det som allereie var ei realitet: Dei tolv var utrusta med liv og kraft og Ande frå Jesus sjølv.

Allereie påskedagen gav han dei marsjordre: «Som Far har sendt meg, sender eg dykk»

Også det er pinse. Pinse er å gå ut i den krafta som kjem frå Anden. Pinse er å ta med seg krafta frå Gud og formidle den vidare i ord og i gjerningar. Pinse er å tale om dei store gjerningane som Gud står bak. Om skapinga og livgjevinga.
Om frelse og forsoning ved at vi trur på den krossfeste, men levande, Jesus som kom frå Gud for å vere nær oss. For å puste på oss. Gje oss livsande og kraft. For å gje oss fred og frelse.

Det er forunderleg og stort å oppleve det vi ser og høyrer frå lokalsamfunn her i vårt eige land at nett no før vi feirar pinse. Ordet om Jesus lyder med slik kraft at folk i store flokkar samlar seg i små bedehus, i større bedehus. Og flyttar så inn i idrettshallen på Lindesnes som rommar 1500 menneske, fordi dei vil høyre forkynt ordet om Jesus som ei kraft til liv og lækjedom.

På pinsedag i Jerusalem tala læresveinane på latin og arabisk og gresk og andre språk som den gongen var levande i landa rundt Middelhavet. Dei tala om Guds storverk.
Dei tala om Jesus. Dei tala om han som kom til dei gjennom stengde dører den første påskedagen, same dagen som han sleit seg laus or grava  der han hadde vore i døden.

Mellom påske og pinse i dette året har dei tala om den same Jesus på vanleg norsk der nede på Sørlandet. Mange har lytta. Mange har lagt livet sitt i Jesu hender.
Vi må våge å be om det same her på strilelandet. Be om at ordet må lyde kraftig og sant.
Ordet om den levande Jesus som vil gje oss fred. Som vil utruste med kraft. Som vil puste på oss med sin heilage ande. Ordet som skal vere til frelse for kvar og ein av oss.

Tør vi våge oss ut etter pinsegudstenesta og be Gud om dette?

Då kan kanskje ei overskrift i lokalavisene denne sommaren verte: «Då kom Jesus!»

AMEN

 

torsdag 2. mars 2023

Kampen for velsigning

 I . 05.03.2023

2.s.i fastetida. I. 5.mars 2023
Fauske kirke [Erdal 2003-Tveit 2005] 
Matt. 15, 21-28

Kyrie eleison.
Vi syng det ut på ulike melodiar. Nokre utan å tenkje over kva det tyder. Andre med djup innleving. Orda er ein del av vår gudsteneste. Av den faste liturgien som kjem att søndag etter søndag. Orda er greske. Dei einaste orda vi har på eit anna språk i det vi ber fram for Gud i gudstenesta. Men vi treng ikkje å uroe oss over at Gud ikkje skjønar gresk. Når til og med presten har greidd å lære seg litt av dette språket, så kan du vere trygg på at Gud ikkje treng tolk, korkje for å forstå eit bønerop på norsk eller på gresk. 

For Kyrie eleison er eit bønerop. Det var nettopp det ho ropa, den kanaaneiske kvinna vi har helsa på gjennom tekstordet på denne 2.s. i faste.

Kyrie eleison – Herre miskunna deg – tyder orda.
"Herre, du Davids sønn, miskunn deg over meg! – slik ropa kvinna frå Kanaan. Kyrie! 

Over alt der kristne samlast har vi teke med oss desse bønneorda inn i våre gudstenester, anten dei går føre seg i Noreg, i Sverige, i England eller i ei av pavens mange kyrkjer rundt om i verda.

Vi finn ikkje desse orda så mange stader i NT. Ein stad er nettopp i vår preiketekst. Her høyrer vi ropet frå den fortvila kvinna som bad for dotter si som var så ille plaga av ei vond ånd. I Luk.17,13 lyder ropet enno ein gong. Der er det fortvilte spedalske som ber i si naud, og i Matteus 9 og Matteus 20 møter vi blinde menneske som ber om miskunn og om nytt syn. 

Kyrie eleison – Det er ropet frå dei fortvila, frå dei hjelpelause, dei som kjenner trykket av sjukdom og vond lagnad.
Dette ropet får vi lov å ta i vår munn.

Og kanskje kan vi også gle oss over at Gud har høyrt ropet vårt. I alle fall har han gjort det mange gonger, om ikkje alltid, for mange av oss kjenner at Gud gav oss miskunn. Gud rekte ut handa. Gud kom oss til hjelp. 

I dag skal ropet repeterast. Vi ropar det ut her i Fauske kirke ved inngangen til fastetida. Vi ropar det ut med tanke på dei menneska som vert sett i fokus gjennom fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Dei som manglar det meste, ikkje minst vatn i kvardagen. Vatn til  drikke og til å vaske seg i.
Andre som treng hjelp frå Kirkens Nødhjelp er på flukt frå krigen i Ukraina. Eller dei frys og sørgjer i ruinane etter jordskjelvet i Tyrkia og Syria.
I kyrkjene våre, og i fasteaksjonen som konfirmantane seinare tek del i, ropar vi til Gud, høgt i kor: Kyrie Eleison.  
Ver med i ropet til Gud, på vegne av alle som lir naud: Kyrie eleison!
 

Det er fastetid. På 2.s. i faste handlar det om kamp. Kamp for å verte velsigna av
Gud. Vi har allereie nemnt den kanaaneiske kvinna sin kamp for at Jesus skulle gripe inn og fri den plaga dotter hennar frå vonde ånder.
 

Men vi las også om Jakobs kamp for å verte velsigna av Gud. "Jeg slipper deg ikke uten at du velsigner meg." Jakob gjekk inn i ein så reell og tett kamp med Gud for å få Guds velsigning at han rett og slett fekk skade på kroppen. Hofta hans vart slegen ut or ledd.
Dette var Jakobs utgangspunkt i kampen med Gud.

Det er eit ord til oss i dag også: Det nyttar å kjempe med Gud for å oppnå velsigning, det gode i livet.

For velsigninga har fleire sider. Velsigninga har ei materiell side. Det at Gud gjev oss helse, livsopphald, arbeid, slekt, eit godt liv; alt dette er uttrykk for velsigning frå Gud. Og alt dette er det lov å kjempe for. Ja, vi ser ofte korleis det nettopp har kosta kamp, strev og forsaking å oppleve materiell velsigning. Når ein så oppnår det, er det godt å kunne takke Gud for slike velsigningar. 

Men framfor alt er Guds velsigning ein åndeleg storleik. Det å oppnå at ein får kvile i Guds nåde, at ein kanskje får lov å tene han med bøn og arbeid, gjevarteneste og misjonsinnsats gjennom eit langt liv, og framfor alt at ein til slutt får fred med Gud og kan gå ut or dette livet med ei levande von om å få møte Gud ansikt til ansikt, det er den største velsigning vi kan oppnå som menneske her på jorda.

  "Jeg slipper deg ikke uten at du velsigner meg."

 Denne søndagen viser oss at vi kan ta tak i Gud. Jakob gjorde det. Den kanaaneiske kvinna gjorde det. Begge desse to, dei rett og slett kjempa med Gud for å få hans miskunn. For å oppnå hans velsigning.

 Eg vil i dag leggje vekta på dette at det nyttar å gå i nærkamp med Gud.
Det nyttar å gå tett inn på Jesus og leggje fram for han vår eiga naud. Vår uro. Det vi er redde for. Vi får jamvel rope til han på vegne av andre, slik dagens hovudperson gjorde det. Dotter hennar var ille plaga av ei vond ånd, kan vi lese.

Kva denne ånda eigentleg er, kunne vi sjølvsagt bruke tid til å fundere på. Det trur eg er lite fruktbart. Det står ingen ting om at Jesus dreiv ut den vonde ånda. Men at han gjorde jenta frisk:
"Kvinne, din tro er stor. Det skal bli som du vil." Og datteren ble frisk i samme stund.”

 Diverre er det slik i mange samanhangar at det frå talarstolar i kyrkjer og bedehus frå tid til annan vert framstilt som om livet som kristen er ein samanhangande dans på roser. At det berre er å falda hendene eller evnt. strekkje dei over hovudet og stemme i eit litt enkelt lovsongsvers, så fløymer velsigning og bønnesvar ned over ein.

Den som har levd som kristen ei stund veit at slik er det ikkje alltid.

Det er godt å vere kristen. Det er trygt å vere kristen.
Men det er ikkje alltid like lett å vere kristen.

Rett og slett fordi vi er menneske som ikkje forstår Guds tankar. Vi skjønar heller ikkje alltid korleis Jesus kunne handle slik han faktisk gjorde.

Kvifor var Jesus så uforskamma avvisande då denne kvinna ropa til han om miskunn for dotter si? Kvifor måtte ho finne seg i å verte samanlikna med ein hund?

Eg veit ikkje. For heller ikkje eg forstå alle sider ved Jesus.
Men eg ser at han let seg påverke. Eg ser at det nyttar å trygle og be. Det nyttar å kjempe.
Kanskje går det slik med oss som med Jakob? Han kjempa så hardt at han fekk skade på kroppen.

Heller ikkje det forstår eg fullt ut. Men det lærer meg i alle fall ein ting:

I ein slik kamp viser ikkje Gud seg som den allmektige og uovervinnelege som vi menneske ikkje har noko å stille opp mot. Det er ikkje den allmektige skaparen som tek fram kreftene sine i denne kampen. Det er derimot Gud som gjennom det at vi møter motstand, viser at han verkeleg er der. Vi har ikkje med luft og tomrom å gjere, men med ein reell og nærverande Gud som både kan gje oss skade på kroppen, men som i endå større grad ynskjer å gje oss av si rike velsigning. 

”- du har kjempet med Gud og mennesker og vunnet." Det var ordet Jakob fekk høyre etter kampen
mot Gud. Jakob hadde sigra til slutt. Han fekk det han kjempa for. Guds velsigning

Kvinne, din tro er stor. Det skal bli som du vil." Og datteren ble frisk i samme stund.”

Det var ordet kvinna vi samlar oss rundt fekk høyre. Ho fekk det ho kjempa og bad om. Ikkje berre for sin eigen del. Det viktige var at dottera som kvinna gjekk i forbøn for, ho fekk helse og lækjedom. 

Kyrie eleison! Herre, miskunne deg!

Eg er sikker på at dei fleste av oss har våre grunnar til å rope på Gud. Til å kjempe. Vi har noko vi ber om. Nokon vi ber for. Vi er urolege og redde for kva terror og krig kan gjere med jorda vår.

Vi ropar til Gud i dag.
Vi går inn i kampen. Vi set trua vår på prøve, og vi gjer det i tillit til at han som skjønar både gresk og norsk vil høyre, og at han i si tid vil svare.

Jeg vil med kvinnen fra Kanaans egne
rope i lengsel og aldri bli still
før du på bønnen til slutning må tegne:
Amen, ja amen, deg skje som du vil!

                                                              (NoS 158, v.5)

 AMEN


torsdag 1. desember 2022

Forventning

 

2. s. i adventstida. I - 04.12.2022.
Eidsvåg krk
Johs. 14,1-4

Kjære kyrkjefolk.
Heime hjå oss har vi to som lever og bur i lag fleire gonger snakka litt saman om ein trend som vert meir og meir tydeleg.

Folk som er yngre enn oss, og som år for år skaper sine eigne tradisjonar i førjulstida, ser ut til å ha dårleg tid fram mot jul. Det verkar som om dei ikkje kan vente til at det skal stå 23. eller 24. eller 25. desember på kalenderen. Det er full fres i juleaktivitetane ein månads tid før. Og så er ein kanskje ferdig med feiringa allereie i romjula.

Dette er relativt nytt, og det verkar å få ytterlegare fart på seg for kvart år som går.
Avisa Vårt Land kommenterte det på leiarplass i veka som gjekk. Der kom det fram noko om at kyrkja ikkje må avgrense folk si begeistring og iver etter å gå inn i ei kristen høgtid.  
Det er sjølvsagt rett.
Samstundes tenkjer eg at kyrkja så absolutt bør stå fram som ein korreksjon og ei motvekt til den umåtelege kommersialiseringa og forflatinga av den kristne høgtida som samtida vår klart og tydeleg er inne i. Når eit seriøst forlag i landet vårt marknadsfører Charles Dickens «A Christmas Carol» som verdens mest berømte juleforteljing, har dei gått glipp av noko. Noko som vi faktisk ser på som utgangspunktet for vår tidsrekning. Vi lever i året 2022 etter Kristi fødsel! Forlagsfolka har sikkert ein Bibel i sine hyller. Den mest kjend juleforteljinga finn dei i Lukasevangeliets 2. kapittel, om dei skulle vere i tvil.

Mange kristne er urolege for tida vi lever i. Urolege for framtida vi ser kome mot oss. Urolege for kyrkja sin plass i den framtida.

Men på denne adventssøndagen blir vi som finn vår plass i ei kyrkje, velsigna med ord frå Bibelen som er av dei dei aller beste orda frå Jesu eigen munn. Ord til alle som er urolege. Som er redde. Redde for framtida. Redde for kyrkja. Redde for sekulariseringa. Redde for verda si framtid. Redde for krig. Redde for klimakollaps.

Ordet frå Jesu eigen munn.  Sit deg godt til rette på stolen din no og ta det inn over deg. Gled deg over det som Jesus seier til oss:
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Vi ville så gjerne at alle dykk som tok tilflukt i dette kyrkjerommet på ein elles så hektisk og travel førjulssøndag nett no skulle få kjenne litt på det rolege. Det trygge. På dette uforklarlege og forventningsfulle som knyter seg til det å være nær Gud.
Vi vil så gjerne løfte dette fram til kvar einaste kyrkjegjest i dag. Ung eller gamal. Det er ord til oss alle. Ingen skal kjenne at dette er mynta på sidemannen. Dette er til meg. Til deg: Ordet frå Jesu eigen munn: «La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Det er veldig mange forventningar til desse dagane og vekene vi er inne i nett no. Eg er sikker på at noko av det vi har aller mest forventning til er eit ord på fire bokstavar: FRED!

Vi ser på det som hender i Ukraina. Vi vert fortvila når vi høyrer om snø og kuldegrader og mangel på straum midt i bomberegnet. Vi hugsar gamle historiebøker med uskarpe foto frå skyttargraver i same området for over 100 år sidan. No dukkar tilsvarande bilder opp på våre TV-skjermar. Vi kjenner på apati og hjelpeløyse. Mange er redde.
Snart er det jul. Då skal vi høyre eit ekko frå englane på Betlehemsmarkene: Dei som song om fred på jord.

Fred. Fred utan krig, Men også: Guds fred – den lengtar mange av oss etter.
Guds fred – den forkynner vi til dykk her i kyrkja. Guds fred den ber vi om, som det siste vi gjer i gudstenesta når presten lyser velsigninga: «Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!»

Treng vi freden meir i adventstida, enn vi gjer elles i året?
Kanskje ikkje. Men adventstida er ei veldig kontrastfylt tid. Vi syng julesongar, litt for tidleg kanskje, i desse dagane. Om fred på jord. Om han som kom med fred og håp til oss. Vi førestiller oss kanskje litt i overkant mykje idyll rundt heimekos, brennande lys og juleførebuingar. Idyllen er ikkje alltid innlysande om vi skal være ærlege. Dei hektiske kvardagane tek snarare pusten frå oss, enn dei roar pulsen ned.

Vi som steller med kyrkja og alt som skjer her i tida fram mot 24., 25. og 26. desember, vi har det hektisk vi også. Både med kyrkjelivet og i privatlivet.
Også for alle oss, er det difor balsam for sjelene våre å puste godt ut, for deretter å puste inn; puste inn anden som kviler over Jesu ord i dag: «La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Bibeltekstane som vi har lese denne søndagen, har i seg ei denne høgst verdifulle vinklinga. Ikkje berre evangelieordet. Men også det vi høyrde frå den gamle salmen vi har lese i lag. Det er ord med håp, ikkje minst for dei som lever i krigssona. Det er ord som er henta frå krigens vokabular:

Men Herrens øye hviler på dem som frykter ham og venter på hans miskunn,
så han kan fri dem fra døden og holde dem i live gjennom hungersnød.
Vår sjel venter på Herren; han er vår hjelp og vårt skjold.
(Ps. 33. 18-20)

Det er krevjande å forkynne slike ord når bombene fell.
Er dei trøystefulle, eller er dei ord om at håpløysa berre vil dra ut endå lenger?
Herren … er vår hjelp og vårt skjold.
Ja, eg trur på det. Men eg forstår godt om dei krigsramma også speidar fortvila etter dette skjoldet når dei gøymer seg ruinane.

Andre adventssøndagen kallar vi gjerne for forventningas adventssøndag.
Det kviler mykje forventing over oss i dag. Nokre av oss boblar kanskje over av dette. Så mykje forventning at vi risikerer å bli skuffa fordi vi ikkje maktar å oppfylle alt som ligg og blenkjer i denne glansen.

Kanskje er det difor godt om vi vil la oss justere av bibeltekstane til kva som er realistisk og rett å knyte for forventingar til. Då er det i alle fall eit bibelvers som har blitt lese som for meg flyttar fokus til det er trur er det verkeleg sentrale nett no. Det vi las frå GT, frå Salme 33,22: «La din miskunn være over oss, Herre! Det er deg vi venter på.»

Midt i vår lengt etter jul, ein lengt som vert forsterka av handelsstandens utspekulerte knep for å få opp forbruket; midt i våre rop etter ei rettferdig verd, også for dei fattige mellom oss; midt i våre bøner om at freden må senke seg, helst før julekvelden skal tone ut i «Deilig er jorden»; så ligg det forventningsfulle og fredfulle i det å skulle gjere seg klar til å møte Jesus.

Dert er han vi ventar på. Han som vil ta angsten og redselen bort frå hjarto våre. Han som kallar oss til tru. Han seier også i dag:
«- jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere. Og når jeg har gått og gjort i stand et sted for dere, vil jeg komme tilbake og ta dere til meg, så dere skal være der jeg er. 
Og dit jeg går, vet dere veien.»

Høyrer du den undertonen av forventning som slike ord frå Jesu munn kan skape?
Eg veit ikkje heilt kva for bilete du får for ditt indre auga når du les slikt, men sjølv ser eg Jesus for meg når han går rundt i det store huset med dei mange rom der Jesus steller til for kvar og ein av oss. Det som heiter Far hus. Eg fantaserer forventningsfullt rundt dette omtrent slik når eg innbiller meg at Jesus seier omtrent dette: 

- I eit av romma i min Fars hus skal Øystein bu! Lenger borte i gangen bur Arthur, Øysteins far. Det er over 40 år sidan faren flytta inn. Men ein dag skal dei på nytt få tid i lag, far og son. Uendeleg med tid. Og eg skal lage eit festbord, berre for dei to. Eller kanskje heller – for heile den store familien deira.
Slik trur eg Jesus tenkjer.

Så trur eg Jesu går inn i nokre andre korridorar. Der står det enno ledige rom. Han veit kven dei er reserverte for. Og eg trur at han sender bøner til sin Far om at dei som skal flytte inn der må finne vegen fram, at dei ikkje skal rote seg bort  på vegen gjennom livet slik at romma blir ståande tomme når den verkeleg store festen i Fars hus ein gong tek til, når det ikkje lenger er bruk for klokke og kalender; når tida på jorda er brukt opp og vi går inn i den store eva.

Slik vågar eg å tenkje for meg sjølv. Eg veit ikkje om eg tenkjer rett, men bileta i mitt indre av huset til Far let seg ikkje viske bort. Men vi legg slike fantasiar til side.

Uansett er det slik at på denne andre adventssøndagen, lar Jesus oss få høyre hans eigne håpefulle og trøystefulle ord. Ord som kallar oss til kvile. Til ro og til tru.
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Eg har invitert deg til å finne kvile i ein hektisk kvardag med aukande julestri, og på ein hektisk søndag i adventstida. Kvila ligg i desse vakre orda frå Jesu munn om det han nett no er i ferd må gjere. Han held på å gjere alt klart for å møte oss. Eit møte i Fars hus.
Eg har eit inderleg ynskje om at du allereie i dag, i dette kyrkjerommet kan få ei aning av at det er godt å vere i Fars hus. I Guds hus.

Eg inviterer deg til å teste forventninga di endå eit lite hakk. La deg utfordre til å tru, slik du sikker har gjort det før. Ta del når vi innbyr til nattverd i dag.
Nettopp då nærmar vi oss alle dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud. Nettopp her, ved nattverdbordet, tek trua over.
Jesus seier at det er ikkje noko å vere uroleg for.
«La ikke hjertet bli grepet av angst. Tro på Gud og tro på meg!»

Og om du kjenner på at du allereie kviler fast i trua på det vi har snakka om i dag, så kan du til slutt i dag, før vi går frå kyrkja, få leggje hjarta ditt og tilsvaret ditt i det fantastiske håpet som vi skal syngje om heilt til slutt, det som er sjølve framtidshåpet og målet for all vår forventning på denne andre søndagen i adventstida: «Ja, engang mine øyne skal se Kongen i hans prakt; …»

AMEN

 

fredag 9. september 2022

Ankerfeste

 

14.s. i treeiningstida. Vingardssøndagen. III. 11.09.2022
Eidsvåg krk
Matt.19,27-30

«Vi er et folk på vandring» song vi til innleiing i denne gudstenesta.

Vi har eit mål for livet vårt.
Det vesle dåpsbarnet vi har presentert her i kyrkja i dag kvilte i trygge, vaksne hender då vi høgtideleg bar han inn i prosesjon.
På denne dagen var målet ein heilag stad her i kyrkjerommet. Det var å lese dei heilage orda frå Bibelen, og det var å ause det vigsla dåpsvatnet over barnehovudet slik at fellesskapet med Kristus og med den verdensvide kyrkja vart etablert og konstituert.

Ei vandring har starta for den vesle guten vi døypte. Vandring mot eit mål. Vi håpar og trur at målet enno er langt unna. At mange år skal levast. Eit liv skal formast. Vaksne skal visa vegen, fram til guten er stor og forstandig nok til sjølv å velje, til sjølv å tenkje, til sjølv å ta ansvar for sitt eige liv.

For tre dagar sidan ebba eit langt og forstandig liv ut på eit slott i Skottland. Det mest berømte menneske på jorda sovna stille inn, i veldig høg alder. Ingen i vårt land kan i desse dagane unngå å høyre om dronninga, anten vi er rojalistar eller republikanarar.
Vi får tallause påminningar om det eventyrlege livet dronning Elisabeth har gjennomlevd. Eg skal gå veldig lett forbi det aller meste.
Men ein ting vil eg minne om, og dette vert veldig lett hoppa bukk over når pressa i desse dagane kan fylle alle plattformar med kongeleg stoff.
Kvar 1.juledag heldt Elisabeth ein kort tale til folket sitt på engelsk fjernsyn, BBC. Desse talane har ein fantastisk profil. Ingen prest i Church of England, som ho var overhovud for, kunne vore meir personleg og meir presis i å forkynne den kristne julebodskapen enn dronninga. Talane kan vi framleis sjå og lese på nettet.

I 2014 sa ho bl.a.: For me, the life of Jesus Christ, the Prince of Peace, whose birth we celebrate today, is an inspiration and an anchor in my life. A role-model of reconciliation and forgiveness, he stretched out his hands in love, acceptance and healing.
Heilt personleg seier ho altså om Jesus: «For meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, som vi i dag feirar fødselsdagen til, ein inspirasjon og eit anker i livet mitt. Ein rollemodell for forsoning og tilgjeving. Han retta ut hendene sine i kjærleik, anerkjenning og med lækjedom.»

Frå Bibelen har vi i dag lese ord av Paulus. Ord om eit mål han har i sikte ein stad der framme.

Han lengtar etter oppstoda frå dei døde: «-om eg berre kunne nå fram til oppstoda frå dei døde! Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus Jesus. Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus.» (Fil. 3,11-14)

Paulus var gripen av Jesus Kristus. Han såg fram mot målet, oppstoda, det å verte eitt med han.
Dronninga som døydde var også gripen av Jesus Kristus.
Ho har tala krystallklår om det ved mange anledningar, som f.eks då ho sa: «For meg er livet til Jesus Kristus, Fredsfyrsten, … ein inspirasjon og eit anker i livet mitt.»

Kjære alle dykk i Eidsvåg menighet:
Tenk om vi alle hadde eit ankerfeste for livet vårt. Eit anker som knytta oss fast til Jesus slik at målet var klårt for augo våre heile tida: Å nå fram til oppstoda og evig liv.

No kunne vi kanskje sagt amen, og lagt Bibelen til side.
Men då tek vi for lettvint på det vi les i evangeliet til oss på denne dagen.
For noko skal skje på vegen mot målet.

Kva var det vi song?

Vi er et folk på vandring.
I uro, bekymring og nød,
da søker vi styrke og stillhet,
og samles om vin og brød,

Uro, bekymring og nød.
Målet der framme er stort og lysande og innbydande.
Men vegen dit kan vere kanta med «uro, bekymring og nød.»
Den døde dronninga fekk smake sitt av alt slikt, midt i det ufattelege luksuslivet ho levde, kanskje avskjerma frå folket ho på sin måte tente. Men likevel vitnar ho for oss at ankerfestet hennar i det livet som no er over, var Jesus Kristus, Fredsfyrsten.

Også læresveinane til Jesus var urolege. Dei hadde forlate alt, seier Peter. Så mykje at til og med desse aller næraste venene til Jesus forventa å få noko att, noko som kunne bøte for det som Jesus sjølv omtalar som å «forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld»

Når eg ser utover denne forsamlinga som er i Eidsvåg ved inngangen til eit nytt haustsemester, når eg inkluderer meg sjølv og mine næraste, og spør om dette er ord som passar på oss, så vert eg forlegen.
«-forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Har nokon av oss gjort det for Jesu namn skuld?

Det finst nok menneske som vi i dag kan peike på at dei har forlate uendeleg mykje. Nettopp dette: «hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar»
Men dei som gjorde det er vel helst flyktningar. Frå Ukraina. Frå Syria. Frå land i Afrika der det mest kollapsar rundt det som er bygd opp. Det var krigen som tvinga dei til å forlate. Eller klimaet. Flommane. Tørken. Heten.
Det finst nok også kristne som er på flukt fordi dei trur på Jesus. I Kina, for eksempel.

Jesus vil at vi skal halde oppe motet på vandringa gjennom livet. Han lovar ikkje at vi, på vår veg mot målet vi håpar på for livet vårt, skal sleppe unna det å forlate. Det å forsake. Det å måtte seie nei til seg sjølv og det ein mest av alt lystar.

Men han fortel at ein gong skal vi få att i goder, mangedobbelt, for det vi måtte forsake.
Dette mangedoble ligg gøymt i det evige. I håpet i det som gjer at vi kan løfte hovudet i fortrøystning.

Juledag 1980 sa dronning Elisabeth til folket sitt i sin tale: «Vi veit at verda aldri kan verte fri for konflikt og smerte. Men jula viser oss alt som er håpefullt og godt i ei verd i endring. Den talar om verdiar og kvalitetar som er sanne og varige, og minner oss om at den verda vi ynskjer å sjå, berre kan kome frå godleiken i hjartet.»

Vi er på veg. Livet er sjølve vegen.
Det nyfødde livet vert bore dei første stega mot målet. Etter kvart flyttar vi våre eigne føter. Steg for steg. Kanskje får vi trong til å jage fram, strekkje hender mot målet, slik Paulus skriv om det.
Men om vi kan lære av dronninga, så skal vi sleppe å stresse. Vi skal kvile i dette at vi er festa til Kristus; til hans liv og gjerning.  Vi fekk ankeret festa til han i dåpen. Han vil føre oss fram. Kristus vil vere vår inspirasjon og vårt ankerfeste, slik han var det for henne som gjekk over målstreken for tre dagar sidan.

 

AMEN

Bloggarkiv